Hva lærer du? (2023–2024)

Studiets læringsutbytte

Kunnskap
Kandidaten

  • har brei kunnskap om språkdidaktiske, teoretiske og tilhøyrande metodiske problemstillingar relevant for norskfaget

  • har god kunnskap om eit spesifikt tema innanfor norsk/nordisk litteratur, f.eks. ein bestemt sjanger, ein litteraturhistorisk periode eller eit forfattarskap

  • har god kunnskap om eit spesifikt tema innanfor norsk/nordisk språk, f.eks. i moderne norsk grammatikk, kontrastivt mellom nordiske språk eller språkhistoriske analysar

Ferdigheter
Kandidaten

  • kan anvende litteraturteori i lesing av litterære tekstar

  • kan anvende kunnskap om språkstruktur i praktiske analysar med ulike innfallsvinklar

  • kan gå i dialog om eiga skriving og nyttiggjere seg rettleiing i samband med oppgåveskriving og munnlege presentasjonar

  • kan reflektere over korleis språklege og litterære fordjupingstema kan vere relevante for norskundervisning på ulike klassetrinn

Generell kompetanse
Kandidaten

  • kan formidle sentralt fagstoff både skriftleg og munnleg

  • kan planlegge og gjennomføre formidling av eit bestemt norsk/nordisk litterært tema med bruk av litteraturteori

  • kan planlegge og gjennomføre formidling av eit bestemt norsk/nordisk språkleg tema, inkludert teoretisk og/eller metodisk refleksjon

Sist hentet fra Felles Studentsystem (FS) 17. juli 2024 03:16:36