LSKNO21215 Den andre lese- og skriveopplæringa. Skriftleg og munnleg norsk etter 1800 (1-7) (Høst 2016)

Fakta om emnet

Studiepoeng:
15
Ansvarlig avdeling:
Avdeling for lærerutdanning
Studiested:
Høgskolen i Østfold, studiestad Halden
Emneansvarlig:
Marion Elisenberg
Undervisningsspråk:
Norsk
Varighet:
½ år

Emnet er tilknyttet følgende studieprogram

Obligatorisk emne i vidareutdanninga Kompetanse for kvalitet Norsk 2 for grunnskolelærarutdanning 1-7 (30 studiepoeng).

Undervisningssemester

Haust 2016

Studentens læringsutbytte etter bestått emne

Kunnskap
Studenten har

  • inngåande kjennskap til teoriar om lesing og skriving, også knytt til den andre lese- og skriveopplæringa
  • kunnskap om kva for funksjonar lesing og skriving har hatt og har i kulturen vår og om kva som kjenneteiknar språkleg kommunikasjon i ulike medium
  • kunnskap om språklege endringsprosessar, i fortid og samtid, om normeringsspørsmål i moderne norsk og om sentrale kjenneteikn ved norske talemål
  • kunnskap om korleis dei grunnleggande ferdigheitene kan fungere på norskfaget sine premissar 

Ferdigheiter
Studenten kan

  • organisere og drive tilpassa lese- og skriveopplæring for 1. til 7. trinn etter fagleg grunngitte prinsipp, også for elevar med norsk som andrespråk
  • bruke språk- og tekstkunnskap aktivt i rettleiing av elevar i lese- og skriveprosessen
  • bruke kunnskap om talemål- og skriftspråknormering i skriveopplæringa
  • vurdere og reflektere kring ulike slags prøver i lesing og skriving og nytte resultatet av dei til fagleg utvikling for elevane
  • leggje til rette for den munnlege språkutviklinga til elevane
  • vere ein ressurs i eige kollegium på dei område studiet omfattar

Generell kompetanse
Studenten

  • kan vurdere eigen praksis som norsklærar og grunngi vurderingane i høve til teori
  • har innsikt i norskfaget ut frå forsking og i høve til faget si historie og kan reflektere kritisk og konstruktivt ut frå eit historisk perspektiv på faget
  • har eit medvite forhold til korleis samtalen mellom lærar og elevar, og samtalen elevane imellom, kan fungere som reiskap for læring

Innhold

Emnet tar for seg desse hovudtema:

  • Lese- og skriveopplæring, især den andre opplæringa
  • Lesing og skriving i historisk perspektiv, faghistorie
  • Språkhistorie, språknormering og talemålsvariasjon

Det vil bli arbeidd både teoretisk og praksisretta med alle fagområda, i samsvar med måla for læringsutbytte, der både grunnleggande ferdigheiter, tilpassa opplæring og vurdering står sentralt. Arbeidet vil også bestå av det fleirspråklege og fleirkulturelle perspektivet.

Undervisnings- og læringsformer

Studentane skal møte varierte arbeidsformer. Tilnærminga til stoffet skjer i hovudsak gjennom forelesingar, arbeid i grupper og individuelt arbeid, og lærestoffet skal bygge på anerkjent forskingsbasert kunnskap. I arbeidskrava vil studentane sitt arbeid på eigen skole opne for verdifull fagleg og didaktisk refleksjon knytt til både kunnskapsmål, ferdigheitsmål og generell kompetanse i norskfaget. Informasjons- og kommunikasjonsteknologi skal også gå inn som ein sentral del av norskstudiet. IKT blir brukt som eit reiskap for læring, rettleiing, samarbeid og dokumentasjon. Norskfaget samarbeider med høgskolebiblioteket om emne som litteratursøk, referanseteknikk og akademisk skriving.

Praksis

Praksisnære komponentar er ein integrert del av studiet, og studentane må undervise på trinn 1-7 parallelt med studiet.

Arbeidskrav - vilkår for å avlegge eksamen

Studentane får i semesteret tre oppgåver av fagleg og didaktisk karakter knytt til tema som det blir arbeidd med. Arbeida skal lagrast digitalt i mapper oppretta til dette. Tilbakemelding på desse arbeida vil dels vere frå faglærarar og dels frå andre studentar, og nokre av arbeida skal dessutan vurderast av studenten sjølv, f.eks. i form av refleksjonslogg. Eit av arbeidskrava vil krevje at studentane deler ny kunnskap med kollegaer på eigen arbeidsplass. Eit anna arbeidskrav vil krevje pedagogisk bruk av IKT ut over bruk av læringsplattform (Fronter). Begge målformer skal vere representerte i tekstane, kvar med om lag halvparten av tekstmengda. For å kunne framstille seg til eksamen, må alle arbeidskrava vere godkjente av faglærar.

Meir detaljert beskriving av innhaldet vil bli gitt ved undervisningsstart.

Eksamen

Munnleg, individuell eksamen, ca. 35 minutt
Den munnlege eksaminasjonen er normalt todelt. Først presenterer studenten ei sjølvvald tekst frå dei godkjente arbeidskrava. Presentasjonen skal vere mest mogleg reflekterande rundt eigen arbeidsprosess, og ikkje bare vere eit referat av innhaldet i fagteksta. Presentasjonen skal normalt ta 3-5 minutt. Deretter følgjer ein eksaminasjonsdel på omlag 30 minutt, der sensorane og studenten har ei fagleg samtale med utgangspunkt i to av tema i dei godkjende tekstane og pensumlitteraturen. I vurderinga vil både det faglige innhaldet og dei munnlege ferdigheitene bli vurdert.

Det blir nytta bokstavkarakter A-F.
Vurderinga blir gjort av ein intern og ein ekstern sensor.

Evaluering av emnet

Fagansvarleg har ansvar for at det blir gjennomført emneevaluering.

Litteratur

Bøker/hefter:

Engen, L. og Helgevold, L.: Leselos. Veiledningshefte, Lesesenteret i Stavanger, side 1-81 (kan lastas ned)

Helgevold, L.: Bok i bruk på femte til sjuende trinn, Lesesenteret i Stavanger (kan lastas ned)

Håland, Anne og Rutt Trøite Lorentzen (2007): «Skriving og læring» i Dialogar om tekst.  Praktisk arbeid med elevtekstar i norskfaget, s. 4-64 Oslo: Universitetsforlaget

Klinkenberg, J.E.(2005): Å bedre barns leseflyt. Oslo: Aschehoug

Kvithyld, Trygve, Trude Kringstad og Guri Melby(2014): Gode skrivestrategier - på mellomtrinnet og ungdomstrinnet. Oslo: Cappelen Damm Akademisk

Lyster, S.-A.H. (2012): Elever med lese- og skrivevansker. Hva vet vi? Hva gjør vi?, Oslo: Cappelen Damm Akademisk

Mæhlum, Brit og Unn Røyneland (2012): Det norske dialektlandskapet. Innføring i studiet av

dialekter. Cappelen Damm Akademisk

Otnes, Hildegunn og Bente Aamotsbakken (2012): Tekst i tid og rom. Norsk språkhistorie, Oslo: Det Norske Samlaget

Roe, Astrid (2011): Lesedidaktikk - etter den første leseopplæringen, Oslo: Universitetsforlaget NY

Skjelbred, Dagrun (2010): Fra Fadervår til Facebook: skolens lese- og skriveopplæring i et historisk perspektiv, Bergen: Fagbokforlaget

 

I kompendium:

Alver, Vigdis og E Selj (2008): «Å lese fagtekster på andrespråket» i E. Selj og E Ryen (red.): Med språklige minoriteter i klasserommet. Oslo: Cappelen Akademisk Forlag

Ansaldo, Kristina (2012): «Språk och ämnesundervisning i det flerspråkiga klassrummet» i Arntzen, Due og Hjelde: Flerspråklig oppvekst. Høgskolen i Østfold

Hertzberg, Frøydis og Olga Dyste (2012): «Prosesskriving - hvor står vi i dag?» i Matre, Synnøve m.fl. Teorier om tekst i møte med skolens lese- og skrivepraksiser, Oslo: Universitetsforlaget

Jansson, B. (2014): «Grannespråksundervisning» i Traavik, H. & Jansson, B. (red.): Norskboka 2. Norsk for grunnskolelærarutdanning 1-7, Oslo: Universitetsforlaget

Jansson, Benthe (2013): «Tale og skrift» i Traavik, H. & Jansson, B. (red.): Norskboka. Norsk for grunnskolelærarutdanning 1-7. Oslo: Universitetsforlaget

Mæhlum, Brit (2008): «Språk og identitet» i Mæhlum m.fl. (red.): Språkmøte. Innføring i sosiolingvistikk, Oslo: Cappelen akademisk forlag

Solheim, Randi, Ann Sylvi Larsen og Anne Charlotte Torvatn (2010): 'Skrivekulturar på mellomtrinnet - tre døme'. I Smidt, Jon (red.): Skriving i alle fag - innsyn og utspill. Trondheim: Tapir akademiske forlag

Stifoss-Hanssen, Astrid (2010): «Multimodal tekstskaping» i Tønnessen og Vollan: Begynneropplæring i en sammensatt tekstkultur. Kristiansand: Høgskoleforlaget

Sist hentet fra Felles Studentsystem (FS) 30. juni 2024 03:04:52