Faglige interesser
Eg er har jobba med matematisk modellering inna for fagområda genetikk, bioinformatikk og systembiologi. Eg har interesse for å lære meg å nytte dei kvantitative metodane til å sei noko fornuftig om skulen, lærarrolla og lærarutdanninga. I denne samanheng har eg eit prosjekt der eg vil sjå på effekten av valfag på ungdomsskulen på karkter-prestasjonar.
Eg er også interessert i å lære meg dei kvalitative metodane som er mykje brukt i skuleforsking. Eg har sjølv tatt studiet naturfagdidaktikk for lærarutdannarar ved UiO, der fokuset var på kvalitativ metode.
Undervisning
Eg underviser mest fysikk og humanbiologi men og noko kjemi, teknologi, astronomi, meteorologi, programmering, oppgåveskriving og naturfagdidaktikk på Barnehagelærarutdanninga (BLU) og Grunnskulelærarutdanninga (GLU).
Bakgrunn
Eg er tilsett ved naturfagseksjonen. Eg byrja ved Høgskolen i Østfold Hausten 2014 og har våre fast tilsett sidan våren 2016.
Eg har tidlegare jobba som gardsarbeidar, på Tusenfryd, som handlangar i byggfirma, på slaktehus, som seglinstruktør, som båtbyggar, som lærar (på barneskule, folkehøgskule og universitet), som forskar (i bioinformatikk og systembiologi), som støttekontakt og som friluftslivvegleiar. I tillegg har eg i eige firma drive med hage og skogsarbeid, tradisjonell trebåtbyggjing og i lag med kona mi drive Bed & Breakfast.
Priser
Førstepremie i luftgeværskyting på 17. mai i Vevring (nesten kvart år)