LMUNOR40322 NOR403 Tekst og tekstkulturar (5-10) (Høst 2023)

Fakta om emnet

Studiepoeng:
15
Ansvarlig avdeling:
Fakultet for lærerutdanninger og språk
Studiested:
Halden
Emneansvarlige:
  • Jessica Pedersen Belisle Hansen
  • Barbro Bredesen Opset
Undervisningsspråk:
Norsk
Varighet:
½ år

Emnet er tilknyttet følgende studieprogram

Valbart emne for studentar som vel norsk som masterfordjuping (150 studiepoeng) i Grunnskolelærarutdanning 5-10.

Absolutte forkunnskaper

  • Bestått praksisperiodar i 4. studieår.

  • Bestått minimum 150 studiepoeng frå 1.-3. studieår.

  • Bestått 60 studiepoeng frå masterfordjupingsfaget i 1.-3. studieår

  • Bestått FoU-oppgåva i 3. studieår.

Undervisningssemester

9. semester (haust)

Studentens læringsutbytte etter bestått emne

Kunnskap

Studenten

  • har inngåande kunnskap om korleis identitet, kulturmøte, barndom og oppvekst blir tematisert i skjønnlitteratur

  • har kjennskap til teoriar om relasjonen mellom litteratur, identitet og fleirkulturalitet

  • har kjennskap til tekster som tar i bruk forskjellige estetiske uttrykksformar

  • har inngåande kunnskap om tekstteori generelt, teori om multimodalitet og teori fra interart-feltet

  • har avansert kunnskap om litteraturteori og litteraturdidaktikk og om praktiske og estetiske arbeidsmåtar i litteraturundervisninga på mellom- og ungdomstrinnet

  • har inngåande kunnskap om kva som kjenneteiknar ungdomslitteratur samanlikna med litteratur for vaksne

Ferdigheiter

Studenten

  • kan analysere eit verk med fokus på eit utvald motiv og / eller tema, demonstrere kjennskap til tidlegare forskning ved å trekke inn sekundærlitteratur i ein tekstanalyse og knytte analysen an til relevant teori

  • kan reflektere teoretisk og didaktisk over bruk av litteratur i klasserommet

  • kan analysere og vurdere ulike typar multimodale tekster, og kan arbeide med denne typen tekster i skolen

  • kan nytte utforskande og kreative arbeidsmåtar i litteraturundervisninga

Generell kompetanse

Studenten

  • har ei kritisk tilnærming til tekst- og mediekulturar som barn og unge deltar i

  • kan bidra i faglege diskusjonar som angår barn og unge i spørsmål om literacy, litteratur, læring og multimodalitet.

  • kan drøfte korleis skjønnlitteratur kan gi perspektiv på identitetsarbeid i eit samfunn i endring

Innhold

I dette emnet står analyse av skjønnlitterære og samansatte tekster i ulike sjangrar og medium sentralt. Her blir skjønnlitterære tekster behandla teoretisk, tolka og drøfta, med ei særleg merksemd mot analyse av skjønnlitterære uttrykk for kulturmøte, identitet og utforsking av fleirspråklegheit.

Emnet vidarefører literacy-perspektivet i NOR401 Lesing, skriving og munnlegheit ved at studentane skal analysere og kritisk vurdere ulike tekster med ulike estetiske uttrykk eller modalitetar.

Det skjønnlitterære tekstutvalet representerer ulike sjangrar og er valt både frå nordisk og internasjonal litteratur, hovudsakleg frå samtidslitteraturen. Teoripensumet skal bidra til å sette litteraturen inn i teoretiske og didaktiske samanhengar.

Undervisnings- og læringsformer

Det vil bli lagt opp til varierte undervisningsformer:

  • Forelesingar og seminar
  • Diskusjonar i grupper og i plenum
  • Tekstanalysar i grupper og aleine
  • Sjølvstudium og kollokviegrupper

Digitale arbeidsmåtar i emnet er blant anna: Pensum og arbeidskrav om barn og unges bruk av digitale medium, analysar av multimodale tekster, studentsamarbeid om utvikling av enkle digitale læringsressursar for elevar i skolen.

Arbeidsomfang

I emnet må det reknast med totalt 400 timar arbeidsinnsats, inkl. timeplanlagt undervisning, sjølvstudium, arbeidskrav, eksamensførebuing og eksamensgjennomføring.

Praksis

Det er to veker praksis i 9. semester, inkludert skoleovertaking. Sjå nærmare informasjon i programplan for Grunnskolelærarutdanning 5-10 og Plan for praksis (5-10).

NOR403 har ansvar for praksisperioden. Det er knytt arbeidskrav til praksisperioden; sjå pkt. Arbeidskrav.

Arbeidskrav - vilkår for å avlegge eksamen

  1. Individuell fagartikkel på 5-7 sider som knytter ein skjønnlitterær tekst til relevant teori, t.d. om oppbrot, kulturmøte, identitet, danning. Målform: valfritt
  2. Individuell munnleg framføring på 15 minutt der ein analyserer og drøftar kritisk ei sjølvvald samansett tekst ut frå sentrale fagomgrep
  3. Obligatorisk deltaking i undervisninga. Minimum 80 % oppmøte
  4. Prosjektbeskriving til masteroppgåva
  5. Deltaking på profesjonsdagar
  6. Refleksjonsnotat frå skoleovertaking (jf. Plan for praksis)
  7. Praksis må vere bestått (jf. Plan for praksis)

Studenten vil få tilbakemelding frå faglærar og/eller medstudentar på arbeidskrava.

Arbeidskrava må vere godkjende før studenten kan framstille seg til eksamen.

Eksamen

Individuell, skriftleg heimeeksamen, 5 dagar

Studentane får utdelt eksamensoppgåve fem dagar før innleveringsfristen. Eksamenssvaret skal vere på ca. 3000 ord. Litteraturliste og innhaldsliste kjem i tillegg. Målform: bokmål eller nynorsk.

Karakterregel: A-F.

Sensorordning

Intern og ekstern sensor.

Evaluering av emnet

Emnet vert i samsvar med HiØ sitt kvalitetssystem evaluert etter kvart semester.

Litteratur

Gjeldende litteraturliste for 2023 Høst finner du i Leganto
Sist hentet fra Felles Studentsystem (FS) 30. juni 2024 18:19:00