Sosialt arbeid - praksisopphold i Namibia (vår 2023)

Tora Tynnøl: Som framtidig sosionom har eg lært utroleg mykje om kulturforskjellar gjennom dette opphaldet. Å kome inn i engelsken var også ein fordel, da vi skulle ha 2 engelske emnar etter praksis på våren. Personleg vil eg alltid få noko ut av å reise å møte andre kulturar og normer, men det blir ekstra spesielt når du bur i eit land over lengre tid og ikkje berre er på ferie.

Eg studerer sosialt arbeid, og tenkte ganske tidleg att eg ville på utveksling i løpet av studiet. Heilt i starten av 4. semester, da fyrste praksisperiode var i ferd med å starte, reiste eg og 13 andre til Cape Town for ei lita veke ferie. Vi var ein god blanding av sosialt arbeid og barnevernpedagogs-studentar frå andre året og vernepleiestudentar frå tredje året. Deretter reiste vi vidare til Windhoek i Namibia for sjølve praksisperioden. 

Vi tok fly til Windhoek, vart henta på flyplassen og vart køyrd til gjestehuset, Kamatjona, der oss skulle bu dei neste 3 månadane. Gjestehuset låg heilt på austsida av Windhoek i ein svært rik bydel, medan eg jobba på heilt andre sida av byen i eit slumområde.

Gjestehuset

Kamatjona betyr «lil-bro» på Oshiwambo og var egd av to søskenbarn. Det var her vi vart anbefala å bu av vegleiaren vår i Namibia, som vi hadde ein del kontakt med før avreise når det gjaldt planlegging. Kamatjona ligg i Ludwigsdorf, som var eit område prega av ljose folk og velstand. Her var det relativt trygt i gatane og det var god standard på huset. Vi budde i enkelt, dobbelt eller trippelrom med felles kjøkken og hyller i spiskammers og kjøleskap slik at vi kunne lage mat. Det hendte også ofte at vi bestilte mat med «tap-a-meal» som likna på fodoora, eller åt ute da prisene var omtrent 3 gangar billigare enn i Noreg. Men om ein skal bestille eller ete ute, er det lurt å berekne får ein vart svolten, då dei opererte med Afrikansk tid. Gjestehuset hadde også eit stort basseng som vart hyppig brukt etter jobb, og fleire opphaldsrom og møterom inne til felles bruk. Det var eit par ledige rom når opp flytta inn, så gjennom opphaldet vårt budde det også nokon andre der over eit par veker, men det var i utgangspunktet berre oss.

Praksis

Vi var fordelt på 2 praksisplassar som vi fekk ynskje oss på førehand. Ein barneheim og ein spesialskule. Eg og dei fleste andre var på barneheimen, der det budde ca. 80 barn frå 0 til litt over 20 år. Barneheimen låg i Katatura, eit slumområde prega av fattigdom. Eg jobba mest på dagen, så dei fleste av dei eldre ungane var på skula. I starten var oss litt i alle avdelingar for å bli kjend med plassen, etter eit par veker vart oss fordelt på avdelingane etter ynskje. Eg jobba da mest på ein spesialskule for barn med lese -og skrivevanskar som hadde vorte teken ut av normal skule. Der var det 10 barn i alderen 7 -12 år. Her fungerte eg litt som ein assistent for å avlaste læraren, i tillegg observerte eg åtferd og rutinar, og skreiv rapport da det var eit ganske nytt prosjekt dei hadde. Eg var også litt med dei minste ved behov, det ofte var ganske hektisk på morgonen der. Vi var på jobb frå kl. 8.00 til ca. 12.30/13.00. Kvar dag etter jobb skreiv vi eit lite refleksjonsnotat, om noko oss hadde lært eller som gjorde inntrykk og leverte til vegleiaren på slutten av veka. Oss fordjupa oss også i FASD (fatal alcohol spectrum disorder), da det var svært utbreidd blant ungane på barneheimen.

Fritid

Vi hadde mykje tid på ettermiddagen for å utforske byen. Det tok ca. 15 min med taxi for kome ned til sentrum. Oss tok alltid «Lefa», den namibiske Uber, då vanleg taxi berre er trygt for dei lokale. Vi gjekk aldri aleine, og haldt oss til hovudgatene. Der var det market, karaokebarar, museum og meir. Det var også tre store kjøpesenter i byen med stort utval av butikkar.

Kamatjona arrangerte fleire turar for å sjå meir av Namibia og nabolanda enn berre Windhoek. Fyrst var det Cape Town som var ein fin start for å bli kjent med resten av gruppa. Så var vi på safari i Etosha nasjonalpark heilt i nord. Der såg eg både nashorn, struts, sjiraff, sebra, sjakal, og mange andre dyr og fuglar. Turen til Swakopmund, kystbyen ved Namib-ørkenen, baud på aktivitetar med adrenalinkick. Det var alt frå å køyre firhjuling på ørkendynene til surfing i solnedgangen. Sossusvlei ligg i den sørlege delen av Namib-ørkenen, og her fekk vi verkeleg kjenne på å gå opp sanddynene i steikande sol og bu langt frå folk. Eg avslutta opphaldet i Namibia med ein rundtur frå Windhoek, til Victoriafallene i Zimbabwe og gjennom Botswana på vegen tilbake. Då fekk eg sett både elefantar, krokodiller og flodhestar òg. Victoriafallene hadde så mykje vatn som mogleg då det var på slutten av regntida, så det var som om det striregna når ein skulle sjå han. Denne turen var ikkje arrangert av Kamatjona, men eg og ei anna hang oss på ein gjeng tyske frivillige, og det var absolutt verdt det.

Utbytte

Som framtidig sosionom har eg lært utroleg mykje om kulturforskjellar gjennom dette opphaldet.  Eg hadde høyrt mykje forskjellig om praksisplassen og utbytte der på førehand, men du lærer mykje om å jobbe med barn med negativ åtferd, og å samarbeide med folk med heilt ulik bakgrunn enn deg. Det setter ting veldig i perspektiv. Å kome inn i engelsken var også ein fordel, da vi skulle ha 2 engelske emnar etter praksis på våren. Personleg vil eg alltid få noko ut av å reise å møte andre kulturar og normer, men det blir ekstra spesielt når du bur i eit land over lengre tid og ikkje berre er på ferie.

Eg anbefaler absolutt å dra til Namibia, det er eit fantastisk land.

 

Publisert 1. sep. 2023 12:30 - Sist endret 1. sep. 2023 12:31