Programmet tar ikke opp nye studenter

Hva lærer du? (2016–2017)

Studiets læringsutbytte

Gjennom studiet Norsk 2 skal studentane få eit grundigare innsyn i norskfaget, og dei vil derfor også vere betre rusta for å arbeide som norsklærarar i grunnskolen. Studiet tek òg sikte på å utvikle ein norsklæraridentitet hos den einskilde studenten.

KUNNSKAP

Studenten

- har utvida innsikt i korleis elevar på ungdomssteget kan vidareutvikle skriveferdigheitene sine, både elevar med norsk som førstespråk og norsk som andrespråk
- har kunnskap om kva for funksjonar lesing og skriving har hatt og har i kulturen vår
- har utvida kunnskap om munnlege og skriftlege sjangrar i tradisjonelle medium og innsikt i korleis elevar frå 5. til 10. trinn utviklar kunnskap om desse og kan nytte dei i eige tekstarbeid
- har god innsikt i språklege endringsprosessar i fortid og samtid
- har god innsikt i talemålsvariasjonen i moderne norsk på historisk, dialektologisk og sosiolingvistisk grunnlag
- har kjennskap til språk som ungdom brukar
- har inngåande kunnskap om norsk språkhistorie etter 1800 og om gjeldande normering av bokmål og nynorsk
- har utvida innsikt i korleis gutar og jenter på ungdomssteget kan motiverast til lesing og vidareutvikle leseforståing og lesestrategiar, både elevar med norsk som førstespråk og norsk som andrespråk
- har kunnskap om kva som kjenneteiknar språkleg kommunikasjon i ulike medium
- har utvida kunnskap om munnlege og skriftlege sjangrar i moderne medium og innsikt i korleis elevar frå 5. til 10. trinn utviklar kunnskap om desse og kan bruke dei i eige tekstarbeid
- har kunnskap om ulike teoretiske perspektiv og retningar i arbeidet med å forstå litteratur
- har god litteraturhistorisk oversikt og kunnskap om sentrale verk i norsk fiksjonslitteratur og sakprosa og kjennskap til teoriar om samansette tekstar
- har kunnskap om kva som skjer når ein tekst vert overført frå eit medium til eit anna (adaptasjon)


FERDIGHEITER

Studenten

- kan rettleie elevar i ulike former for skriftleg argumentasjon
- kan setje i gang, rettleie og vurdere skriftleg og samansett tekstproduksjon hos elevar på ungdomssteget og grunngi karakterane ein set
- kan leggje til rette og gjennomføre undervisning i den målforma som er sidemål for elevane
- kan lese, analysere, tolke og vurdere samansette tekstar, sjå dei i eit historisk perspektiv og setje dei inn i ein større kulturell og offentleg samanheng
- kan bruke kunnskap om talemål og skriftspråksnormering i skriveopplæringa
- kan bruke læreplanen i faget til å formulere mål for norskopplæringa og relevante kriterium for vurdering
- kan setje i gang, rettleie og vurdere munnleg og samansett tekstproduksjon hos elevar på ungdomssteget og grunngi karakterane ein set
- kan lese, analysere, tolke og vurdere samansette tekstar, sjå dei i eit historisk perspektiv og setje dei inn i ein større kulturell og offentleg samanheng
- kan rettleie elevar i bruk av litteraturfagleg kjeldemateriale
- kan samanlikne tekstar skrivne for ungdom og vaksne med omsyn på innhald, form og funksjon
- kan setje sentrale norske tekstar og eit utval samiske tekstar (i omsetjing) inn i ein historisk samanheng og sjå dei i lys av nordisk og annan internasjonal litteratur


GENERELL KOMPETANSE

Studenten

- kan vurdere eigen praksis som norsklærar og og norskfaget generelt og grunngi vurderingane
- har innsikt i norskfaget basert på forsking og faghistorie og kan reflektere kritisk og konstruktivt ut frå slike perspektiv på faget
- kan rettleie elevar i arbeidet med tekstar slik at dei kan utvikle seg sjølve, skaffe seg kunnskap og førebu seg for aktiv deltaking i samfunnslivet
- kan sjå faget i eit større danningsperspektiv og undervisninga som ein del av opplæringa i eit aktivt deltakardemokrati

Sist hentet fra Felles Studentsystem (FS) 30. juni 2024 03:22:08