El Día de Muertos

Explicación en español

Trinn: Nivå III. Tema: Feiring av ”dei dødes dag” i Mexico – kultursjokk for måtehaldne nordmenn? Tid: 2–8 veker

Kort beskrivning

Feiring av og opphavet til dei dødes dag i Mexico –
Celebración y origen del Día de los Muertos en México
Bilde: © Tomas Castelazo, www.tomascastelazo.com / Wikimedia Common

Kompetansemål

Språklæring

  • bruke Internett og andre medium kritisk og bevisst som ledd i eiga språklæring
  • definere eigne læringsbehov, formulere mål, velje arbeidsmåtar og vurdere arbeidsprosess og produkt

Kommunikasjon

  • fortelje om, forklare og beskrive ulike emne munnleg
  • bruke Internett og digitale verktøy i kommunikasjon med morsmålsbrukarar og andre brukarar av språket
  • tilpasse språket til formelle og uformelle kommunikasjonssituasjonar • gi uttrykk for eigne synspunkt og tankar, opplevingar og kjensler munnleg og skriftleg

Språk, kultur og samfunn

  • formidle kunnskap om tradisjonar, skikkar og levemåtar i målspråkområdet
  • presentere eigne erfaringar frå kontakt med personar, organisasjonar eller miljø frå målspråkområdet.
  • diskutere fleirkulturelle forhold i målspråkområdet, reflektere over kulturforskjellar og vise forståing med andre kulturar 

Læringsmål

  • lese og setje seg inn i eit emne på spansk ved å bruke primær- og sekundærkjelder (primærkjelde: intervjue ein person frå Mexico)
  • tileigne seg og formidle kunnskap om bakgrunnen for og feiringa av dei dødes dag i Mexico
  • lage ein brosjyre, PowerPoint-presentasjon eller liknande for å informere nivå I og II-elevane og tilpasse språkbruken til tilhøyrarane
  • halde eit foredrag for nivå I-elevane på Vg2
  • erfare korleis dagen blir feira gjennom å delta i praktiske aktivitetar: lage hovudskallebrød, hovudskallemarsipan og anna godteri, lage/setje opp eit alter med rett tilbehøyr
  • skrive ein reflekterande tekst om si personlege oppfatning av feiringa 

Ressursar

Internettsider

Lærebøker

  • Más arriba (Damm forlag)
  • Mundos nuevos 2 (Aschehoug forlag)

Anna

  • Intervjue ein meksikanar (på Skype eller direkte) 

Førbuingar

Lærar

Finne fram tekstressursane eller tips til tekstressursar. Finne intervjuobjekt gjennom kontaktnett eller organisasjonar. Konkretisere kompetansemåla

Elevar

Setje seg inn i kompetansemåla og vere med i arbeidet med konkretiseringa. Setje seg mål for eigen læringsprosess 

Plan for opplegget

Lærarforedrag eller ein liten introduksjon som kan vekkje interesse og nysgjerrigheit. Her kan ein trekkje inn feiringa av allehelgensdag i Noreg, El Día de Todos los Santos i Spania og Halloween i USA.

1. time

Fordele grupper.

Elevar konkretiserer kompetansemåla

  • Diskutere kva som er ei god munnleg framstilling, og kva som er ein god skriftleg presentasjon
  • Utarbeide kriterium
  • Definere eigne læringsbehov
  • Velje arbeidsmåtar

2. time

Elevane set seg inn i fagstoffet. Samlar det dei ønskjer å bruke, søkjer eigne kjelder, også som heimearbeid.

3. time

Planleggje intervjuet, eventuelt gjennomføre det.

4. time

Lage ein presentasjon av intervjuet og det innsamla materialet. Presentasjonsform kan vere dramatisering, forelesing, Movie Maker eller ei anna form som elevane vel. Rettleiingssamtale med læraren.

5. time

Sluttføre det skriftlege arbeidet. Planleggje det praktiske arbeidet: fordele jobbar og ansvarsområde.

6. og 7. time

Øve på framføring og førebu det konkrete arbeidet: setje opp eit alter, bake, lage ting.

8. time

”Happening” for spanskelever nivå I og II, Vg1 og Vg2. Fortelje på spansk om dei dødes dag. Vise og forklare alteret. Referere, vise eller dramatisere intervjuet.

9. time

Etter framføringa (ikkje nødvendigvis timen etter):
Skriveøkt med refleksjonsdel om kva eleven har lært, og kva personlege tankar og kjensler eleven har om eit annleis kulturuttrykk.

Differensiering

Elevar kan ha ulike mål for prosjektet avhengig av meistringsnivå og interesser. 

Evaluering og vurdering

Opplegget gir rom for ulike typar vurderingar.

Formell vurdering

  1. Vurdering av den førebudde munnlege framstillinga (eige skjema med læringsmål)
  2. Vurdering av den skriftlege framstilinga (eige skjema med læringsmål, brosjyre, PP)
  3. Vurdering av skriftleg refleksjonsdel. Refleksjonar om arbeidsprosessen og emnet (sjå skriveøkt)

Uformell vurdering

  1. Rettleiingssamtale lærar–elev etter intervjuet
  2. Vurdering av skriftleg refleksjonsdel. Refleksjonar om arbeidsprosessen og emnet i etterkant
  3. Sjølvevaluering.

Eleven evaluerer måloppnåing: eigne læringsmål og kompetansemål. d) Evaluering av andre grupper. Vurdere andre elevar ut frå gitte vurderingskriterium (nokre få konkrete kriterium) 

Oppfølging

Undersøkje korleis Dei dødes dag/Allehelgensdag blir feira i andre delar av den spansktalande verda. Finne lokale variantar, likskapar og ulikskapar.
Beskrive kva forhold og reaksjonar nordmenn har til feiringa av dei dødes dag.

Kommentarer

Denne typen opplegg kan brukast når elevane arbeider med andre typar feiringar og ritual i det spanskspråklege området.

Idé og utarbeiding

Margrethe Heltzer Anderssen, © Fremmedspråksenteret

Publisert 7. feb. 2020 17:06 - Sist endret 21. jan. 2022 14:12