Grandma's Trifle

Kort beskriving

Dette opplegget skal elevane arbeide med lytteferdigheita gjennom å gjere nytte av ulike lyttestrategiar. Elevane får i oppgåve å lytte til ein tekst, i tillegg til å sjå videosnuttar som handlar om å lage den engelske desserten trifle. Oppgåva er fleirdelt, kor elevane får høve til å bruke ulike strategiar når dei skal lytte. Aktivitetane som vert beskrive her kan fint brukast aleine kvar for seg, eller dei kan inngå i eit større temaarbeid om, til dømes, mattradisjonar, festmat og feiringar i engelskspråklege land. Opplegget gir døme på førlyttingsaktivitet, lytting undervegs, og etteraktivitet.

Kompetansemål

Språklæring

  • bruke ulike situasjonar, arbeidsmåtar og læringsstrategiar for å utvikle eigne ferdigheiter i engelsk

Munnleg kommunikasjon

  • velje og bruke ulike lytte- og talestrategiar tilpassa føremålet
  • forstå og bruke eit generelt ordtilfang knytt til forskjellige emne
  • forstå hovudinnhald og detaljar i ulike typar munnlege tekstar om forskjellige emne
  • uttrykke og grunngje eiga meining om forskjellige emne

Kultur, samfunn og litteratur

  • drøfte levesett og omgangsformer i Storbritannia, USA, andre engelskspråklege land og Noreg

Læringsmål 

Elevane skal øve seg å bruke ulike typar lyttestrategiar, kunne fortelje detaljar frå ein lyttetekst, gjette innhaldet i ein videosnutt som ikkje har lyd, og finne svar på spørsmål som dukkar opp til lytteteksten og videosnutten. Elevane skal, i tillegg til å øve lyttestrategiar, tileigne seg kunnskap om mat-/festtradisjonar i engelskspråklege land.

Ressursar

  1. Lyttefil (kort video): Grandma’s Trifle (British Council)
  2. Føraktivitet: Matche bilete, ord og definisjon (pdf)
  3. Aktivitet undervegs: Lytte etter detaljar – skjema til eleven (pdf)
  4. Etteraktivitet: Text and scoring sheet – sjekkliste til forteljing (pdf)
  5. Videosnutt frå Friends, sesong 6, episode 9: The One Where Ross Got High (YouTube)

Førebuingar

Læraren

  • Finne fram lyttefila
  • Kopiere opp ressursark
  • Finne fram videosnutten frå Friends

Elevane

  • Evt. repetere det dei har arbeidd med rundt mattradisjonar, festmat og feiringar i engelskspråklege land – viss dette er del av eit større temaarbeid.

Plan for opplegget

Føraktivitet

Elevane får utdelt eit bilete av ein trifle, saman med eit sett bilete, ord og forklaringar (arbeidsark 1- sjå Ressursar). Desse orda førekjem i lytteteksten og kan vere gode å kjenne til før lyttinga tek til. Oppgåva blir da å kople kvart bilete med riktig ord og ordforklaring. Ideen til føraktivitet er henta frå British Council.

Aktivitet undervegs

Elevane får beskjed om å lytte etter detaljar. Kor mykje av teksten kan eleven hugse? Elevane som skal lytte, får utdelt eit tomt skjema, kor dei kan notere detaljar undervegs (arbeidsark 2 - sjå Ressursar). Elevane lyttar så til teksten to gonger, slik at dei får moglegheit til å notere ned detaljar dei ikkje fekk med seg i første runde.

Etteraktivitet

Etter lyttinga får elevane i oppgåve å fortelje framgangsmåten på denne desserten. Dei kan gjerne gjere det for kvarandre. For å sjekke kor mykje dei har fått med seg av oppskrifta og historia rundt, kan ein nytte eit skjema som læraren førebur på førehand (arbeidsark 3- sjå Ressursar). Elevane kan samarbeide parvis og fortelje for kvarandre etter tur. Den eleven som ikkje fortel, brukar skjemaet til å vurdere kor mykje medeleven greier å hugse.

Vidare arbeid

  1. Elevane får sjå videosnutten frå den amerikanske tv-serien Friends, kor éin av hovudpersonane, Rachel, set seg som mål å lage ein trifle. Først får dei sjå klippet utan lyd.
  2. Gruppevis diskuterer elevane og kjem fram til kva dei meiner skjer i klippet. Dette fortel dei om i plenum, kor ein lagar ei felles liste med stikkord for hovudhandlinga.
  3. Elevane får sjå videoklippet igjen – denne gongen også utan lyd. Har dei skifta meining rundt innhaldet?
  4. Den tredje gongen elevane ser klippet, får dei også tilgang til lyd. Dei diskuterer i kva grad dei har greidd å gjette handlinga i klippet før dei fekk tilgang til lyd, og dei justerer stikkorda sine i tråd med dette.
  5. I gruppene får dei så i oppgåve å kome fram til 4-5 relevante spørsmål som dei kan stille til videoklippet.
  6. Gruppene stiller spørsmåla sine til kvarandre, før dei ser klippet for siste gong.
  7. Kvar gruppe skal så kome fram til 2-3 spørsmål som er relevant til emnet, men som videoklippet ikkje gir svar på. Desse blir framført i plenum, og elevane får i oppgåve å finne svar på desse – anten som pararbeid eller individuelt.

Evaluering og vurdering

Lyttestrategiane som er presentert i dette opplegget kan fint bli brukt for å trene lytteferdigheita utan nødvendigvis å skulle vurdere elevane sine prestasjonar formelt. Om læraren ynskjer, kan sjølvsagt etterarbeidet (forteljinga) brukast som ein formell vurderingssituasjon, kor læraren er den som «høyrer» eleven og gir poengscore. Aktivitetane kan gjerne nyttast i si heilheit som eit undervisningsopplegg, dei kan inngå i eit større temaarbeid, eller dei kan brukast som enkeltståande lytteaktivitetar.

Kjelder

Utarbeiding

Renate Evjenth, Framandspråksenteret

 

Publisert 13. des. 2018 12:38 - Sist endret 5. okt. 2020 08:47