Studieplan for Norsk, årsstudium (2015–2016)

Fakta om programmet

Studiepoeng:
60
Studiets varighet:
1 år
Undervisningsspråk:
Norsk
Studiested:
Halden

Hva lærer du?

Studiets læringsutbytte

Norsk er eit kunnskaps- og danningsfag, eit estetisk fag, eit språkfag og eit praktisk profesjonsfag. Læringsutbytet i dei fire emna i studiet er knytt til fagleg kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse som er nødvendig for å kunne undervise i norskfaget på 5. - 10. trinn.

KUNNSKAP
Studenten
- har brei kunnskap om relevante teoriar om lesing og leseopplæring
- har kunnskap om dei ulike funksjonane lesing kan ha for elevars utvikling og læring
- har kunnskap om lesestrategiar
- har omfattande kunnskap om kva som kjenneteiknar munnlege, skriftlege og samansette tekstar; fiksjonstekstar og sakprosatekstar i ulike sjangrar, og tekstar frå eldre og nyare medium
- har god kunnskap om relevante teoriar innan munnleg opplæring
- kan nytte retorisk kunnskap i arbeid med munnlege og skriftlege tekstar
- kjenner til sentrale og relevante litteraturteoretiske og litteraturdidaktiske omgrep og perspektiv
- har inngåande kjennskap til ungdomslitteratur i ulike sjangrar og god forståing for korleis denne litteraturen har utvikla seg over tid
- har kunnskap om barnelitteratur og nyare litteratur som vender seg mot vaksne lesarar

- har brei kunnskap om relevante teoriar om skriving og skriveopplæring
- har kunnskap om dei ulike funksjonane skriving kan ha for elevars utvikling og læring
- har kunnskap om skrivestrategiar
- har brei kunnskap om språket som system og språket i bruk
- har innsikt i språkutvikling hos barn og unge som allereie har tileigna seg grunnleggande lese- og skriveferdigheiter
- har kunnskap om svensk, dansk og samisk og kjennskap til andre nordiske språk og nasjonale minoritetsspråk
- har kunnskap om fleirspråklegheit, fleirspråkleg praksis og om det å lære norsk som eit andrespråk

- har utvida innsikt i korleis elevar på ungdomssteget kan vidareutvikle skriveferdigheitene sine, både elevar med norsk som førstespråk og norsk som andrespråk
- har kunnskap om kva for funksjonar lesing og skriving har hatt og har i kulturen vår
- har utvida kunnskap om munnlege og skriftlege sjangrar i tradisjonelle medium og innsikt i korleis elevar frå 5. til 10. trinn utviklar kunnskap om desse og kan nytte dei i eige tekstarbeid
- har god innsikt i språklege endringsprosessar i fortid og samtid
- har god innsikt i talemålsvariasjonen i moderne norsk på historisk og dialektologisk grunnlag
- har kjennskap til språk som ungdom brukar
- har inngåande kunnskap om norsk språkhistorie etter 1800 og om gjeldande normering av bokmål og nynorsk

- kan vurdere norskfaget og eigen praksis som norsklærar og grunngi vurderingane
- har innsikt i norskfaget ut frå forsking og i høve til fagets historie og kan reflektere kritisk og konstruktivt ut frå slike perspektiv på faget
- kan rettleie elevar i arbeidet med tekstar slik at dei kan utvikle seg sjølve, skaffe seg kunnskap og førebu seg for aktiv deltaking i offentlege rom og samfunnet som eit heile
- kan sjå faget i eit større danningsperspektiv og undervisninga som ein del av opplæringa i eit aktivt deltakardemokrati

FERDIGHEITER
Studenten
- kan vurdere og bruke relevante undervisningsmetodar i leseopplæring frå 5. til 10. trinn, både for elevar med norsk som førstespråk og andrespråk, og for elevar med bokmål som hovudmål og elevar med nynorsk som hovudmål
- kan leggje til rette for og stimulere elevar til variert munnleg bruk av språket
- kan bruke språk- og tekstkunnskap i arbeid med analyse, respons og vurdering av munnlege og elevtekstar for å fremje læring
- kan leggje til rette for at elevar får lese eit breitt utval litteratur, også sakprega tekstar i tradisjonelle og moderne medium, at dei utviklar leselyst og gode lesestrategiar og blir stimulerte til vidare lesing
- kan analysere, tolke og vurdere tekstar og presentere litterære og litteraturteoretiske innsikter på varierte måtar
- kan bruke varierte estetiske arbeidsmåtar for auka litteraturforståing og glede hos elevane
- kan samtale om litteratur og tilpasse form og innhald i samtalen med omsyn til kjønn, alder, kunnskap og kulturell bakgrunn hos mottakarane
- kan ta i bruk ulike digitale verktøy i norskopplæringa, skape og vurdere digitale, samansette tekstar

- kan leggje til rette for at elevane får skrive sakprega tekstar og fiksjonstekstar av ulikt slag
- kan vurdere og bruke relevante undervisningsmetodar i skriveopplæring og skriftforming frå 5. til 10. trinn, både for elevar med norsk som førstespråk og andrespråk, og for elevar som skriv på bokmål og elevar som skriv på nynorsk
- kan bruke språk- og tekstkunnskap i arbeid med analyse, respons og vurdering av skriftlege elevtekstar for å fremje læring
- kan nytte retorisk kunnskap i arbeid med skriftlege tekstar
- kan kartleggje og vurdere lese- og skriveferdigheiter, setje i verk relevante tiltak for tilpassa opplæring og oppdage lese- og skrivevanskar
- kan leggje til rette for og stimulere elevar til variert munnleg bruk av språket

- kan rettleie elevar i ulike former for skriftleg argumentasjon
- kan setje i gang, rettleie og vurdere skriftleg og samansett tekstproduksjon hos elevar på ungdomssteget og grunngi karakterane ein set
- kan leggje til rette og gjennomføre undervisning i den målforma som er sidemål for elevane
- kan lese, analysere, tolke og vurdere samansette tekstar, sjå dei i eit historisk perspektiv og setje dei inn i ein større kulturell og offentleg samanheng
- kan bruke kunnskap om talemål og skriftspråksnormering i skriveopplæringa
- kan bruke læreplanen i faget til å formulere mål for norskopplæringa og relevante kriterium for vurdering

- kan setje i gang, rettleie og vurdere munnleg og samansett tekstproduksjon hos elevar på ungdomssteget og grunngi karakterane ein set
- kan lese, analysere, tolke og vurdere samansette tekstar, sjå dei i eit historisk perspektiv og setje dei inn i ein større kulturell og offentleg samanheng
- kan rettleie elevar i bruk av litteraturfagleg kjeldemateriale
- kan samanlikne tekstar skrivne for ungdom og vaksne med omsyn på innhald, form og funksjon
- kan setje sentrale norske tekstar og eit utval samiske tekstar (i omsetjing) inn i ein historisk samanheng og sjå dei i lys av nordisk og annan internasjonal litteratur
- kan bruke læreplanen i faget til å formulere mål for norskopplæringa og relevante kriterium for vurdering

GENERELL KOMPETANSE
Studenten
- er sikker munnleg språkbrukar og stø i skriftleg bokmål og nynorsk
- kan arbeide med språk og tekst i fleirkulturelle klassemiljø og utvikle språk- og kulturforståing
- kan formidle norskfaglege innsikter og tilpasse form og innhald til ulike målgrupper
- kan arbeide med språk og tekst i fleirkulturelle klassemiljø og utvikle ei kulturforståing som tar den fleirkulturelle røynda på alvor
- kan nytte fagleg kunnskap til kritisk og konstruktivt refleksjon
- kan arbeide sjølvstendig, og saman med andre, med elevars læring og utvikling i faget og på tvers av fag
- kan leggje til rette for at arbeidet med språk og litteratur kan styrke identiteten til elevane og oppmode dei til aktiv deltaking i det offentlege liv

- kan vurdere norskfaget og eigen praksis som norsklærar og grunngi vurderingane
- har innsikt i norskfaget ut frå forsking og i høve til fagets historie og kan reflektere kritisk og konstruktivt ut frå slike perspektiv på faget
- kan rettleie elevar i arbeidet med tekstar slik at dei kan utvikle seg sjølve, skaffe seg kunnskapar og førebu seg for aktiv deltaking i offentlege rom og samfunnet som eit heile
- kan sjå faget i eit større danningsperspektiv og undervisninga som ein del av opplæringa i eit aktivt deltakardemokrati

Opptak

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Oppbygging og gjennomføring

Studiets oppbygging og innhold

Studiet har fire emne, kvart på 15 studiepoeng. Dei fire emna har desse hovudområda:

Norsk 101 Arbeid med litteratur og munnleg opplæring:

  • Lesing og leseopplæring
  • Litteratur og litteraturdidaktikk
  • Munnleg opplæring


Norsk 102 Grammatikk, tekstteori og skriveopplæring:

  • Skriveopplæring og arbeid med elevtekster med vekt på 5. - 10. trinn
  • Språket som system
  • Språkutvikling
  • Språknormering, bokmål og nynorsk


Norsk 103 Språkhistorie, språkdidaktikk og språkleg mangfald:

  • Språkhistorie
  • Sidemålsdidaktikk
  • Lesing og skriving i historisk perspektiv, faghistorie
  • Språkendring og talemålsvariasjon
  • Fleirspråklegheit og norsk som andrespråk
  • Språk i Norden


Norsk 104 Språk, litteratur og didaktikk:

  • Lesing og leseopplæring med vekt på ungdomstrinnet
  • Litteratur og litteraturdidaktikk
  • Samansette tekster
  • Språk og tekst i ulike medium

Meir detaljert beskriving av innhaldet i dei fire emna går fram av emnebeskrivingane.

Organisering og læringsformer

Organisering
Studentane er organisert i basisgrupper.

Læringsformer
I studiet blir det lagt vekt på at studentane skal møte varierte arbeidsformer som f.eks. forelesingar, didaktisk refleksjon, faglege diskusjonar, gruppearbeid og individuelt arbeid. Det vil også bli lagt vekt på at studentane skal ha ei utforskande tilnærming til faget og undervisninga i faget. Undervisninga bygger på oppdatert forskningsbasert kunnskap. IKT er integrert i studiet. Fronter blir brukt som læringsplattform.

Sentrale områder
Sentrale områder som er integrert i undervisninga er fagdidaktikk, grunnleggande ferdigheiter, tilpassa opplæring, vurdering, flerkulturelle og samiske perspektiver.

Bibliotek
Biblioteket skal bidra til å auke studentane si evne til å søkje etter, finne, evaluere og bruke relevant fagleg informasjon. I tillegg til personleg service, kan studentane få bibliotekundervisning der målsettinga er at dei skal kunne søkje i norske informasjonskjelder, ha kjennskap til internasjonale databasar og kunne vurdere kvalitet på informasjon. Det er også tilbod om kurs i referanseteknikk.

Arbeidskrav
Det er obligatoriske arbeidskrav til kvart emne, som går fram av emnebeskrivingane. Desse arbeidskrava må vere godkjende for å framstille seg til eksamen.

Praksis

Det er ikkje obligatorisk praksis i studiet, men det vil bli lagt opp til alternativ praksis for studentane i nokre periodar i de ulike tema.

Forsknings- og utviklingsarbeid

Studentane arbeider med forsknings- og utviklingsarbeid knytt til ein semesteroppgåve, sjå emnebeskriving (emne 104) for meir informasjon.

Internasjonalisering

I studia ved Avdeling for lærarutdanning blir det lagt vekt på at studentane skal sjå fag og lærararbeid i eit internasjonalt perspektiv. Det inneber at det blir lagt til rette for kontakt med tilsvarande utdanningsinstitusjonar i andre land og for utveksling av lærarar og studentar som ønskjer å arbeide spesielt med internasjonale spørsmål knytt til utdanning og læring.

I norskfaget blir det lagt vekt på det nordiske perspektivet.

Evaluering av studiet

For å kunne tilby ei aktuell og relevant utdanning av god kvalitet er vi avhengig av at studentane gir tilbakemeldingar og at dei tar del i evaluering av studia.

Det enkelte fagmiljøet har ansvar for å etablere faste og allment kjende rutinar for evaluering på emnenivå (EVA 3). Sjå emnebeskrivingane for detaljar.

Tilbakemelding underveis

Studiet legg opp til samarbeid mellom lærarar og studentar gjennom at studentane gruppevis eller enkeltvis får tilbakemeldingar på eigne arbeid frå lærarar eller medstudentar. Sjå emnebeskrivingane for meir informasjon.

Vurdering

Obligatoriske arbeidskrav må vera godkjende før studenten kan framstille seg til eksamen i dei enkelte emna.

Studentane blir prøvd i begge målformer. Det er ikkje høve til fritak frå prøving i ei av målformene.

Det blir nytta bokstavkarakterar A-F, der A er beste og E dårlegaste beståtte karakter. Studentar som får karakteren F, har ikkje bestått. Studiet har både munnlege og skriftlege eksamensformer. Eksamensform for dei enkelte emna er beskrive i emnebeskrivingane.

Litteratur

Sjå emnebeskrivingane. Litteraturlister som er publisert for emne som ligg fram i tid, kan bli oppdaterte framfor kvart semester. Oppdaterte litteraturlister vil vere tilgjengelege i emnebeskrivingane ved semesterstart.

Jobb og videre studier

Studiet kan f.eks. inngå i eit utdanningsløp som blir avslutta med praktisk-pedagogisk utdanning. Norsk årsstudium fyller kompetansekravet som er bestemt for å kunne bli tilsett som lærar i norsk på 5. - 10. trinn i norsk skole.

Studieplanen er godkjent og revidert

Studieplanen er godkjent

Fungerende dekan Kjersti Berggraf Jacobsen, 1. juli 2011

Studieplanen er revidert

Studieleder Kjersti Berggraf Jacobsen, 12. desember 2014

Studieplanen gjelder for

Studieplanen gjeld for studieåret 2015-2016

Studieprogramansvarlig

Fakultet for lærerutdanninger og språk

Studiemodell

Sist hentet fra Felles Studentsystem (FS) 17. juli 2024 03:19:43