Búho o alondra (rutinas y preferencias)

Trinn: nivå II
Tema: kvardagsdemokrati
Tid: ca. to økter à 90 minutt 
 

Explicación en español 

Kort beskriving

Dette undervisningsopplegget engasjerer elevane i det tverrfaglege temaet demokrati og medborgarskap.

Sentralt i opplegget står input av språklege strukturar for å kunne uttrykkje meiningar og grunngi desse på spansk alt etter som ein reknar seg som A- eller B-menneske. 

Grammatisk sett får elevane høve til å øve seg på bruk av refleksive verb ved at dei må plassere det refleksive pronomenet på to ulike stader (før og etter verbet). 

Kompetansemål i LK20

  • lytte til og forstå tydeleg tale om personlege og fagleg relevante emne og aktuelle saker
  • utforska og gjera greie for mangfald, samfunnsforhold og historiske hendingar i område der språket snakkast, og sjå samanhengar med eigen bakgrunn
  • skriva ulike teksttypar om personlege og fagleg relevante emne, og uttrykkja og grunngi eigne meiningar, med og utan hjelpemiddel

Tverrfagleg tema

Demokrati og medborgarskap
I undervisningsforløpet bør det foreslåast varierte aktivitetar som samla sett kan bidra til at elevane lærer nokre grunnleggjande premissar for kvardagsdemokratisk fellesskap på spansk. 

Læringsmål

Elevane skal kunne

  • uttrykkje seg munnleg ved å bruke relevante verb og språklege strukturar knytte til temaet
  • bruke språklege strukturar og vokabular til å beskrive og argumentere for eigne preferansar knytte til temaet

Ressursar

  1. Audio (levantarse pronto o tarde)
  2. Audio_Texto 
  3. Gramática
  4. Descripción y argumentos

Førebuingar

Dele vedlegga frå Ressursar
Ta med Post-it-lappar 

Plan for opplegget

Lytteforståing

Før lytting

Læraren ber elevane om å lage ei liste med alle refleksive verb dei kjem på som dei knyter til temaet (A-/B-menneske).

Under lytting

Læraren speler av lydfila (ressurs nr. 1 – Audio). Læraren ber elevane om å markere på ei eiga liste dei verba som blir nemnde i lydfila. Kor mange har dei klart?

Etter lytting

Saman med elevane går læraren gjennom verba elevane har markert, og samanliknar med alle refleksive verb frå lydfila og andre verb som skal bøyast som refleksive verb. Bruk gjerne transkripsjonen til lydfila (ressurs nr. 2 – Audio Texto). 
Oppfordre no elevane til å arbeide vidare med bruk av refleksive verb som er relevante for temaet. Jobb gjerne med ressurs nr. 3 (Gramática). 

Munnleg produksjon

Diamantrangering

Først tek elevane individuelt stilling til om dei er A- eller B-menneske. Deretter blir dei oppfordra til å skrive dei ni setningane frå ressurs nr. 4 (Descripción y argumentos – Búho o Alondra) på Post-it-lappar og rangere desse setningane etter kor viktige dei er (sjå illustrasjonen nedanfor). Øvst plasserer dei det dei ser på som viktigast, og nedst det dei opplever som mindre viktig. 

Venn-diagram

Elevane jobbar parvis med å samanlikne preferansane sine frå førre oppgåve. Deretter presenterer dei resultata sine for nærmaste par i klasserommet. Bruk gjerne ressurs nr. 4 (Descripción y argumentos – Diagrama de Venn).

Kryss linja

Elevane stiller seg på ei tenkt linje som går midt gjennom heile klasserommet. Den eine sida står for «einig», den andre sida for «ueinig». Å bli ståande på linja svarer til «eg veit ikkje». 
Læraren ytrar nokre av påstandane frå Diamantrangering (ressurs nr. 4). Elevane tek stilling til kvar påstand ved å krysse linja eller ved å bli ståande. Læraren kan be ein elev frå kvar side om å grunngi valet sitt. Elevane kan mellom anna bruke argumenta frå ressurs nr. 4 Descripción y argumentos – Argumentos para levantarse pronto o tarde.

Rollerundar

Setting: I morgon, laurdag, er første feriedag og du er på besøk hos slektningen din som du ikkje ser så ofte. De fører ein diskusjon for å avtale tidspunkt og program for morgondagen.  
Rollene A-menneske og B-menneske blir jamt fordelt mellom elevane. Dei gjer seg kjente med eiga rolle (kjenneteikn + argument) og tek støttenotat. Elevane med same rolle dannar grupper og legg saman vidare strategiar for den munnlege deltakinga til eigen karakter i eit diskusjons-rollespel. Elevane kan bruke ressurs nr. 4 (Descripción y argumentos). Resultata frå gruppearbeidet blir presenterte i plenum, slik at alle har kjennskap til kjenneteikn og argument relatert til begge rollene.
Debatt: Elevane dannar par med begge rollene representerte, og speler karakterane sine i ein diskusjon med bakgrunn i settingen.  

Nyttige frasar

Estoy de acuerdo, pero …

Ese argumento no es bueno porque …

Pienso que no llevas razón cuando dices que ... porque ...

Yo creo que no …

Yo, por el contrario, pienso que ...

Yo no comparto tu punto de vista porque ...

Eso, en parte es verdad, pero …

Por una parte …, pero por otra …

Yo opino que es más importante ...

Kommentarar

Dette opplegget er ein av fire undervisningssekvensar knytte til det tverrfaglege temaet demokrati og medborgarskap. Dei fire områda vi har valt, er daglege rutinar, klassemiljø, idrett og fordommar og medbestemming. 

Opplegga kan gjennomførast uavhengig av rekkjefølgje og uavhengig av kvarandre.

Tipsene i opplegget er henta fra våre metodiske tips: Rollerundar, Kryss linja, Venn-diagram, Diamantrangering 
 

Idé og utarbeiding 

Solena Pradayrol, © Framandspråksenteret 

Publisert 13. mars 2023 13:54 - Sist endret 28. juni 2023 12:42