Prosjektansvarlig:
Beskrivelse
Kurset NF 103 Fysiske fenomen, astronomi og teknologi er eit 15-studiepoengsemne som er ein obligatorisk del av 60 studiepoeng naturfag for GLU 5-10. Dette kurset har svært høg strykprosent og opplevast som vanskeleg av studentane. Difor ynskjer vi å gjere nokre grep for å heve kvaliteten og samstundes heve fleksibiliteten på kurset.
Vårt mål er å gjere undervisinga meir studentaktiv. Ved hjelp av videosnuttar (5-15 min) for kvart tema i emnet vil vi senke terskelen for studentanes forarbeid. Dette skal i lag med andre omleggingar sikre at studenten jobbar jamt gjennom heile semesteret.