Hva lærer du? (2023–2024)
Studiets læringsutbytte
KUNNSKAP
Kandidaten
-
har brei innsikt i korleis elevar på 5.-10. trinn kan vidareutvikle skriveferdigheitene sine
-
har brei kunnskap om språket som system og språket i bruk
-
har brei kunnskap om relevante teoriar om skriving og skriveopplæring
-
har kunnskap om dei ulike funksjonane skriving kan ha for elevars utvikling og læring
-
har kunnskap om skrivestrategiar
-
har kunnskap om gjeldande normering av bokmål og nynorsk
-
har kunnskap om relevante teoriar om lesing og leseopplæring
-
har kunnskap om dei ulike funksjonane lesing kan ha for elevars utvikling og læring
-
har kunnskap om lesestrategiar
-
har kunnskap om kva som kjenneteiknar munnlege, skriftlege og samansette tekstar; fiksjonstekstar og sakprosatekstar i ulike sjangrar, og tekstar frå eldre og nyare medium
-
har kunnskap om relevante teoriar innan munnleg opplæring
-
har kunnskap om relevante litteraturteoretiske og litteraturdidaktiske omgrep og perspektiv
-
har kunnskap om barnelitteratur og nyare litteratur som vender seg mot vaksne lesarar
FERDIGHEITER
Kandidaten
-
kan analysere språket som system
-
kan legge til rette for at elevar får skrive sakprega tekstar og fiksjonstekstar av ulikt slag
-
kan rettleie elevar i ulike former for skriftleg argumentasjon og i variasjon i ordbruk og setningsoppbygging
-
kan bruke språk- og tekstkunnskap i arbeid med analyse, respons og vurdering av skriftlege elevtekstar
-
kan vurdere relevante undervisningsmetodar i skriveopplæring, skriftforming og grammatikk frå 5. til 10. trinn, både for elevar som skriv på bokmål og elevar som skriv på nynorsk
-
kan kartlegge og vurdere skriveferdigheiter, setje i verk relevante tiltak for tilpassa opplæring og oppdage lese- og skrivevanskar
-
kan nytte retoriske kunnskapar i arbeid med skriftlege tekstar
-
kan bruke læreplanen i faget til å formulere mål for norskopplæringa og relevante kriterium for vurdering
-
kan vurdere og bruke relevante undervisningsmetodar i leseopplæring frå 5. til 10. trinn, både for elevar med norsk som førstespråk og andrespråk
-
kan leggje til rette for og stimulere elevar til variert munnleg bruk av språket
-
kan leggje til rette for at elevar får lese eit breitt utval litteratur, også sakprega tekstar i tradisjonelle og moderne medium, at dei utviklar leselyst og gode lesestrategiar og blir stimulerte til vidare lesing
-
kan analysere, tolke og vurdere tekster og presentere litterære og litteraturteoretiske innsikter på varierte måtar
-
kan bruke varierte arbeidsmåtar for auka litteraturforståing og glede hos elevane
-
kan samtale om litteratur og tilpasse form og innhald i samtalen med omsyn til kjønn, alder, kunnskap og kulturell bakgrunn hos mottakarane
GENERELL KOMPETANSE
Kandidaten
-
kan formidle norskfaglege innsikter og tilpasse form og innhald til ulike målgrupper
-
er ein sikker munnleg språkbrukar og stø i skriftleg bokmål og nynorsk
-
kan nytte faglege kunnskapar til kritisk og konstruktiv refleksjon
-
kan arbeide med språk og tekst i fleirkulturelle klassemiljø
-
kan legge til rette for at arbeidet med språk og litteratur kan styrke identiteten til elevane og oppmode dei til aktiv deltaking i det offentlege liv