Jamie vs. Nuggets - Restaurant and Food Processing

Fokus i dette opplegget er å lære om kylling som råvare og korleis handtere denne.

Kort beskrivelse

Fokus i dette opplegget er å lære om kylling som råvare og korleis handtere denne. I tillegg lærar elevane om kva som er sunt kosthald, slik at dei kan ta et bevisst val i høve til sitt eige kosthald (Se generell del av læreplanen - Det miljømedvitne mennesket). Elevane jobbar munnleg med diskusjonar og oppgåveløysing; slik får dei øving i dialog og samstundes lære å respektere at nokon kan vere usamd med dei (jfr. Prinsipper for opplæringa). Utover dette jobbar elevane med ordinnlæring og skriftlege ferdigheiter. Ein video der Jamie Oliver lærer elevar i England korleis dei kan lage sunne 'chicken nuggets' sjølve, er utgangspunktet for læringa.

Bilete kjøpt frå Dreamstime.

Kompetansemål

Engelsk

Muntlig kommunikasjon

  • vurdere og bruke egnede lytte- og talestrategier tilpasset formål og situasjon
  • forstå og bruke et bredt generelt ordforråd og et faglig ordforråd knyttet til eget utdanningsprogram
  • forstå hovedinnhold og detaljer i ulike typer muntlige tekster om allmenne emner og faglige emner knyttet til eget utdanningsprogram Skriftlig kommunikasjon
  • skrive ulike typer tekster med struktur og sammenheng, tilpasset formål og situasjon

Vg1 Restaurant og matfag

Råstoff og produksjon:

  • gjere greie for råvarer, mat og drikke som inngår i restaurant- og matfaga, næringsinnhald, eigenskapar og bruksområde
  • praktisere god produksjonshygiene, godt reinhald og personleg hygiene og gjere greie for kvifor dette er viktig for god produksjonsflyt.

Kosthald og livsstil:

  • drøfte samanhengen mellom kosthald, helse og livsstil, og korleis desse faktorane kan påverke folkehelsa Bransje, fag og miljø
  • forstå og bruke relevante faguttrykk som blir nytta i restaurant- og matbransjane

Læringsmål 

Eleven skal kunne:

  • lytte og forstå munnleg engelsk med ulike dialektar, slang og taletempo. - samtale og skrive om dei tema som videoen tek opp.
  • fortelje korleis ein lagar nuggets ut frå instruksjonen i videoen.
  • forklare korrekt handtering av kylling som råvare, og konsekvensar av feilbehandling av råvara.
  • forklare korleis kylling kan inngå i både sunt og usunt kosthald.
  • nytte fagutrykk relatert til kosthald, kylling og hygiene på engelsk

Refleksjon og vurdering

  • Før ein startar videoen, kan elevane t.d. tenkeskrive rundt det dei kan om kosthald og kylling som råvare. Alternativt kan elevane reflektere over kva type mat dei likar sjølve og etter å sett videoen, vurdere om dei har endra sitt syn på maten dei likar. Blir opplegget gjennomført med skriftlege svar på oppgåvene, kan desse vurderast formelt. Læraren kan også vurdere den munnlege aktiviteten og diskusjonane elevane har etter å sett videoen.
  • Som eigenvurdering kan elevane skrive eller fortelje om to ting dei har lært som var nytt/interessant/overraskande, ein ting dei visste frå før, og ein ting dei vil lære meir om. 

Ressurser

Vedlegg: 

Lenke:

Forberedelser

Læraren

  • sjekke at lenkja til videoen fungerer (sjå Ressursar)
  • ev. laste opp lenkja i læringsplattforma
  • laste opp eller kopiere opp  arbeidsark (sjå Ressursar)

Forberedelser

Tuning in:

  • Lærar og elevar samtalar i ca. 10 minutt om kva elevane har lært om hygiene og sunn mat, og kva dei sjølv likar å ete og om denne maten er sunn. Alternativt kan elevane tenkeskrive i 10 minutt og dele i klassen eller med ein medelev. 
  • Elevane ser ein YouTube-video frå programmet «Jamie’s Dream school – Jamie vs. nuggets» anten på skjerm i klasserommet, eller på PC’en sin med headset. Videoen varer 17 minutt (sjå Ressursar).
  • Når videoen er ferdig går lærar og elevar igjennom det videoen handla om for å sjå nærare på de som er uklart og ord og uttrykk som elevane treng hjelp med. Les gjennom oppgåvene.
  • Oppgåvene er tenkt som innleveringsoppgåver, men kan også brukast i munnlege diskusjonar i klassen. For elevar på lågare nivå, kan læraren plukke ut nokre spørsmål som eleven konsentrerer seg om. Elevar på eit høgare nivå vil kunne reflektere rundt det videoen handla om.

Oppfølging

Elevane kan t.d. gjere som elevane i videoen, undersøkje kva som er i chicken nuggets ein får kjøpt i butikken der dei bur og ev. lage eigne på kjøkkenet. Dei kan også samanlikne den kjøpte maten med den dei laga sjølv. Elles kan dette vere ein del av eit større undervisningsopplegg om sunn mat og helse. Kan også brukast på Helse og oppvekstfag i emne om kosthald.

Kommentarer

Opplegget har vore brukt i ein Vg1 Restaurant- og matfagklasse, med elevar med stor variasjon i engelskkunnskapar. Elevane jobba med oppgåvene skriftleg, der nokre elevar vart ferdige med oppgåvene i løpet av dei 45 minutta som var sett av. Andre elevar på lågare nivå vart ikkje ferdige. Nokre elevar såg videoen oppatt på PC’en mens dei jobba med oppgåvene. Kommentar frå lærar var at elevane også kunne følgje instruksane til Jamie og lage chicken nuggets ut frå dei.

Idé og utarbeidelse

Kristin Befring, Mo og Øyrane vgs., Førde Et FYR-opplegg utarbeidet i samarbeid med Fremmedspråksenteret. 

Publisert 13. des. 2018 13:03 - Sist endret 8. juni 2021 13:06