LSKNO21115 Voksenlitteratur og sammensette tekstar (1-7) (Vår 2018)

Fakta om emnet

Studiepoeng:
15
Ansvarlig avdeling:
Avdeling for lærerutdanning
Studiested:
Halden
Undervisningsspråk:
Norsk
Varighet:
½ år

Emnet er tilknyttet følgende studieprogram

Obligatorisk emne i vidareutdanninga Norsk 2: 1.-7. Kompetanse for kvalitet (30 studiepoeng).

Undervisningssemester

2. semester (vår).

Studentens læringsutbytte etter bestått emne

Kunnskap
Studenten har

  • utvida kunnskap om munnlege og skriftlege sjangrar og innsikt i korleis elevar frå 1. til 7. trinn utviklar kunnskap om desse og kan nytte dei i eige tekstarbeid
  • litteraturhistorisk og litteraturteoretisk oversikt, kunnskap om sentrale verk i nordisk med særlig vekt på norsk fiksjonslitteratur og sakprosa og kjennskap til teoriar om samansette tekstar
  • kunnskap om kva som skjer når ein tekst vert overført frå eit medium til eit anna (adaptasjon)

Ferdigheiter
Studenten kan

  • rettleie i arbeidet med tekstar slik at elevane kan utvikle seg sjølve, skaffe seg kunnskap og førebu seg for aktiv deltaking i offentlege rom og samfunnet som eit heile
  • samanlikne tekstar skrivne for barn med omsyn til innhald, form og funksjon
  • setje sentrale norske tekstar inn i ein historisk samanheng, tolke dei og sjå dei i lys av nordisk og annan internasjonal litteratur
  • lese, analysere, tolke og vurdere samansette tekstar og setje dei inn i ein større kulturell og offentleg samanheng

Generell kompetanse
Studenten

  • kan vurdere eigen praksis som norsklærar og grunngi vurderingane
  • har innsikt i norskfaget ut frå forsking og i høve til fagets historie og kan reflektere kritisk og konstruktivt ut frå eit historisk perspektiv på faget
  • har eit medvite forhold til korleis samtalen mellom lærar og elevar, og samtalen elevane imellom, kan fungere som reiskap for læring
  • utviklar identiteten sin som norsklærar

Innhold

Emnet er konsentrert om desse fagområda:

  • Litteratur og litteraturdidaktikk for barnetrinnet
  • Generell litteraturforståing og utvalde verk frå vår nordiske litterære kanon
  • Samansette tekster
  • Tekst og sjanger i ulike medier

Det vil bli arbeidd både teoretisk og praksisretta med alle fagområda, i samsvar med måla for læringsutbytte, der både grunnleggande ferdigheiter, tilpassa opplæring og vurdering står sentralt. Arbeidet vil også bestå av det fleirspråklege og fleirkulturelle perspektivet. Det vil også bli lagt vekt på at studentane skal utvikle eigen kompetanse i både skriftlege og munnlege sjangrar.

Undervisnings- og læringsformer

Studentane skal møte varierte arbeidsformer. Tilnærminga til stoffet skjer i hovudsak gjennom forelesingar, arbeid i grupper og individuelt arbeid, og lærestoffet skal bygge på anerkjent forskingsbasert kunnskap. I arbeidskrava vil studentane sitt arbeid på eigen skole opne for verdifull fagleg og didaktisk refleksjon knytt til både kunnskapsmål, ferdigheitsmål og generell kompetanse i norskfaget. Informasjons- og kommunikasjonsteknologi skal også gå inn som ein sentral del av norskstudiet. IKT blir brukt som eit reiskap for læring, rettleiing, samarbeid og dokumentasjon. Norskfaget samarbeider med høgskolebiblioteket om emne som litteratursøk, referanseteknikk og akademisk skriving.

Praksis

Praksisnære komponentar er ein integrert del av studiet, og studentane må undervise på trinn 1-7 parallelt med studiet.

Arbeidskrav - vilkår for å avlegge eksamen

Studentane får i løpet av semesteret tre oppgåver av fagleg og didaktisk karakter knytt til tema som det blir arbeidd med. Arbeida skal lagrast digitalt i mapper oppretta til dette. Tilbakemelding på desse arbeida vil dels vere frå faglærarar og dels frå andre studentar, og nokre av arbeida skal dessutan vurderast av studenten sjølv, f.eks. i form av refleksjonslogg. Ei av dei tre oppgåvene skal presenterast for kollegaer ved eigen arbeidsplass. Det skal skrivas eit refleksjonsnotat frå denne presentasjonen. Ei anna av dei tre oppgåvene vil krevje pedagogisk bruk av IKT ut over bruk av læringsplattform. Begge målformer skal vere representerte i tekstane, kvar med om lag halvparten av tekstmengda. For å kunne framstille seg til eksamen, må alle arbeidskrava vere godkjente av faglærar.

Meir detaljert beskriving av innhaldet vil bli gitt ved undervisningsstart.

Eksamen

Emnet har to deleksamenar.

Deleksamen 1: Ei individuell heimeeksamen av fagartikkeltypen med eit kritisk, reflekterande og analytisk innhald. Varighet 2 uker.

Deleksamen 2: Ein skoleeksamen på fire timar, der studenten blir prøvd i kunnskapsstoff frå pensumet.
Tillatne hjelpemiddel: ordbok/ordliste, både bokmål og nynorsk samt Kunnskapsløftet generell del og læreplanen for norsk.

Målforma på dei to deleksamenane er valfri, men ein må vere på nynorsk og ein på bokmål.
Ved vurdering tel dei to deleksamenane likt, og begge må vere bestått for å få karakter i emnet.

Det blir nytta bokstavkarakterane A - F for begge deleksamenane.
Vurderinga for dei to deleksamenane blir gjort av ein ekstern og ein intern sensor.

Ved ikkje bestått på ein av deleksamenane, kan kun den deleksamenen som ikkje er bestått tas på nytt.

Evaluering av emnet

Fagansvarleg har ansvar for gjennomføring av evaluering.

Litteratur

Med atterhald om endringer før studiestart.

Skjønnlitteratur:
Islendingesaga: Soga om Gisle Sursson

Ludvig Holberg: Erasmus Montanus

Henrik Ibsen: Peer Gynt

Knut Hamsun: Sult

Tarjei Vesaas: Isslottet

Dag Solstad: Genanse og verdighet

Mikael Niemi: Populärmusik från Vittula

I tillegg kjem kompendium frå seksjonen med dikt og noveller. Desse vil vere tilgjengelege før semesteret startar.

Barne- og ungdomslitteratur:
Torbjørn Egner: Klatremus og de andre dyrene i Hakkebakkeskogen

Astrid Lindgren: Pippi

Oscar K.: Cervantes Don Quijote eller Shakespeares Hamlet

Johan Harstad: Darlah - 172 timer på månen 

Teori:
Anne- Kari Skardhamar: Kunsten å lese skjønnlitteratur, Universitetsforlaget 2007

Per Thomas Andersen: Norsk litteraturhistorie, Universitetsforlaget (utdrag)

Liestøl/Fagerjord/Hannemyr: Sammensatte tekster: arbeid med digital kompetanse i skolen. Kap. 2, 3 og 6, 8 Cappelen Akademisk Forlag 2009

Elise Seip Tønnessen (red.): Sammensatte tekster. Barns tekstpraksis. Kap 1, 5, 7, 10, 11, Universitetsforlaget 2010

Smidt, Jon: «Norskfagets dimensjoner». I: Norskdidaktikk. Ei grunnbok,Universitetsforlaget 2009

Sist hentet fra Felles Studentsystem (FS) 30. juni 2024 03:05:13