English version of this page

index.html

Om fakultetet

Fakultet for lærerutdanninger og språk har 215 tilsette og ca. 2 700 studentar, og ligg på studiestaden til høgskulen på Remmen utanfor Halden. Studieportefølja til fakultetet inneheld lærarprofesjonsutdanningar retta mot barnehage, grunnskule og vidaregåande skule, og i tillegg eit rikt utval av årsstudium, vidareutdanningar og masterstudium retta mot språkfag og lærarutdanningar. Fakultetet har det største tilbodet i landet av studium i engelsk, fransk, tysk og spansk, og har Nasjonalt senter for engelsk og framandspråk i opplæringa knytt til seg. Fakultetet er også ein pionér på profesjonsfagleg digital kompetanse i lærarutdanningane og har Nordens einaste mastertilbod knytt til dei minste borna i barnehagen.

Forskinga til fakultetet famnar breitt innafor språk og lærarutdanningar. Fagmiljøa til fakultetet representerer heile satsingsområdet til høgskulen Språk i opplæringa, og utgjer en vesentleg del av det tverrfaglege satsingsområdet Det digitale samfunnet.

Organisasjon mm

Her kan du lese meir om korleis fakultetet er organisert, om leiinga, styret og ulike råd og utval. Du finn óg møteplanen til fakultetet og anna nyttig informasjon.

Strategi 2023-2030 for Fakultet for lærarutdanningar og språk

Les strategien her