Hva lærer du? (2018–2019)
Studiets læringsutbytte
Kunnskap
Studenten har
- kunnskap om dei særprega lærings- og erkjenningsformene som er knytt til kunstnarleg, estetisk og musikalsk verksemd
- kunnskap om psykologiske og kulturelle faktorar som verkar inn på utviklinga av barns musikalitet, utrykksformer, kreativitet og identitet
- grunnleggande kunnskap om norsk og internasjonal musikk frå ulike sjangrar og musikkhistoriske epokar, om norsk og samisk tradisjonsmusikk og om musikk frå ulike kulturar
- kunnskap om grunnleggande musikkteori og ulike former for musikkanalyse
- kunnskap om korleis musikk blir brukt og integrert i ulike former for samfunnsuttrykk, t.d. i film og media, og om korleis musikk kan vere eit formande element i slike samanhengar
- kunnskapar om musikklæraren som leiar og tilretteleggjar for musikkopplæring i begynneropplæring og for trinna 1-7
- kunnskap om musikkfaget si historie og rolle i samfunnet, læreplanar i faget og faget si læreplanhistorie
Ferdigheiter
Studenten kan
- synge og bruke stemma på varierte måtar, uttrykke seg musikalsk og meiningsfullt på eige hovudinstrument og akkompagnere song på piano, gitar eller anna akkordinstrument
- leike og danse til og med musikk, og meistre eit representativt utval av tradisjonelle og moderne musikkleikar og dansar frå ulike kulturar til bruk i musikkundervisning på trinna 1-7
- leie og instruere song-, samspel- og danseprosessar med kollegaer og med elevar på trinna 1-7
- lytte aktivt og reflekterande til eit representativt utval av musikk frå ulike sjangrar, historiske periodar og ulike kulturar
- vise kunnskap om musikken gjennom verbale og andre kunstrelaterte uttrykksformer, t.d. dans/rørsle og drama
- skape musikk på varierte måtar, improvisere med instrument og stemme og kunne leie improvisasjons- og komposisjonsprosessar for elevar på trinna 1-7
- bruke analoge og digitale musikkinstrument og tekniske og elektroniske hjelpemiddel med tanke på musikalsk skaping, formidlingsverksemd og musikkopplæring
- ta i bruk og vurdere varierte arbeidsformer, metodar og læringsmateriell for skolefaget musikk for trinna 1-7
- meistre ulike innfallsvinklar til begynnaropplæring i musikkfaget og vere fortrulege med grunnleggande ferdigheiter i skolefaget musikk
- leggje til rette for musikalsk opplæring og utvikling for elevar med spesielle evner eller vanskar
- gjennomføre tilpassa opplæring for elevar med ulik bakgrunn, ulike føresetnader og interesser
Generell kompetanse
Studenten
- kan initiere fagleg samarbeid og bruke musikk både som regifag og som støttefag i fleirfaglege tema- og prosjektarbeid
- kan reflektere over samanhengen mellom mål og innhald i musikkfaget, andre fagområde og læreplanverk for trinna 1-7
- har innsikt i musikkens rolle som identitetsskapar, kommunikasjonsmedium og kulturuttrykk i skolekvardagen og i eit fleirkulturelt samfunn
- kan aktivisere og stimulere elevane si evne til å skape, oppleve, uttrykke og reflektere
Sist hentet fra Felles Studentsystem (FS)
30. juni 2024 03:15:33