Eit utval resultat frå deltakarane i DigiLU

Gjennom prosjektperioden jobba prosjektdeltakarane med mange ulike digitale verktøy og undervisingsformer. Her har vi samla nokre av produkta som vart utvikla. Du lyt være overbærande med at desse resursane er laga for å fungere i ein anna kontekst enn denne.

Nicola Kristin Karcher har laga ein film i forbindelse med utprøving av Flipped classroom i DigiLU. Den vert brukt som del av eit didaktisk opplegg om «Snublestein» i undervising om Holocaust i samfunnsfag.

Dette er ein Powerpoint for bruk i omvent undervising for læring av langrennsteknikkar. Den er laga av kroppsøvingslærarane Steffen Tangen og Birgitte Nordahl Husebye. Den inneheld demonstrasjonvideoar og fila er difor nokså stor.

Musikklærarane ved HiØ Øystein Sverre WaremØystein Elle og Jon Sverre Thorstensen har gjort eit prosjekt der dei utforska ulike digitale verktøys verdi i musikkundervising. Denne Powerpointen framstår som ein dokumentasjon frå dette prosjektet.

Solena Diane Candice Pradayrol har jobba med escape room (Escape Game Lupin i Paris). Dette er eit ledd i ein digital læringsresurs for fransk II.

Solena arrangerte også ein teachmeet for fransklærarar. Oppsummeringa frå denne teachmeeten er gjort som ein padlet.

Marianne Andreassen har dokumentert kunst, hantverk og industri innafor keramikkfaget. Som ein del av DigiLU har ho gjort denne dokumentasjonen digitalt tilgjengeleg.

Andrew John Thomas sitt fag er KRLE. Han har våre ein ivrig produsent av ulike digitale resursar i dette faget. 

Andrew har også publisert ein forskingsartikkel om noko av arbeidet gjort i DigiLU.

Kunst og håndverkslærar Solveig Toft har laga mande instruksjonsvideoar. Her er eit eksempel:

Samfunnsfaglærarane Ronald Erwin Arno Nolet har i samarbeid med Stig Bjørshol frå USN skrive artikkelen Tanketrening for vår tid, publisert i Bedre skole nr. 1 2021.

Ei tverrfagleg gruppe frå pedagogikk og matematikk har gjort dette forskingsarbied på hybrid undervising

Hanne Eik Pilskog har jobba aktivt med å utvikle synkron nettundervising. Spesielt har ho jobba med bruk av mentimeter og bruk av teiknebrett i synkron nettundervising.

Lærarutdanneing ved HiØ har lenge køyrt det store tverrfaglege undervisingsopplegget Storyline. I år blei dette (som så mykje anna) gjort digitalt. Denne opplevinga er dokumentert av Virginia Lockhart-Pedersen.

 

Av Josef Thingnes
Publisert 13. apr. 2021 18:48 - Sist endret 3. juni 2024 13:43