LSUNOR10121 Barnelitteratur, leseopplæring og munnlegheit (5-10) (Vår 2023)

Fakta om emnet

Studiepoeng:
15
Ansvarlig avdeling:
HiØ VIDERE
Studiested:
Halden.
Emneansvarlig:
Camilla Häbler
Undervisningsspråk:
Norsk, svensk eller dansk.
Varighet:
½ år

Emnet er tilknyttet følgende studieprogram

Obligatorisk emne i vidareutdanningsstudiet Norsk 1 for trinn 5–10 Kompetanse for kvalitet (30 studiepoeng).

Absolutte forkunnskaper

Ingen utover opptakskrav.

Undervisningssemester

2. semester (vår).

Studentens læringsutbytte etter bestått emne

Kunnskap

Kandidaten

  • har kunnskap om relevante teoriar om lesing og leseopplæring

  • har kunnskap om dei ulike funksjonane lesing kan ha for elevars utvikling og læring

  • har kunnskap om lesestrategiar

  • har kunnskap om kva som kjenneteiknar munnlege, skriftlege og samansette tekstar; fiksjonstekstar og sakprosatekstar i ulike sjangrar, og tekstar frå eldre og nyare medium

  • har kunnskap om relevante teoriar innan munnleg opplæring

  • har kunnskap om relevante litteraturteoretiske og litteraturdidaktiske omgrep og perspektiv

  • har kunnskap om barnelitteratur og nyare litteratur som vender seg mot vaksne lesarar

Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan vurdere og bruke relevante undervisningsmetodar i leseopplæring frå 5. til 10. trinn, både for elevar med norsk som førstespråk og andrespråk

  • kan leggje til rette for og stimulere elevar til variert munnleg bruk av språket

  • kan leggje til rette for at elevar får lese eit breitt utval litteratur, også sakprega tekstar i tradisjonelle og moderne medium, at dei utviklar leselyst og gode lesestrategiar og blir stimulerte til vidare lesing

  • kan analysere, tolke og vurdere tekster og presentere litterære og litteraturteoretiske innsikter på varierte måtar

  • kan bruke varierte arbeidsmåtar for auka litteraturforståing og glede hos elevane

  • kan samtale om litteratur og tilpasse form og innhald i samtalen med omsyn til kjønn, alder, kunnskap og kulturell bakgrunn hos mottakarane

Generell kompetanse

Kandidaten

  • er ein sikker munnleg språkbrukar og stø i skriftleg bokmål og nynorsk

  • kan arbeide med språk og tekst i fleirkulturelle klassemiljø

  • kan formidle norskfaglege innsikter og tilpasse form og innhald til ulike målgrupper

  • kan legge til rette for at arbeidet med språk og litteratur kan styrke identiteten til elevane og oppmode dei til aktiv deltaking i det offentlege liv

Innhold

Emnet er konsentrert om desse fagområda:

  • Litteraturteori, tekstteori og sjangerlære

  • Lesing og leseopplæring

  • Munnleg opplæring

I dette emnet er det tekstkunnskap og lesing som står sentralt. Det vil bli arbeidd både teoretisk og skoleretta med alle fagområda, i samsvar med måla for læringsutbytte, og det fleirspråklege og fleirkulturelle perspektivet blir integrert i ulike tema.

Studentane skal få forståing for korleis fagleg og digital utvikling påverkar norsklærarprofesjonen, til dømes gjennom læreplanar, lovgrunnlag og nyare forsking, og korleis digitale læremiddel kan brukast for å fremje kreativitet og problemløysing, kritisk tekstforståing og demokratisk deltaking.

Det vil også bli lagt vekt på at studentane skal utvikle eigen kompetanse i skriftlege og munnlege sjangrar.

Undervisnings- og læringsformer

Studentane skal møte varierte arbeidsformer. Tilnærminga til stoffet skjer i hovudsak gjennom forelesingar, arbeid i grupper og individuelt arbeid, og lærestoffet bygger på anerkjent forskingsbasert kunnskap. Studentanes arbeid på eigen skole vil opne for verdifull fagleg og didaktisk refleksjon knytt til både kunnskapsmål, ferdigheitsmål og generell kompetanse i norskfaget. Digitale arbeidsformer skal også inngå som ein sentral del av norskstudiet, både for læring, rettleiing, samarbeid og dokumentasjon.

Arbeidsomfang

Forventa arbeidsinnsats for studenten: ca. 400 timar, inkl. timeplanlagt undervisning, sjølvstudium, arbeidskrav, eksamensførebuing og eksamensgjennomføring.

Arbeidskrav - vilkår for å avlegge eksamen

I løpet av semesteret blir det gitt oppgåver av fagleg og didaktisk karakter knytt til tema i emnet:

  1. Individuell skriftleg oppgåve med litterær analyse 

  2. Individuell skriftleg oppgåve om eiga lesing

  3. Praktisk oppgåve som inneheld pedagogisk bruk av IKT knytt til tema i emnet

Begge målformer skal vere representerte.

Tilbakemelding på arbeidskrav kan dels vere frå faglærarar, dels frå andre studentar, eventuelt kan dei bli vurdert av studenten sjølv (f.eks. refleksjonslogg). Meir detaljert beskriving av innhaldet i arbeidskrava blir gitt ved undervisningsstart.

Alle arbeidskrav må vere godkjende før studenten kan framstille seg til eksamen. Dersom eit arbeidskrav ikkje blir godkjend, får studenten eitt nytt forsøk.

Eksamen

Individuell heimeeksamen. Varigheit: 3 dagar. Målform: Bokmål.

Omfang: 3000 ord (+/- 10 %). Innhaldsliste og litteraturliste kjem i tillegg.

Karakterregel: A-F.

Sensorordning

Intern og ekstern sensor.

Evaluering av emnet

For å kunne tilby ei aktuell og relevant utdanning med god kvalitet, er vi avhengig av tilbakemelding frå studentane. Evaluering blir gjennomført i samsvar med høgskulens kvalitetssystem. I tillegg vil Utdanningsdirektoratet gjennomføre eigne deltakarundersøkingar.

Litteratur

Litteraturlista er sist oppdatert 07.12.2020

 

Teoripensum:

 

Lesing og leseopplæring:
Penne, Sylvi (2001). Å bli en som leser litteratur - en utviklingshistorie om lesing fra 6 til 16. I Norsk som identitetsfag - norsklæreren i det moderne. Oslo: Universitetsforlaget. (ca. 19 sider)

 

Roe, Astrid (2014). Lesedidaktikk - etter den første leseopplæringen. Oslo: Universitetsforlaget. (ca. 224 sider)

 

Litteratur og litteraturdidaktikk:
Birkeland, Tone & Ingebjørg Mjør (2018). Barnelitteratur - sjangrar og teksttypar. Oslo: Cappelen Damm. (ca. 200 sider)

 

Kaldestad, Per O. (2019). Diktboka - om arbeid med poetiske tekstar i skolen. Oslo: Cappelen. (Teoridelen, 130 sider)

 

Munnleg opplæring:
Bakken, Jonas (2020). Retorikk i skolen. Oslo: Universitetsforlaget. (ca. 120 sider)

 

Primærtekster:

 

Tre biletbøker:
Bache-Wiig, Anna og Lisa Aisato (2010). Don Fridtjof. Oslo: Cappelen Damm.

Dahle, Gro og Svein Nyhus (2002). Snill. Oslo: Cappelen.

Fosse, Jon og Akin Düzakin (2005). Kant. Oslo: Samlaget.

Fire verk frå nyare nordisk barne- og ungdomslitteratur:
Hagerup, Klaus (1990). Høyere enn himmelen. (tilgjengeleg som e-bok)

Harstad, Johan (2008). Darlah - 172 timer på månen. Oslo: Cappelen Damm.

Lindgren, Astrid (1973). Bröderna Lejonhjärta. Stockholm: Rabén & Sjögren. (på svensk)

Loe, Erlend (2003). Kurt koker hodet. Oslo: Cappelen.

 

Sakprosa for barn og ungdom:
Mathismoen, Ola og Jenny Jordahl (2018). Grønne greier: om natur og miljø og sånt. Oslo: Ena forlag.

 

Eitt drama
Ibsen, Henrik (1867). Peer Gynt. (tilgjengelig som e-bok)

 

Fire nordiske romanar frå nyare tid:
Arvola, Ingeborg (2004). Forsiktig glass. Oslo: Cappelen.

Niemi, Mikael (2000). Populärmusik från Vittula. Stockholm: Norstedts. (på svensk)

Vaage, Lars Amund (2002). Kunsten å gå. Oslo: Oktober.

Ørstavik, Hanne (1999). Like sant som jeg er virkelig. Oslo: Oktober. (tilgjengelig som e-bok)

 

Studentane skal lese tre kompendium:

  • Kompendium i folkedikting

  • Novellekompendium

  • Lyrikkompendium

Sist hentet fra Felles Studentsystem (FS) 2. jan. 2023 09:18:53