Trekkspelforteljing

Hånd som holder et trekkspillbrettet arkElevane samarbeider i par eller i grupper på fire om å skrive annakvar setning i ei samanhengande forteljing på eit A4-ark som er bretta som eit trekkspel.

Tidsbruk

45–60 minutt

 

 

Forslag til gjennomføring 

  • Elevane arbeider saman i par eller grupper på fire. Kvart par / kvar gruppe får i oppgåve å brette eit A4-ark som eit trekkspel åtte gonger (kvar brett er ca. éin tommel brei). Det gir fem brettar som ein kan skrive på (sjå illustrasjonen nedanfor). Kvar brett i «trekkspelet» representerer éin del av ei forteljing som elevane skal skrive.
  • På den første bretten (som er synleg for heile klassen) skriv ein ein felles introduksjon, til dømes «Det var ein gong …».  
  • Deretter held den første eleven fram med å skrive forteljinga på brett nummer to med éi eller fleire heilsetningar. Kvar brett begynner med ein setningsstartar som eleven må innrette seg etter, og som læraren har skrive på tavla på førehand. Til dømes kan brett nummer to starte med «Ein dag …», brett nummer tre med «Brått», brett nummer fire med «Seinare» og brett nummer fem med «Til slutt».
  • Når elevane er ferdige med å skrive sin del, er det nestemann sin tur på neste brett. Det kvar elev skriv, er ikkje synleg for nestemann.
  • Slik held aktiviteten fram til dei åtte bretta er ferdigskrivne.
  • Til slutt kan arket brettast ut og tekstane lesast opp i klassen.

Tilpassing 

Det mest naturlege er at forteljinga blir ei «crazy» historie. På den måten kan ein be kvar gruppe om å skrive ei ny forteljing med alle elementa frå kvar brett på ein betre, samanhengande måte.

 
Publisert 29. sep. 2020 08:20 - Sist endret 14. okt. 2020 10:24