Programmet tar ikke opp nye studenter

Hva lærer du? (2013–2014)

Studiets læringsutbytte

Kunnskapar:

Studenten

- har inngåande kunnskap om barn si skriftspråklege utvikling

- har innsikt i leseopplæring i høve til historisk utvikling

- har inngåande kunnskap om teoriar om lesing og leseopplæring

- har innsikt i korleis ein kan møte utfordringar og utnytte mulegheiter ved leseopplæring i     ein fleirkulturell skole

- har inngåande kunnskap om ulike teksttypar og lesing som læringsstrategi

Ferdigheiter:

Studenten

- kan organisere og drive tilpassa leseopplæring på alle trinn etter fagleg grunngitte prinsipp

- kan vurdere og bruke relevante undervisningsmetodar i leseopplæringa for elevar med norsk som andrespråk

- kan leggje til rette for at elevar får lese eit breitt utval av litteratur, også sakprega tekstar i tradisjonelle og moderne medium, at dei utviklar leselyst og gode lesestrategiar og blir stimulerte til vidare lesing

- kan drive systematisk arbeid med lesing som læringsstrategi i ulike fag

- kan virke som ein ressurs i samarbeidet med andre lærarar om leseopplæringa ved eigen skole

Generell kompetanse:

Studenten

- kan vurdere eigen og andre sin praksis og grunngi vurderingane

- kan formidle kunnskap om leseopplæring munnleg og skriftleg

Sist hentet fra Felles Studentsystem (FS) 30. juni 2024 03:21:54