Programmet tar ikke opp nye studenter

Hva lærer du? (2018–2019)

Studiets læringsutbytte

Kunnskap
Studenten har

  • kunnskap om dei særprega lærings- og erkjenningsformene som er knytt til kunstnarleg, estetisk og musikalsk verksemd
  • kunnskap om psykologiske og kulturelle faktorar som verkar inn på utviklinga av barns musikalitet, utrykksformer, kreativitet og identitet
  • grunnleggande kunnskap om norsk og internasjonal musikk frå ulike sjangrar og musikkhistoriske epokar, om norsk og samisk tradisjonsmusikk og om musikk frå ulike kulturar
  • kunnskap om grunnleggande musikkteori og ulike former for musikkanalyse
  • kunnskap om korleis musikk blir brukt og integrert i ulike former for samfunnsuttrykk, t.d. i film og media, og om korleis musikk kan vere eit formande element i slike samanhengar
  • kunnskapar om musikklæraren som leiar og tilretteleggjar for musikkopplæring i begynneropplæring og for trinna 1-7
  • kunnskap om musikkfaget si historie og rolle i samfunnet, læreplanar i faget og faget si læreplanhistorie

Ferdigheiter
Studenten kan

  • synge og bruke stemma på varierte måtar, uttrykke seg musikalsk og meiningsfullt på eige hovudinstrument og akkompagnere song på piano, gitar eller anna akkordinstrument
  • leike og danse til og med musikk, og meistre eit representativt utval av tradisjonelle og moderne musikkleikar og dansar frå ulike kulturar til bruk i musikkundervisning på trinna 1-7
  • leie og instruere song-, samspel- og danseprosessar med kollegaer og med elevar på trinna 1-7
  • lytte aktivt og reflekterande til eit representativt utval av musikk frå ulike sjangrar, historiske periodar og ulike kulturar
  • vise kunnskap om musikken gjennom verbale og andre kunstrelaterte uttrykksformer, t.d. dans/rørsle og drama
  • skape musikk på varierte måtar, improvisere med instrument og stemme og kunne leie improvisasjons- og komposisjonsprosessar for elevar på trinna 1-7
  • bruke analoge og digitale musikkinstrument og tekniske og elektroniske hjelpemiddel med tanke på musikalsk skaping, formidlingsverksemd og musikkopplæring
  • ta i bruk og vurdere varierte arbeidsformer, metodar og læringsmateriell for skolefaget musikk for trinna 1-7
  • meistre ulike innfallsvinklar til begynnaropplæring i musikkfaget og vere fortrulege med grunnleggande ferdigheiter i skolefaget musikk
  • leggje til rette for musikalsk opplæring og utvikling for elevar med spesielle evner eller vanskar
  • gjennomføre tilpassa opplæring for elevar med ulik bakgrunn, ulike føresetnader og interesser

Generell kompetanse
Studenten

  • kan initiere fagleg samarbeid og bruke musikk både som regifag og som støttefag i fleirfaglege tema- og prosjektarbeid
  • kan reflektere over samanhengen mellom mål og innhald i musikkfaget, andre fagområde og læreplanverk for trinna 1-7
  • har innsikt i musikkens rolle som identitetsskapar, kommunikasjonsmedium og kulturuttrykk i skolekvardagen og i eit fleirkulturelt samfunn
  • kan aktivisere og stimulere elevane si evne til å skape, oppleve, uttrykke og reflektere
Sist hentet fra Felles Studentsystem (FS) 30. juni 2024 03:15:33