Skrivestafett

Dette er ein variant av «Trekkspelforteljing». Elevane samarbeider om å fortelje vidare på historiene til kvarandre. Elevane jobbar i par eller i mindre grupper.

Tidsbruk

30 minutt

Forslag til gjennomføring 

  • Elevane får 3–5 minutt til å begynne å skrive ei historie, gjerne ut frå eit gitt tema eller eit bilete. Etter at tida er ute, roterer historiene i ein stor sirkel rundt om i heile klassen til neste gruppe, som må lese dei og skrive vidare på historiene.
  • Slik held stafetten fram til historiene er komne heilt rundt og kvar historie er kommen tilbake til den gruppa som starta henne. Deretter kan historiene lesast opp i klassen.  
  • Aktiviteten kan òg gjennomførast som ein sprint der gruppene til dømes berre skriv éi setning kvar.

Tilpassing 

Dersom ein vil strukturere aktiviteten meir, kan ein fastsetje like mange kriterium som det er grupper. Lagar ein fem grupper, kan ein til dømes følgje denne framgangsmåten: opningssituasjon – utvikling – første vendepunkt – andre vendepunkt – avslutning.

Publisert 1. okt. 2020 10:55 - Sist endret 15. nov. 2022 02:21