Klagebrev

Elevane skriv eit klagebrev på eit produkt dei ikkje er fornøgde med. Elevane jobbar individuelt, i par eller i små grupper.

Tidsbruk

45–60 minutt

Forslag til gjennomføring 

  • Læraren forklarer oppgåva. Elevane har kjøpt eit produkt eller ei teneste som dei ikkje er fornøgde med, og bestemmer seg for å klage. Klassen kan i fellesskap lage ei liste på tavla over produkt og tenester frå målspråkområda som dei ønskjer å klage på, og forklare kvifor.
  • Produkta kan til dømes vere knytte til reiser, kultur, mat eller andre forbruks varer. • Klagebrevet som skal skrivast, må vere sakleg og grunngitt, og elevane må forklare kvifor dei ikkje er fornøgde.
  • Før aktiviteten startar, kan læraren og klassen idémyldre om relevante ord og uttrykk som passar til dei ulike produkta.
  • Klagebrevet kan vere formelt eller uformelt, til dømes forma som eit innlegg på nettsider eller sosiale medium.
  • Elevane kan seinare få i oppgåve å skrive svar på kvarandre sine klagar.
Publisert 1. okt. 2020 08:23 - Sist endret 14. okt. 2020 12:34