Programmet tar ikke opp nye studenter

Oppbygging og gjennomføring (2016–2017)

Studiets oppbygging og innhold

Studiet har to emne, kvart på 15 studiepoeng. Dei to emna har desse hovudområda:

Språkhistorie, språkdidaktikk og språkleg mangfald:

  • Fleirspråklegheit og norsk som andrespråk
  • Språkhistorie etter 1800
  • Språkendring og talemålsvariasjon
  • Sidemålsdidaktikk
  • Språk i Norden


Språk, litteratur og didaktikk:

  • Lesing og leseopplæring med vekt på ungdomstrinnet
  • Litteratur
  • Språk og tekst i ulike medium. Adapsjon.

Meir detaljert beskriving av innhaldet i emna går fram av emnebeskrivingane.

Organisering og læringsformer

Studiet er samlingsbasert med tre samlingar kvart semester. Det blir lagt vekt på at studentane skal møte varierte arbeidsformer som f.eks. forelesingar, didaktisk refleksjon, faglege diskusjonar, gruppearbeid, individuelt arbeid og arbeid med obligatorikse arbeidskrav.  Det blir også lagt vekt på at studentane skal ha ei utforskande tilnærming til faget og undervisninga i faget. Det er svært viktig at deltakarane på dette studiet tek med seg sine eigne erfaringar frå klasserommet og bruker desse i arbeidet med fagstoffet.

Undervisninga byggjer på oppdatert forskningsbasert kunnskap. Bruk av IKT er integrert i studiet. Fronter blir brukt som læringsplattform.

Evaluering av studiet

For å kunne tilby ei aktuell og relevant utdanning av god kvalitet, er vi avhengige av tilbakemeldinger fra studentene. Evaluering gjennomføres i henhold til høgskolens kvalitetssystem. I tillegg vil Utdanningsdirektoratet gjennomføre egne deltakerundersøkelser.

Tilbakemelding underveis

Studiet legg opp til eit nært samarbeid mellom lærar og student der studentane gruppevis eller enkeltvis får tilbakemeldingar på eige arbeid eller rettleiing knytt til arbeidskrav m.m. For meir informasjon, sjå emnebeskrivingane.

Vurdering

Obligatoriske arbeidskrav må vere godkjende før studenten kan framstille seg til eksamen i dei enkelte emna.

Studentane blir prøvd i begge målformer. Det er ikkje høve til fritak frå prøving i ei av målformene.

Det blir brukt bokstavkarakterar A-F, der A er beste og E dårlegaste beståtte karakter. Studentar som får karakteren F, har ikkje bestått. Studiet har både munnlege og skriftlege eksamensformer. Eksamensform for dei enkelte emna kjem fram av emnebeskrivingane.

Plagiatkontroll:
Alle skriftlige arbeidskrav og eksamensoppgaver kan plagiatkontrolleres. Plagiering og avskrift av faglitteratur og andre skriftlige arbeider uten korrekt bruk av referanser/kilder vil bli vurdert som forsøk på fusk. Se for øvrig Forskrift om eksamen og studierett ved Høgskolen i Østfold.

Litteratur

Litteraturlister for dei to emna på Norsk 2 kan finnast i dei ulike emnebeskrivingane.

Studiemodell

Høst 2016

Velg studieretning for å se emner

Vår 2017

Velg studieretning for å se emner

Sist hentet fra Felles Studentsystem (FS) 30. juni 2024 03:22:08