Produktomtale

Dette er ein variant av «Klagebrev» der elevane skriv ein omtale av eit produkt. Dette tipset opnar for å bruke produkt frå målspråkområda slik at elevane samtidig lærer nokre kulturelle aspekt. Tipset passar fint saman med «Klagebrev» og «Reklametekst». Elevane jobbar i par eller mindre grupper.

Tidsbruk

45–60 minutt

Forslag til gjennomføring 

  • Klassen bestemmer seg i fellesskap for ei rekkje produkt eller oppfinningar frå målspråkområda.
  • Produkta eller oppfinningane kan til dømes vere knytte til reiser, kulturopplevingar, mat eller andre forbruksvarer.
  • Deretter får dei i oppgåve å skrive ein kort omtale av oppfinninga/produktet og fortelje om dei likte henne/det, og om dei vil anbefale andre å kjøpe oppfinninga eller produktet.
  • Til slutt kan dei gi produktet eller oppfinninga ein karakter.
Publisert 1. okt. 2020 08:25 - Sist endret 14. nov. 2022 12:25