Årshjul - eit verktøy for FYR-arbeid

Borgund vidaregåande skule i Ålesund har i mange år nytta årshjul for å planleggje skuleåret for programfaga, og dei siste tre åra har Helse- og oppvekstfag (HO) i tillegg nytta årshjulet til felles planlegging for fellesfag og programfag. Denne måten å arbeide saman på har blitt ein nyttig reiskap i FYR-arbeidet. Fleire av programområda vurderer å gjere det same som HO, og Bygg og anlegg har no starta planlegginga av årshjul, fortel Mette Sunde Kleive, teamleiar for HO.

Døma vist her syner korleis lærarane deler året inn i 7 periodar med kvar sitt felles tema. Dei ser på læreplanane i programfaga og fellesfaga og finn emne som det kan vere aktuelt å samarbeide om og ta opp i dei forskjellege faga. 

årshjul_periode4_borgund_vgsEngelsklærar på Borgund vgs., Ann Cathrin Hjelle, fortel at fokusbegrep er viktig. Døme på slike fokusbegrep kan vere konfliktløysing, arbeidsmiljø, mental helse o.s.b., og det er programfaglærarane som finn desse og deler dei med fellesfaglærarane. Fellesfaglærarane jobbar så systematisk med lærebøkene og med å finne ikkje berre andre aktuelle fagtekstar, men òg skjønnlitterære tekstar som dei kan relatere til den aktuelle perioden og fokusbegrepa. Ann Cathrin seier at det er slutt på den tida at dei fylgjer kronologien i læreboka, og at metodefridom er viktig for henne som engelsklærar.

årshjul_helsefagarbeidar_borgund_vgsBåde Ann Cathrin og Mette fortel at tilbakemeldingane frå lærarar og elevar så langt er positive. Denne måten å arbeide på har letta det å ha fokus på faguttrykk og begrep, og elevane melder tilbake at det er lettare å motivere seg når dei ser at det er ein fagleg samanheng mellom fellesfaga og programfaga. Fellesfaglærarane synest det er nyttig å få betre innblikk i programfaga. Leiinga legg til rette slik at fellesfaglærarane får vere mest mogleg på ei progamfagsavdeling. Dei deltek på team- og avdelingsmøte som har fokus på utviklingsarbeid og får og høve til å hospitere i bedrifter for å få større innsikt i korleis ei bedrift fungerer (sjå her for ein kort artikkel om ein engelsklærar som fekk hospitere hjå Toyota i Ålesund). Det er felles planleggingsdagar og ein eigen FYR-dag i byrjinga av skuleåret, og sist, men ikkje minst, så har fellesfag- og programfaglærarar felles kontor.

For klårare bilete og meir utfyllande tekst sjå presentasjonen (pdf) til Mette Sunde Kleive og Terese Aarsund Myklebust frå Borgund vgs. (vist på felles FYR-samling i 2013).

Å planlegge rundt eit årshjul har vist seg å vere ein god modell for meir tverrfagleg tenking, noko som er ein grunnidé i FYR-arbeidet. I fleire fylke, m.a. Finnmark, Møre og Romsdal, Hedmark og Oslo, arbeider dei med årshjul eller halvårshjul, og også andre fylke ser ut til å vurdere denne måten å planlegge på.

Framandspråksenteret vil gjerne ha tilsendt døme på årshjul frå andre skular og programområde og vil freiste å lage ein idébank om dette.

Publisert 13. des. 2018 13:06 - Sist endret 19. feb. 2020 10:25