Studieplan for Norsk, årsstudium (2011–2012)

Fakta om programmet

Studiepoeng:
60
Studiets varighet:
1 år
Undervisningsspråk:
Norsk
Studiested:
Halden

Hva lærer du?

Studiets læringsutbytte

Norsk er eit kunnskaps- og danningsfag, eit estetisk fag, eit språkfag og eit praktisk profesjonsfag. Læringsutbytet i dei fire emna i studiet er knytt til faglege kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse som er nødvendig for å kunne undervise i norskfaget på 5. - 10. trinn.

Sjå emneplanane for nærmare beskriving av læringsutbyte.

Opptak

Generell studiekompetanse/realkompetanse.

Oppbygging og gjennomføring

Studiets oppbygging og innhold

Studiet har fire emne, kvart på 15 studiepoeng. Dei fire emna har desse hovudområda:

Norsk 101:

  • Lesing og leseopplæring
  • Litteratur og litteraturdidaktikk
  • Munnleg opplæring


Norsk 102:

  • Skriveopplæring og arbeid med elevtekster med vekt på 5. - 10. trinn
  • Språket som system
  • Språkutvikling
  • Språknormering, bokmål og nynorsk


Norsk 103:

  • Språkhistorie etter 1800
  • Sidemålsdidaktikk
  • Lesing og skriving i historisk perspektiv, faghistorie
  • Språkendring og talemålsvariasjon
  • Fleirspråklegheit og norsk som andrespråk
  • Språk i Norden


Norsk 104:

  • Lesing og leseopplæring med vekt på ungdomstrinnet
  • Litteratur og litteraturdidaktikk
  • Samansette tekster
  • Språk og tekst i ulike medium

Meir detaljert beskriving av innhaldet i dei fire emna går fram av emneplanane.

Organisering og læringsformer

Læringsformer
I studiet blir det lagt vekt på at studentane skal møte varierte arbeidsformer, som for eksempel forelesingar, faglege diskusjonar, gruppearbeid og individuelt arbeid. Det vil også bli lagt vekt på at studentane skal ha ei utforskande tilnærming til faget og undervisninga i faget. IKT er integrert i studiet. Fronter blir brukt som læringsplattform.

Bibliotek
Biblioteket skal bidra til å auke studentane si evne til å søkje etter, finne, evaluere og bruke relevant fagleg informasjon. I tillegg til personleg service, kan studentane få bibliotekundervisning der målsettinga er at dei skal kunne søkje i norske informasjonskjelder, ha kjennskap til internasjonale databasar og kunne vurdere kvalitet på informasjon. Det er også tilbod om kurs i referanseteknikk.

Arbeidskrav
Det er obligatoriske arbeidskrav til kvart emne, som går fram av emnebeskrivingane. Desse arbeidskrava må vere godkjende for å framstille seg til eksamen.

Praksis

Sjå emneplanane.

Internasjonalisering

I studia ved Avdeling for lærarutdanning blir det lagt vekt på at studentane skal sjå fag og lærararbeid i eit internasjonalt perspektiv. Det inneber at det blir lagt til rette for kontakt med tilsvarande utdanningsinstitusjonar i andre land og for utveksling av lærarar og studentar som ønskjer å arbeide spesielt med internasjonale spørsmål knytt til utdanning og læring.

I norskfaget blir det lagt vekt på det nordiske perspektivet.

Evaluering av studiet

For å kunne tilby ei aktuell og relevant utdanning av god kvalitet er vi avhengig av at studentane gir tilbakemeldingar og at dei tar del i evaluering av studia.

Det enkelte fagmiljøet har ansvar for å etablere faste og allment kjende rutinar for evaluering på emnenivå (EVA 3). Sjå emneplanar for detaljar.

Tilbakemelding underveis

Studiet legg opp til samarbeid mellom lærarar og studentar gjennom at studentane gruppevis eller enkeltvis får tilbakemeldingar på eigne arbeid frå lærarar eller medstudentar. Sjå emnebeskrivingane for meir informasjon.

Vurdering

Obligatoriske arbeidskrav må vera godkjende før studenten kan framstille seg til eksamen i dei enkelte emna.

Studentane blir prøvd i begge målformer. Det er ikkje høve til fritak frå prøving i ei av målformene.

Det blir nytta bokstavkarakterar A-F, der A er beste og E dårlegaste beståtte karakter. Studentar som får karakteren F, har ikkje bestått. Studiet har både munnlege og skriftlege eksamensformer. Eksamensform for dei enkelte emna er beskrive i emneplanane.

Litteratur

Sjå emnebeskrivingane. Litteraturlister som er publisert for emne som ligg fram i tid, kan bli oppdaterte framfor kvart semester. Oppdaterte litteraturlister vil vere tilgjengelege i emnebeskrivingane ved semesterstart.

Jobb og videre studier

Studiet kan f.eks. inngå i eit utdanningsløp som blir avslutta med praktisk-pedagogisk utdanning. Norsk årsstudium fyller kompetansekravet som er bestemt for å kunne bli tilsett som lærar i norsk på 5. - 10. trinn i norsk skole.

Studieplanen er godkjent og revidert

Studieplanen er godkjent

Fungerende dekan Kjersti Berggraf Jacobsen, 1. juli 2011

Studieplanen gjelder for

Studieplanen gjeld for studieåret 2011 - 2012.

Studieprogramansvarlig

Fakultet for lærerutdanninger og språk

Studiemodell

Sist hentet fra Felles Studentsystem (FS) 17. juli 2024 03:19:42