Programmet tar ikke opp nye studenter

Studieplan for Norsk 1: 5.-10. trinn. Kompetanse for kvalitet (30 studiepoeng) (2023–2024)

Fakta om programmet

Studiepoeng:
30
Studiets varighet:
1 år
Undervisningsspråk:
Norsk, svensk eller dansk.
Studiested:
Halden, deltid.

Informasjon om studiet

Studiet er ei samlingsbasert vidareutdanning med tre 2–3 dagars samlingar kvart semester. Det er særleg retta inn mot 5.-10. årstrinn i grunnskolen. Studiet tar utgangspunkt i Kunnskapsdepartementets strategiplan Strategi for videreutdanning for lærere og skoleledere frem mot 2025. 

Norsk 1 for trinn 5–10 skal gi eit grunnleggande innsyn i norskfaget, i språklege, litterære og didaktiske tema. Studiet vil også bygge opp ein begynnande norsklæraridentitet hos studentane, både fagleg og fagdidaktisk.

Hva lærer du?

Studiets læringsutbytte

KUNNSKAP
Kandidaten

  • har brei innsikt i korleis elevar på 5.-10. trinn kan vidareutvikle skriveferdigheitene sine

  • har brei kunnskap om språket som system og språket i bruk

  • har brei kunnskap om relevante teoriar om skriving og skriveopplæring

  • har kunnskap om dei ulike funksjonane skriving kan ha for elevars utvikling og læring

  • har kunnskap om skrivestrategiar

  • har kunnskap om gjeldande normering av bokmål og nynorsk

  • har kunnskap om relevante teoriar om lesing og leseopplæring

  • har kunnskap om dei ulike funksjonane lesing kan ha for elevars utvikling og læring

  • har kunnskap om lesestrategiar

  • har kunnskap om kva som kjenneteiknar munnlege, skriftlege og samansette tekstar; fiksjonstekstar og sakprosatekstar i ulike sjangrar, og tekstar frå eldre og nyare medium

  • har kunnskap om relevante teoriar innan munnleg opplæring

  • har kunnskap om relevante litteraturteoretiske og litteraturdidaktiske omgrep og perspektiv

  • har kunnskap om barnelitteratur og nyare litteratur som vender seg mot vaksne lesarar

 

FERDIGHEITER
Kandidaten

  • kan analysere språket som system

  • kan legge til rette for at elevar får skrive sakprega tekstar og fiksjonstekstar av ulikt slag

  • kan rettleie elevar i ulike former for skriftleg argumentasjon og i variasjon i ordbruk og setningsoppbygging

  • kan bruke språk- og tekstkunnskap i arbeid med analyse, respons og vurdering av skriftlege elevtekstar

  • kan vurdere relevante undervisningsmetodar i skriveopplæring, skriftforming og grammatikk frå 5. til 10. trinn, både for elevar som skriv på bokmål og elevar som skriv på nynorsk

  • kan kartlegge og vurdere skriveferdigheiter, setje i verk relevante tiltak for tilpassa opplæring og oppdage lese- og skrivevanskar

  • kan nytte retoriske kunnskapar i arbeid med skriftlege tekstar

  • kan bruke læreplanen i faget til å formulere mål for norskopplæringa og relevante kriterium for vurdering

  • kan vurdere og bruke relevante undervisningsmetodar i leseopplæring frå 5. til 10. trinn, både for elevar med norsk som førstespråk og andrespråk

  • kan leggje til rette for og stimulere elevar til variert munnleg bruk av språket

  • kan leggje til rette for at elevar får lese eit breitt utval litteratur, også sakprega tekstar i tradisjonelle og moderne medium, at dei utviklar leselyst og gode lesestrategiar og blir stimulerte til vidare lesing

  • kan analysere, tolke og vurdere tekster og presentere litterære og litteraturteoretiske innsikter på varierte måtar

  • kan bruke varierte arbeidsmåtar for auka litteraturforståing og glede hos elevane

  • kan samtale om litteratur og tilpasse form og innhald i samtalen med omsyn til kjønn, alder, kunnskap og kulturell bakgrunn hos mottakarane


GENERELL KOMPETANSE

Kandidaten

  • kan formidle norskfaglege innsikter og tilpasse form og innhald til ulike målgrupper

  • er ein sikker munnleg språkbrukar og stø i skriftleg bokmål og nynorsk

  • kan nytte faglege kunnskapar til kritisk og konstruktiv refleksjon

  • kan arbeide med språk og tekst i fleirkulturelle klassemiljø

  • kan legge til rette for at arbeidet med språk og litteratur kan styrke identiteten til elevane og oppmode dei til aktiv deltaking i det offentlege liv

Opptak

Bestått lærerutdanning rettet mot skole iht. kap. 14 i forskrift til opplæringslova.

Det er krav om ansettelse i undervisningsstilling på mellom-/ungdomstrinnet i studietiden.

Oppbygging og gjennomføring

Studiets oppbygging og innhold

Studiet har to obligatoriske emne, kvart på 15 studiepoeng. Dei to emna har desse hovudområda:

Grammatikk, skriveopplæring og elevtekster:

  • Skriveopplæring og arbeid med elevtekster med vekt på 5.-10. trinn

  • Språket som system

  • Språknormering, bokmål og nynorsk

Barnelitteratur, leseopplæring og munnlegheit:

  • Litteraturteori, tekstteori og sjangerlære

  • Lesing og leseopplæring

  • Munnleg opplæring

Meir detaljert beskriving av innhaldet i emna går fram av emnebeskrivingane.

Undervisnings-, lærings- og vurderingsformer

Undervisnings- og læringsformer

Studiet er samlingsbasert med tre samlingar kvart semester. Det blir lagt vekt på at studentane skal møte varierte arbeidsformer som f.eks. forelesingar, didaktisk refleksjon, faglege diskusjonar, gruppearbeid, individuelt arbeid og arbeid med obligatoriske arbeidskrav. Innhaldet i emnet bygger på anerkjent forskingsbasert kunnskap.

Det blir også lagt vekt på at studentane skal ha ei utforskande tilnærming til faget og undervisninga i faget. Studentanes arbeid på eigen skole vil opne for verdifull fagleg og didaktisk refleksjon knytt til både kunnskapsmål, ferdigheitsmål og generell kompetanse i norskfaget. Digitale verktøy og arbeidsformer inngår også som ein sentral del av norskstudiet, både for læring, rettleiing, samarbeid og dokumentasjon.

Vurderingsformer
Det er knytt obligatoriske oppgåver til kvart emne. Desse må vere godkjende før studenten kan framstille seg til eksamen i emnet.

Studiet legg opp til eit nært samarbeid mellom lærar og student der studentane gruppevis eller enkeltvis får tilbakemelding og rettleiing på eigne arbeid. For meir informasjon, sjå emnebeskrivingane.

Studiet har skriftleg eksamensform. Studentane blir prøvd i begge målformer. Det er ikkje høve til fritak frå prøving i ei av målformene. Eksamensform for dei enkelte emna kjem fram av emnebeskrivingane.
Karakterregel A-F blir brukt.

Plagiatkontroll/fusk
Alle skriftlege arbeidskrav og eksamensoppgåver kan bli plagiatkontrollerte. Plagiering og avskrift av faglitteratur og andre kjelder utan korrekt bruk av referansar, vil bli vurdert som forsøk på fusk. Sjå elles gjeldande Forskrift om eksamen, studierett og grader ved Høgskolen i Østfold.

Internasjonalisering

Gjennom studiet er det eit mål at studentane ser fag og fagdidaktikk med eit internasjonalt blikk, og i norskfaget er det særleg det nordiske perspektivet som er vektlagt. Mellom anna vil delar av pensumet vere på svensk og dansk. Dei ansvarlege fagpersonane i studiet har også erfaring og kontaktnett frå nordiske og internasjonale forskings- og utdanningsinstitusjonar.

Evaluering av studiet

For å kunne tilby ei aktuell og relevant utdanning med god kvalitet, er vi avhengig av tilbakemelding frå studentane. Evaluering blir gjennomført i samsvar med høgskulens kvalitetssystem. 

  • HiØ gjennomfører nettbaserte studentevalueringer

  • Prodekan utdanning og HiØ VIDERE følgjer opp evalueringsresultat saman med fagmiljøet slik at det blir lagt til rette for forbetring og utvikling av undervisnings- og læringskvalitet


I tillegg vil Utdanningsdirektoratet gjennomføre nasjonale deltakarundersøkingar.

Litteratur

Litteraturlister står i dei ulike emnebeskrivingane.

Jobb og videre studier

Norsk 1 for trinn 5.-10. er ei vidareutdanning som saman med vidareutdanninga Norsk 2 for 5.-10. gir ein fagleg kombinasjon på 60 studiepoeng som kvalifiserer til undervisning i norsk på 5.-10. trinn.

Studieplanen er godkjent og revidert

Studieplanen er godkjent

Dekan Kjersti Berggraf Jacobsen 18. desember 2020.

Studieplanen er revidert

Prodekan utdanning Kjersti Berggraf Jacobssen, 19. desember 2022.

Studieplanen gjelder for

Studieåret 2023–2024.

Studieprogramansvarlig

HiØ VIDERE.
Fakultet for lærerutdanninger og språk. Prodekan utdanning Kjersti Berggraf Jacobsen. 

Studiemodell

Høst 2023

Velg studieretning for å se emner

Vår 2024

Velg studieretning for å se emner

Sist hentet fra Felles Studentsystem (FS) 30. juni 2024 15:21:31