LMUTYS40517 TYS405 Masteroppgave i tysk (5-10) (Vår 2022)

Fakta om emnet

Studiepoeng:
30
Ansvarlig avdeling:
Fakultet for lærerutdanninger og språk
Studiested:
Emnet er hovedsakelig nettbasert. Se pkt. Undervisnings- og læringsformer.
Undervisningsspråk:
Tysk
Varighet:
½ år

Emnet er tilknyttet følgende studieprogram

Emnet er obligatorisk for studentar som vel tysk som masterfordjuping (150 studiepoeng) i Grunnskolelærarutdanning 5-10.

Absolutte forkunnskaper

For å starte på emnet og få tildelt rettleiar må studenten ha:

  • Bestått praksisperiodar i 4. studieår

  • Bestått minimum 150 studiepoeng frå 1.-3. studieår

  • Bestått 60 studiepoeng frå masterfordjupingsfaget

  • Bestått emnet VIT404 Vitenskapsteori og metode

Før studenten kan levere masteroppgåva til sluttvurdering må alle emne og praksisperiodar i studiet vere bestått.

Undervisningssemester

10. semester (vår).

Studentens læringsutbytte etter bestått emne

Kunnskap

Kandidaten

  • har avansert, spesialisert kunnskap innanfor eit avgrensa tyskfagleg eller tyskdidaktisk område

  • har inngåande kunnskap om vitskapsteoretiske og forskingsmetodiske problem-stillingar med relevans for eiga masteroppgåve og for arbeid med tyskfaget i skolen

  • har inngåande kunnskap om aksepterte normer for vitskapleg framstilling

Ferdigheiter Kandidaten

  • kan gjennomføre eit sjølvstendig vitskapeleg arbeid

  • kan vurdere og bruke relevante metodar for tyskfagleg og tyskdidaktisk forsking på ein sjølvstendig måte

  • kan vurdere relevant forsking, og sjølv bidra med forskingsbasert kunnskap i arbeidet med å vidareutvikle tyskfaget i skolen

  • kan sette seg inn i litteratur som er relevant for å drive forsking innanfor eit avgrensa tyskfagleg eller tyskdidaktisk område

Generell kompetanse Kandidaten

  • kan reflektere over forskingsetiske spørsmål

  • kan formidle eit omfattande sjølvstendig forskingsarbeid innanfor fagområdet

  • beherskar relevant fagspråk og fagsjangrar

  • kan bidra til utvikling av tysk som undervisningsfag i skolen

Innhold

Dette emnet består av sjølve masteroppgåva. Studenten skal under rettleiing utforme og gjennomføre eit forskingsprosjekt som blir dokumentert gjennom ei skriftleg oppgåve, masteroppgåva. Studenten vel sjølv tema for oppgåva i samråd med rettleiar. Temaet må vere knytt til det faglege innhaldet i studiet.

Arbeidet med masteroppgåva skal først og fremst gi eiga erfaring med vitskapleg arbeid. I tillegg skal arbeidet med oppgåva gi erfaring med språkdidaktiske, litteraturdidaktiske eller andre tyskdidaktiske problemstillingar.

Undervisnings- og læringsformer

Emnet er hovedsakelig nettbasert. Det er obligatoriske samlinger på campus i Halden. Veiledning blir gitt på nett og/eller på campus.

Det er fire obligatoriske oppgåveseminar á 5 timar i emnet med lesing av modelltekster, tekster frå medstudentar og drøfting av relevante problemstillingar.

Det blir nytta varierte arbeidsformer og tilnærmingsmåtar:

  •   litteraturstudium

  •   tilbakemelding på andre studentar sine tekster

  •   gruppediskusjonar

  •   datainnsamling

  •   planlegging og gjennomføring av ei større fagleg framstilling

  •   oppgåveseminar

  •   rettleiing

Det blir gitt inntil 15 timar rettleiing. I samarbeid med biblioteket vil det bli undervist i referanseteknikk og avansert litteratursøk.

Studenten må i tillegg delta på annen obligatorisk aktivitet i tråd med programplanen for GLU 5-10, se Programplan generell del og Plan for praksis.

Arbeidsomfang

I emnet må det reknast med totalt 800 timar arbeidsinnsats, inkl. timeplanlagt undervisning, sjølvstudium, arbeidskrav, skriving og levering av masteroppgåva.

Praksis

Det er ikke veiledet praksis i 10. semester. Se nærmere informasjon i programplan for Grunnskolelærerutdanning 5-10 og Plan for praksis (5-10).

Arbeidskrav - vilkår for å avlegge eksamen

Deltaking på oppgåveseminar/skriveseminar med obligatorisk tilbakemelding på medstudentar sine skriftlege arbeid. Det er lagt opp til fire seminar á 5 timar. Studentane må vere til stades på alle seminarane.

  1. Rettleiing er obligatorisk i arbeidet med masteroppgåva. Det skal utarbeidast kontrakt om rettleiing. Studenten skal møte til minimum tre rettleiingar.

Arbeidskrava må vere godkjende før studenten kan framstille seg til eksamen.

Eksamen

Skriftlig masteroppgåve
Oppgaven kan skrives individuelt eller i par.

Omfang individuelle oppgåver: 80 sider +/- 10 % Oppgåver som er skrivne i samarbeid: 100 sider +/- 10% (Litteraturliste og vedlegg kjem i tillegg)

Språk: Tysk

Karakterregel: A-F.

Vurderinga legg vekt på sjølvstende, originalitet, teoretisk forankring, metodisk refleksjon og god skriftleg framstilling i tråd med krava til vitskaplege arbeid.

Oppgåva skal skrivast med 12 pkt. Times New Roman eller tilsvarande, linjeavstand 1 ½. Oppgåva skal leverast digitalt etter bestemte retningslinjer.

Masteroppgåva skal til elektronisk plagiatkontroll. Plagiering og avskrift av faglitteratur og andre skriftlege arbeid utan korrekt bruk av referansar/kjelder vil bli vurdert som forsøk på fusk.

Sensorordning

Intern og ekstern sensor.

Vilkår for ny/utsatt eksamen

Ny/utsett eksamen i masteroppgåva er regulert i forskrift om eksamen, studierett og grader ved Høgskolen i Østfold. Ved ikkje greidd resultat kan kandidaten levere omarbeidd oppgåve éin gong. Ved ønske om forbetring av karakter må kandidaten levere ny oppgåve med ny problemstilling. Ved levering av ny oppgåve har ikkje kandidaten krav på ny rettleiing.

Evaluering av emnet

Evaluering av dette emnet skjer i samband med samla evaluering av studiet i siste semester.

Litteratur

Det er ikkje felles litteratur knytt til dette emnet. Studentane vel sjølve relevant faglitteratur til masteroppgåva.

Sist hentet fra Felles Studentsystem (FS) 18. juli 2024 03:02:04