Reklametekst

Denne aktiviteten er ein variant av «Klagebrev» og «Produktomtale» (sjå «Skrive lengre tekstar»). Elevane lagar ein kort reklametekst for eit produkt eller ei oppfinning frå målspråkområda og finn på sine eigne slagord. Elevane jobbar i par eller mindre grupper.

Tidsbruk

45–60 minutt

Forslag til gjennomføring

  • Klassen bestemmer seg i fellesskap for ei rekkje produkt eller kjende oppfinningar frå målspråkområda.
  • Produkta eller oppfinningane kan til dømes vere knytte til reiser, kulturopplevingar, mat eller andre forbruksvarer.
  • Elevane får i oppgåve å skrive korte tekstar som presenterer produktet eller oppfinninga med eit tilhøyrande slagord.
  • Klassen presenterer reklamane sine for kvarandre.
Publisert 1. okt. 2020 08:36 - Sist endret 14. okt. 2020 10:22