LNORP20219 Norsk/nordisk dramatisk litteratur (Vår 2024)

Fakta om emnet

Studiepoeng:
15
Ansvarlig avdeling:
Fakultet for lærerutdanninger og språk
Studiested:
Nettbasert undervisning.
Emneansvarlig:
Barbro Bredesen Opset
Undervisningsspråk:
Norsk
Varighet:
½ år

Emnet er tilknyttet følgende studieprogram

Obligatorisk emne i Norsk påbyggingsstudium (30 studiepoeng).

Undervisningssemester

2. semester (vår).

Studentens læringsutbytte etter bestått emne

Kunnskap
Studenten

  • har brei kunnskap om litteraturdidaktiske, litteraturteoretiske og tilhøyrande metodiske problemstillingar relevant for norskfaget

  • har god kunnskap om norsk/nordisk dramatisk litteratur, både generelt og i eit bestemt forfattarskap

Ferdigheter
Studenten

  • kan anvende litteraturteori i lesing av drama

  • kan reflektere over korleis dei litterære fordjupingstemaa i emnet er relevante for norskundervisning på ulike klassetrinn

  • kan gå i dialog om eiga skriving og nyttiggjere seg rettleiing i samband med oppgåveskriving og munnlege presentasjonar

Generell kompetanse
Studenten

  • kan formidle sentralt fagstoff i ein munnleg presentasjon

  • kan skrive ein lengre fagartikkel om eit bestemt tema innanfor norsk/nordisk dramatisk litteratur

  • kan utveksle litteraturfaglege synspunkt med medstudentar og lærarar

Innhold

Emnet er bygd opp rundt desse hovudpunkta:

  • Studium av litteraturvitskapleg teori og metode, spesielt dramateori og -analyse

  • Temastudium i litteratur: Norsk/nordisk drama

Undervisnings- og læringsformer

Emnet er nettbasert og fleksibelt.

Studentane kan følge forelesningar i sanntid, samtale om faglitteratur og samarbeide om tolke- og analyseoppgåver via digitale verktøy.

Deltaking i undervisninga er ikkje obligatorisk, men det er ein stor fordel å følge denne regelmessig.

Undervisninga vil vere nettbasert - blant anna med nettmøte, deling av skjermopptak og opptak av forelesingar, diskusjonsforum, og andre skriftlege og munnlege arbeidsformer som kan gjennomførast digitalt.

Studentane skal samtale om faglitteratur og samarbeide om tolke- og analyseoppgåver via digitale verktøy. Det blir også anbefalt at studentane brukar digitale verktøy for å diskutere faglege spørsmål utanom planlagt undervisning. Det blir gitt opplæring i dei verktøya som skal brukast. Tekniske spesifiseringar og krav blir klargjort og informert om før semesterstart.

Arbeidsomfang

I emnet må det reknast med minst 400 timar arbeidsinnsats, inkl. timeplanlagt undervisning, sjølvstudium, arbeidskrav, eksamensførebuing og eksamensgjennomføring.

Praksis

Det er ikkje knytt rettleidd praksis til emnet.

Arbeidskrav - vilkår for å avlegge eksamen

I løpet av semesteret blir det gitt oppgåver av fagleg og didaktisk karakter knytt til tema i emnet. Emnet har eitt obligatorisk arbeidskrav. Tema blir bestemt i samråd med faglærar.

  • Munnleg presentasjon av eit litterært tema knytt til emnet - retta mot medstudentar og/eller eit lærarkollegium i skolen. Presentasjonen kan gjennomførast digitalt, og skal i så fall gjerast tilgjengeleg for dei andre deltakarane på emnet.

Tilbakemelding på arbeidskrav kan dels vere frå faglærarar, dels frå andre studentar, dels kan dei bli vurdert av studenten sjølv (f.eks. refleksjonslogg). Meir detaljert beskriving av innhaldet i arbeidskravet vil bli gitt ved undervisningsstart.

Arbeidskravet må vere godkjent før studenten kan framstille seg til eksamen.

Eksamen

Individuell heimeeksamen over 5 dagar av fagartikkeltypen med eit kritisk, reflekterande og analytisk innhold knytt til ein eller fleire av tekstane i studiet. Omfang: 4000 ord (+/- 10 %). Innhaldsliste og litteraturliste kjem i tillegg.

Målform: Bokmål

Karakterregel: A-F.

Sensorordning

Intern og ekstern sensor.

Vilkår for ny/utsatt eksamen

Ny/utsatt eksamen blir gjennomført saman med ordinær eksamen neste studieår.

Evaluering av emnet

Studentane får anledning til å delta i evaluering av emnet (EVA3). Resultata blir handsama av programansvarlig og av faglærarane som er knytt til emnet.

Litteratur

Gjeldende litteraturliste for 2024 Vår finner du i Leganto
Sist hentet fra Felles Studentsystem (FS) 30. juni 2024 22:21:05