LSKNO22115 Språkhistorie, språkdidaktikk og språkleg mangfold (5-10) (Høst 2015)

Fakta om emnet

Studiepoeng:
15
Ansvarlig avdeling:
HiØ VIDERE
Studiested:
Høgskolen i Østfold, studiested Halden
Undervisningsspråk:
Norsk
Varighet:
½ år

Emnet er tilknyttet følgende studieprogram

Emnet Språkhistorie, språkdidaktikk og språkleg mangfald (5-10) er ein av to modular i studiet Norsk 2 for lærere 5-10 (30 studiepoeng)

Undervisningssemester

Hausten 2015.

Studentens læringsutbytte etter bestått emne

KUNNSKAP

Studenten

- har kunnskap om fleirspråklegheit, fleirspråkleg praksis og om det å lære norsk som eit andrespråk

- har utvida innsikt i korleis elevar med norsk som andrespråk kan vidareutvikle skriveferdigheitene sine

- har inngåande kunnskap om norsk språkhistorie

- har god innsikt i språklege endringsprosessar i fortid og samtid

- har god innsikt i talemålsvariasjonen i moderne norsk på historisk og dialektologisk grunnlag

- har kjennskap til språk som ungdom brukar

- har kunnskap om svensk, dansk og samisk og kjennskap til andre nordiske språk og nasjonale minoritetsspråk


FERDIGHEITER

Studenten

- kan vurdere og bruke relevante undervisningsmetodar i lese- og skriveopplæring på 5. - 10. trinn for elevar med norsk som andrespråk

- kan leggje til rette og gjennomføre undervisning i den målforma som er sidemål for elevane

- kan bruke kunnskap om talemål og skriftspråksnormering i skriveopplæringa

- kan leggje til rette for variert nabospråksundervisning

 

GENERELL KOMPETANSE

Studenten

- kan vurdere norskfaget og eigen praksis som norsklærar og grunngi vurderingane

- har innsikt i norskfaget ut frå forsking og i høve til fagets historie og kan reflektere kritisk og konstruktivt ut frå slike perspektiv på faget

- kan rettleie elevar i arbeidet med tekstar slik at dei kan utvikle seg sjølve, skaffe seg kunnskap og førebu seg for aktiv deltaking i samfunnslivet

- kan arbeide med språk og tekst i fleirkulturelle klassemiljø og utvikle språk- og kulturforståing

- kan sjå faget i eit større danningsperspektiv og undervisninga som ein del av opplæringa i eit aktivt deltakardemokrati

Innhold

Emnet er konsentrert om desse fagområda:

- Fleirspråklegheit og norsk som andrespråk

- Sidemålsdidaktikk

- Språkhistorie etter 1800

- Faghistorie

- Språkendring og talemålsvariasjon

- Språk i Norden

Det vil bli arbeidd både teoretisk og skoleretta med alle områda, i samsvar med måla for læringsutbyte.

Det vil også bli lagt vekt på at studentane skal utvikle eigen kompetanse i både skriftlege og munnlege sjangrar.

Undervisnings- og læringsformer

Studentane skal møte varierte arbeidsformer. Tilnærminga til stoffet skjer i hovudsak gjennom forelesingar, arbeid i grupper og individuelt arbeid. I lærarutdanninga er praksisfeltet viktig, og eigen yrkespraksis opnar for verdifull fagleg og didaktisk refleksjon knytt til både kunnskapsmål, ferdigheitsmål og generell kompetanse i norskfaget. Undervisninga byggjer på oppdatert forskningsbasert kunnskap.

Informasjons- og kommunikasjonsteknologi skal også gå inn som ein sentral del av norskstudiet. IKT blir brukt som ein reiskap for læring, rettleiing, samarbeid og dokumentasjon. Det samarbeides dessutan med høgskolebiblioteket om emne som litteratursøk, referanseteknikk og akademisk skriving.

Arbeidskrav - vilkår for å avlegge eksamen

Studentane får i semesteret fire oppgåver av fagleg og didaktisk karakter knytt til tema som det blir arbeidd med. Tre av oppgåvene skal leverast. Arbeida skal lagrast digitalt i mapper oppretta til dette. Tilbakemelding på desse arbeida vil dels vere frå faglærarar og dels frå andre studentar, og nokre av arbeida skal dessutan vurderast av studenten sjølv, f.eks. i form av refleksjonslogg. Begge målformer skal vere representerte i tekstane, kvar med om lag halvparten av tekstmengda. For å kunne framstille seg til eksamen, må alle arbeidskrava vere godkjente av faglærar.

Meir detaljert beskriving av innhaldet vil bli gitt ved undervisningsstart.

Eksamen

Munnleg eksamen

Den munnlege eksaminasjonen har eit omfang på omlag 30 minutt. I vurderinga vil både det faglige innhaldet og dei munnlige ferdigheitene bli vurdert.

Det blir nytta gradert karakterskala A-F, der A er beste og E dårlegaste beståtte karakter. Karakteren F betyr ikkje bestått. Vurderinga blir gjort av ein intern og ein ekstern sensor.

Evaluering av emnet

Emneansvarleg har ansvar for at det blir gjennomført evaluering av emnet.

Litteratur

Språkhistorie:

Otnes, Hildegunn og Bente Aamotsbakken (2006). Tekst i tid og rom. Norsk språkhistorie. Oslo: Det Norske Samlaget.

Språkhistoriske tekster i kompendium

Norsk som andrespråk:

Selj, Elisabeth og Else Ryen (red): Med språklige minoriteter i klasserommet. Cappelen 2008 Kapittel 1, 3, 5, 6, 8, 9, 10, 11 og 13

Malmo, Gunnbjørn: Mellomspråk og mellomspråksanalyse. og Norsk som andrespråk i grunnskolen. I Moslett, Inge og Peer Harry Bjørkeng (red.), Norskdidaktikk: tekstnær og elevnær undervisning. Oslo: Universitetsforlaget

Abrahamsson, Niclas: Andraspråksinlärning. Studentlitteratur 2009. Kapittel 3 og 4.

Språkendring og talemålsvariasjon, språknormering og ungdomsspråk:

Mæhlum, Brit og Unn Røyneland: Det norske dialektlandskapet: innføring i studiet av dialekter. Oslo: Cappelen Damm (2012)

Mæhlum, Brit m.fl. (red.) (2008). Språkmøte. Innføring i sosiolingvistikk. Oslo: Cappelen akademisk forlag. Niclas

Eli-Marie Drange: Fremmedspråklige slangord i norsk ungdomsspråk. I Eli-Marie Drange m.fl.: Jallaspråk, slanguage og annet ungdomsspråk i Norden Høyskoleforlaget 2002

Kristin Hagen Broch: Ungdomsspråk og forskere om ungdomsspråk. I Eli-Marie Drange m.fl.: Jallaspråk, slanguage og annet ungdomsspråk i Norden Høyskoleforlaget 2002

Nabospråk:

Otnes, Hildegunn og Bente Aamotsbakken 2006. Tekst i tid og rom. Norsk språkhistorie. Oslo: Det Norske Samlaget. Kap. 8 (25 s.)

Jørn Lund: Hvad skal vi med de nordiske sprog og sprogene i Norden i globaliseringens tidsalder? s. 9 (6s.)

Thomas Henriksen: En ny tilgang til nabosprogsundervisningen. I Sprog i Norden 2011 s. 117 (12s.)

Tor Ola Engen og Lars Anders Kulbrandstad: Tospråklighet, minoritetsspråk og minoritetsundervisning. Gyldendal 2004. Kapittel 5

Sidemålsdidaktikk:

Jansson, Benthe Kolberg og Synnøve Skjong (red.). Norsk=nynorsk og bokmål. Ei grunnbok om nynorsk i opplæringa. Oslo: Det Norske Samlaget. Kap. 1, 5, 6, 7 og 8

Generell kompetanse:

Gjeldande læreplan for grunnskolen (LK 06)

Opplæringslova og forskrift til opplæringslova

Sist hentet fra Felles Studentsystem (FS) 30. juni 2024 03:04:44