LUMNOR40417 Fleirspråklegheit (Vår 2023)

Fakta om emnet

Studiepoeng:
15
Ansvarlig avdeling:
Fakultet for lærerutdanninger og språk
Studiested:
Halden
Emneansvarlig:
Åshild Søfteland
Undervisningsspråk:
Sjå pkt. Undervisnings- og læringsformer
Varighet:
½ år

Emnet er tilknyttet følgende studieprogram

Obligatorisk emne i Masterstudium i norsk i skolen (120 studiepoeng) (heiltid og deltid).

Undervisningssemester

Heiltid: 2. semester (vår).

Deltid: 4. semester (vår).

Studentens læringsutbytte etter bestått emne

Kunnskap
Kandidaten

  • har inngåande kunnskap om fleirspråklegheit på individivå, og kunnskap om fleirspråklegheit på samfunnsnivå

  • har avansert kunnskap om korleis barn og unge utviklar eit andrespråk

  • har kunnskap om kva det vil seie å undervise klassar med fleirspråklege elevar, og korleis ein kan nytte fleirspråklegheita som ein ressurs

  • har kunnskap om språktypologi og relevante grammatiske språktrekk

  • har kunnskap om arvespråk og minoritetsspråk generelt, og spesielt om samisk i Noreg

Ferdigheiter
Kandidaten

  • kan plassere norsk språktypologisk og analysere det komparativt til andre språk

  • kan kartlegge og analysere språkutviklinga til elevar med norsk som andrespråk

  • kan planlegge og gjennomføre eit foredrag som viser sjølvstende innanfor det fleirspråklege fagområdet

Generell kompetanse
Kandidaten

  • kan delta i relevante faglege og didaktiske diskursar med fagleg tyngd, og kan kommunisere om faglege spørsmål knytt til fleirspråklegheit

  • kan bruke teoretisk innsikt til å reflektere over undervisningspraksis i klasserom prega av språkleg og kulturelt mangfald

  • har kompetanse til å fungere som ressursperson når det gjeld andrespråksundervisning og tilrettelegging for minoritetsspråklege elevar i skolen

Innhold

Dette emnet skal gi avansert kunnskap om fleirspråklegheit og andrespråkstematikk. Vi skal drøfte kva det vil seie å vere fleirspråkleg og å vekse opp med eitt eller fleire førstespråk, og kunnskap om korleis barn og unge utviklar andrespråket sitt vil bli spesielt vektlagt.

Det blir også lagt opp til studium av språktypologi i verdas språk, kontrastivt til nordisk, for å betre kunne analysere variasjonar i språkinnlæring.

Emnet skal gi innsikt i dei ressursar og utfordringar ulike kulturelle og språklege elevgrupper representerer, og korleis ein i klasserommet betre kan legge til rette for undervisningsformer som reflekterer det språklege og kulturelle mangfaldet som pregar samfunnet..

Emnet heng tematisk saman med NOR401 Lesing, skriving og munnlegheit og NOR403 Språk og samfunn, og vil sjå på fleirspråklegheit i forlenging av talemålsvariasjon og i samanheng med skriveopplæring i fleire målformer.

Undervisnings- og læringsformer

Undervisningsspråket er norsk og svensk.

Det vil bli lagt opp til varierte undervisningsformer:

  • Forelesingar og seminar

  • Diskusjon i grupper og i plenum

  • Feltarbeid og praktisk analyse

  • Sjølvstudium og kollokviegrupper

Studentar som vel oppgåver der dei kan komme i kontakt med særleg sårbare grupper (barn/unge), må levere politiattest før dei går i gang med oppgåva. Sjå generell del av studieplanen.

Arbeidsomfang

Emnet har eit forventa arbeidsomfang på om lag 400 timar.

Praksis

Det er ikkje praksis i emnet.

Arbeidskrav - vilkår for å avlegge eksamen

  1. Individuelt abstract til eksamensforedraget, sjå vurdering. Målform: bokmål.

  2. Individuell rapport frå praktisk oppgåve innanfor temaet komparativ grammatikk, ca. 2-3 sider. Delar av arbeidskravet kan gjennomførast som feltarbeid. Målform: nynorsk.

Tema og opplegg for begge arbeidskrav blir bestemt i samråd med læraren.

Studenten vil få rettleiing og tilbakemelding frå faglærar og/eller medstudentar på feltarbeid og oppgåveløysing, og på innlevert abstract.

Arbeidskrava må vere godkjende før studenten kan framstille seg til eksamen.

Eksamen

Individuell, munnleg eksamen

Munnleg eksamen i form av konferanseforedrag på ca. 20 minutt med påfølgjande høyring på inntil 10 minutt. Foredraget skal ta utgangspunkt i eit sjølvvalt emne innanfor dei faglege rammene for emnet. Både fagleg innhald og framføring blir vurdert. Konferanseforedraget er opent for medstudentar og andre tilhøyrarar.

Karakterregel: A-F.

Sensorordning

Intern og ekstern sensor.

Vilkår for ny/utsatt eksamen

Ved ikkje greidd eksamen kan kandidaten levere det same abstractet på nytt (arbeidskrav 2).

Ved ønske om forbetring av karakteren må kandidaten velje eit nytt tema og levere eit nytt abstract i samråd med faglærar før han/ho kan gå opp til eksamen på nytt.

Evaluering av emnet

Tilbakemelding frå studentane midtvegs/undervegs og sluttevaluering.

Litteratur

Gjeldende litteraturliste for 2023 Vår finner du i Leganto
Sist hentet fra Felles Studentsystem (FS) 30. juni 2024 18:20:58