Organiseringa av FYR-arbeidet på skulane handlar ikkje berre om timeplanar og lærarressursar; det kan og handle om å tenke nytt om lokala på skulane. På Croftholmen vgs. har dei bygd eit auditorium inne i verkstadhallen.
På Croftholmen vgs. i Bamble har dei lang erfaring med yrkesretting av fellesfaga og samarbeid mellom programfag og fellesfag. Programfaglærar Knut Jørgen Røland har tatt initiativet til å få bygd eit mini-auditorium inne i verkstadhallen på TIP. Dette er både tenkt som ei moglegheit for teoriundervisning i programfaga og for fellesfaglærarane til ta på seg kjeledress og verneutstyr og bli ein del av det faglege miljøet på verkstaden. Det at du er i verkstaden åpnar til dømes for yrkesretting av engelskfaget ved at ein bruker engelske manualar og beskriv arbeidsoperasjonar og verkty på engelsk.
På biletet: Engelsklærar Camilla Sørensen saman med elevar i auditoriet i verkstadhallen på Croftholmen vgs. i Bamble