Pågående prosjekt

Språkdidaktikk

I dette prosjektet vil vi undersøke bruk av og haldningar til talemål i Østfold, og spesielt i ein skolekontekst. 

Talemålsparagrafen (avsn. 2 i §2-5) vil vera eit utgangspunkt for prosjektet.

Dialektane i Østfold er lite beskrive, og det er ikkje gjort språkdidaktiske studiar med talemål i Østfold som utgangspunkt. Prosjektet vil derfor kunne skaffe fram ny kunnskap innanfor både sosiolingvistikk og språkdidaktikk.

Prosjektet er ei forlenging av prosjektet Tidleg start med skriving på nynorsk og bokmål. Hovudspørsmålet i prosjekt Tidleg start, er kva skrivekompetanse elevar som har arbeidd med både nynorsk og bokmål på barnesteget, har oppnådd. Vi har sett på kompetansen slik han kjem til uttrykk i tekster på både bokmål og nynorsk. 

Arbeidet tar utgangspunkt primært i sosiolingvistisk teori, men også språkpsykologi, dialektologi og norskdidaktikk.

Deltakere

Publisert 14. juni 2018 22:40 - Sist endret 26. juli 2021 11:11