Oppbygging og gjennomføring (2023–2024)

Studiets oppbygging og innhold

Norsk påbygging er bygd opp av to emne som kvart er på 15 studiepoeng, eitt språkemne og eitt litterært emne. Emna kan variere frå år til år. Studieåret 2023/2024 tilbyr vi desse emna:

NORP201 Norsk/nordisk språkstruktur før og nå (haustsemesteret)

NORP202 Norsk/nordisk dramatisk litteratur (vårsemesteret)

Sjå studiemodell.

Målet med studiet er å gi studentane solid fagleg basis som er relevant for undervisning i norsk i grunnskolen og i den vidaregåande skolen, og relevant for vidare masterstudium i norsk. Medan Norsk årsstudium (60 studiepoeng) ved Høgskolen i Østfold er breiddestudium, er Norsk påbygging (30 studiepoeng) eit djupstudium i utvalde enkelttema.

Studiet er bygd opp rundt desse hovudpunkta:

Studium av litteraturvitskapleg teori og metode

Temastudium i norsk/nordisk litteratur

Studium av språkteori og metode

Temastudium i norsk/nordisk språk

Norskdidaktiske problemstillingar

Det faglige innhaldet i emna NORP201 og NORP202 vil kunne variere frå år til år, men ein vil heile tida prøve å sjå norsk i eit internasjonalt perspektiv, og trekke inn relevante norskdidaktiske problemstillingar. Val av tema vil bli presentert for studentane i god tid før studieåret begynner. Studiet krev òg at studentane syner ei fagleg-vitskapeleg haldning til stoffet. Begge emna inneheld obligatorisk skriftleg og munnleg arbeid. Sjå emnebeskrivingar.

Undervisnings-, lærings- og vurderingsformer

Undervisning og arbeidsformer
Studiet er nettbasert. Høgskolen stiller krav om at studentane disponerer eigen berbar PC i dette studiet. Det blir gitt opplæring i dei verktøya som skal brukast. Tekniske spesifiseringar og krav blir klargjort og informert om før semesterstart.

Forelesarane held nettmøte i synkron tid om lag 2 timar kvar veke, innanfor normal arbeidstid. Resten av den nettbaserte aktiviteten skjer på valfritt tidspunkt, asynkront.

Totalt blir det forventa eit arbeidsomfang på ca. 400 timar per 15 studiepoeng.

Digitale arbeidsformer er, i tillegg til nettmøta, blant anna deling av skjermopptak og opptak av forelesingar, diskusjonsforum, og andre skriftlege og munnlege arbeidsformer som kan gjennomførast over nett. Studentane skal samtale om faglitteratur og samarbeide om tolkings- og analyseoppgåver, også utanom planlagt undervisning. I tillegg er sjølvstudium ei sentral arbeidsform.

Undervisninga vil primært foregå på norsk eller andre skandinaviske språk.

Tilbakemelding underveis
Det blir gitt tilbakemelding på obligatoriske arbeidskrav og frivillige gruppeoppgåver. Tilbakemelding og rettleiing kan skje fulldigitalt (skriftleg og munnleg) eller ved personleg oppmøte, og/eller på samlingar på campus. Sjå emnebeskrivingar for detaljar.

Vurdering
Vurderingsordningane skal bidra til at studentane oppnår læringsutbytta og måle graden av oppnådd læringsbytte.

Emna i studiet har skriftlege eller munnlege arbeidskrav som må vere godkjende av faglærar før studenten kan gå opp til eksamen. Arbeidskrav blir vurdert på skalaen godkjend/ikkje godkjend.

Studentane blir prøvd i både munnlege og skriftlege eksamensformer. Sjå emnebeskrivingar for detaljar. Eksamen blir vurdert på skalaen A-F. Alle emna blir sensurert av intern og ekstern sensor.

Målform på skriftlege eksamenar og arbeidskrav er bokmål eller nynorsk. Dette er spesifisert i emnebeskrivingane. Oppgåvesvara skal ha eit kritisk, analytisk og reflekterande innhald, vere i tråd med angitte sjangerkrav, og innehalde tydelege referansar til dei kjeldene som er brukt.

Alle skriftlege arbeidskrav og eksamenssvar kan bli plagiatkontrollert. Oppgåvesvar som er heilt eller delvis identiske vil ikkje bli godkjend og vil bli sett på som forsøk på fusk. Sjå elles forskrift om eksamen, studierett og grader ved Høgskolen i Østfold.

Praksis

Det er ikkje knytt rettleidd praksis til studiet.

Evaluering av studiet

For å kunne tilby ei aktuell og relevant utdanning av god kvalitet er vi avhengige av tilbakemelding frå studentane og at kvar enkelt student deltar i evaluering av studia. Dette studieprogrammet blir jamleg evaluert for å sikre og utvikle kvaliteten i programmet.

Det enkelte fagmiljø har ansvar for å evaluere emnene i tråd med høgskolens kvalitetssystem.

Litteratur

Sjå emnebeskrivingar. Oppdatert før kvart semester.

Studiemodell

Høst 2023

Velg studieretning for å se emner

Vår 2024

Velg studieretning for å se emner

Sist hentet fra Felles Studentsystem (FS) 17. juli 2024 03:16:37