Junge Muslime in Deutschland

Trinn: Nivå III. Tema: Menneske med minoritetsbakgrunn i dagens Tyskland. Tid: Ca. 9–10 timar

Kompetansemål

  • Formidle kunnskap om aktuelle samfunnsforhold, historie, geografi og religion i språkområda
  • Diskutere fleirkulturelle forhold i målspråkområdet, reflektere over kulturforskjellar og vise forståing i møte med andre kulturar
  • Formidle opplevingar knytte til estetikk og kulturformer og analysere innhald og form i litteratur, film, musikk, kunst og andre kulturformer
  • Bruke formålstenlege og varierte språkstrukturar og eit variert ordforråd både munnleg og skriftleg

Læringsmål

  • Eleven skal opparbeide seg eit breitt ordforråd innanfor temaet
  • Eleven skal i korte trekk tileigne seg kunnskap om stillinga til framandarbeidarane i Tyskland før og no
  • Eleven skal formidle munnleg og skriftleg korleis unge menneske med muslimsk bakgrunn taklar å ha ein fleirkulturell ståstad 
  • Eleven skal analysere ein film
  • Eleven skal presentere utarbeidd stoff med god uttale og intonasjon

Ressursar

Filmar

  • Kebab Connection (spelefilm)
  • Zwischen Rap und Ramadan. Junge Muslime in Freiburg (dokumentarfilm)

Internettsider

Vedlegg

Førebuingar

Læraren får tak i filmane (tilgjengelege på Goethe-instituttet).

Plan for opplegget

Sjå eige vedlegg – plan for opplegget Junge Muslime in Deutschland. Vedlegg 

Evaluering og vurdering

Formell vurdering via ei skriftleg oppgåve om temaet Junge Muslime in Deutschland eller via munnleg framføring/presentasjon av gruppearbeidet til Kebab Connection.

Oppfølging

Samfunnsmessige tema (religion, levestandard, populasjonsutvikling, ghettoproblematikk osv.) i samband med minoritetar i Tyskland.

Samanlikne tyske forhold med norske i større grad enn det er lagt opp til her.

Kommentarer

Ein kan sjølv velje om ein vil bruke heile eller delar av undervisningsopplegget Junge Muslime in Deutschland.

Oppgåvene til filmen Kebab Connection kan gjennomførast på ein fullverdig måte utan å bruke Google-dokument. Fordelen med Google- dokument er at arbeidet til elevane ligg på nettet og ikkje på PC-en til kvar enkelt elev. I tillegg kan alle elevane som er inviterte med (også læraren) på ei gruppe, skrive på dokumentet samtidig. Det er òg lett for læraren å følgje med på progresjonen i arbeidet.

Idé og utarbeidelse

Mona Gundersen, Molde vgs., © Fremmedspråksenteret

Publisert 11. feb. 2020 14:41 - Sist endret 8. feb. 2021 12:27