LUMNOR40117 Lesing, skriving og munnlegheit (Høst 2024)

Fakta om emnet

Studiepoeng:
15
Ansvarlig avdeling:
Fakultet for lærerutdanninger og språk
Studiested:
Halden
Emneansvarlige:
  • Maja Michelsen
  • Jessica Pedersen Belisle Hansen
Undervisningsspråk:
Norsk
Varighet:
½ år

Emnet er tilknyttet følgende studieprogram

Obligatorisk emne i Masterstudium i norsk i skolen (120 studiepoeng) (heiltid og deltid).

Undervisningssemester

1. semester (haust)

Studentens læringsutbytte etter bestått emne

Kunnskap
Studenten

  • har avansert forståing av literacy-omgrepet og kan sjå dette i eit tverrfagleg skoleperspektiv

  • har inngåande kunnskap om barn og unges deltaking i ulike tekstkulturar, både i og utanfor skolen

  • har inngåande og forskingsbasert kunnskap om utvikling av lese- og skrivekompetanse, og om vurdering og prøving av slik kompetanse

  • har god kunnskap om retorikk og om kva som kjenneteiknar munnleg språkbruk i ulike situasjonar

  • har avansert kunnskap om forholdet mellom skriftspråk og talespråk og om karakteristiske trekk ved skriftleg og munnleg kommunikasjon

Ferdigheiter
Studenten

  • kan reflektere over korleis forskingsbasert kunnskap kan brukast i arbeidet med lese- og skriveopplæring og legge til rette for tilpassa opplæring

  • kan drøfte korleis det kan leggast til rette for utvikling av lesekompetanse knytt til eit breitt spekter av tekster, blant anna læreboktekster og andre typar multimodale tekster

  • kan reflektere over korleis kunnskapar om likskapar og forskjellar mellom tale- og skriftspråk kan bidra til å gi god undervisning i skriftleg og munnleg bruk av språket 

  • kan drøfte korleis arbeid med både nynorsk og bokmål i skolen kan vere ein ressurs i utviklinga av språkleg kompetanse

Generell kompetanse
Studenten

  • kan sjå betydninga av å utvikle lesing, skriving og munnleg bruk av språket for den enkelte eleven og for samfunnet

  • kan sjå samanhengen mellom gode kunnskapar i lesing og skriving og demokrati og deltaking

  • kan vidareutvikle eigne digitale ferdigheiter og tilrettelegge for at elevar utviklar digitale ferdigheiter som redskap for læring

Innhold

Emnet Lesing, skriving og munnlegheit tar utgangspunkt i ei fagleg drøfting av det mangefasetterte omgrepet literacy. Omgrepet vil bli behandla både i eit skole- og undervisningsperspektiv og i eit vidare samfunnsperspektiv, og det vil bli sett inn i ein norskfagleg samanheng. Det vil også vere eit literacy-perspektiv retta mot å analysere og kritisk vurdere ulike tekster som barn produserer og møter i heim og skole. Dette skal mellom anna sette studentane i stand til å forstå korleis ulike multimodale tekster kan vere kjelder til barns danning, læring og identitetsbygging. 

Det vil vere ei forskingsbasert tilnærming til lese-, skrive- og munnlegopplæring, og drøftingar av korleis ny kunnskap innanfor dette feltet kan brukast i praksis. Lesing og skriving vil også bli tematisert i ein spesifikt norskspråkleg kontekst, med nynorsk og bokmål som jamstilte skriftspråk og opplæringsspråk i skolen.

Forholdet mellom skriftspråk og talespråk og karakteristiske trekk ved skriftleg og munnleg kommunikasjon vil også bli behandla.

Lesing, skriving og munnlegheit vil vere eit fagleg grunnlag for arbeidet med andre emne i masterstudiet.

Arbeidet med ei fagtekst er sentralt i emnet. I denne fagteksta kan studentane velje å konsentrere seg om det skoletrinnet dei rettar seg inn mot etter avslutta studium.

Undervisnings- og læringsformer

Det vil bli lagt opp til varierte undervisningsformer:

  • forelesingar
  • gruppearbeid
  • seminar med munnlege presentasjonar og tilbakemelding frå lærar og medstudentar
  • sjølvstudium og arbeid i kollokviegrupper

Arbeidsomfang

I emnet må det reknast med totalt 400 timar arbeidsinnsats, inkl. timeplanlagt undervisning, sjølvstudium, arbeidskrav, eksamensførebuing og eksamensgjennomføring

Praksis

Det er ikkje knytt praksis til dette emnet.

Arbeidskrav - vilkår for å avlegge eksamen

  1. Individuell, munnleg presentasjon av utkast til fagtekst på eit fagseminar. Utkastet skal vere grunnlag for arbeidskrav 2. Målform på skriftleg presentasjonsstøtte: nynorsk
  2. Levere ei individuell fagtekst etter vanlege normer for fagtekster til fastsett tid. Omfang: 5-8 sider, eksklusiv litteraturliste. Målform: nynorsk. NB. Studenten kan ikkje skrive om det same som i FOU-oppgåve/bacheloroppgåve eller anna større oppgåve som han eller ho har skrive og fått vurdert i føregåande studier.

Studenten vil få rettleiing og tilbakemelding frå faglærar og/eller medstudentar i arbeidet med den obligatoriske fagteksten.

Arbeidskrav blir vurdert til godkjent/ikkje godkjent.. Arbeidskrava må vere godkjende før studenten kan framstille seg til eksamen

Eksamen

Individuell, munnleg eksamen
Eksamen varer i om lag 40 minutt.
Eksamen er todelt: Kandidaten skal presentere eit fagleg relevant emne etter eige val. Presentasjonen skal vare i 5-10 minutt. Deretter vil det vere ein samtale om faglege spørsmål mellom kandidaten og sensorane. Både fagkunnskapar og evne til formidling og munnleg kommunikasjon vil bli vurdert.
Karakterregel A-F.

Sensorordning

Intern og ekstern sensor.

Evaluering av emnet

Tilbakemelding frå studentane midtvegs/undervegs og sluttevaluering.

Litteratur

Gjeldende litteraturliste for 2024 Høst finner du i Leganto
Sist hentet fra Felles Studentsystem (FS) 30. juni 2024 22:20:57