LMUNOR40217 NOR402 Fleirspråklegheit (5-10) (Vår 2021)

Fakta om emnet

Studiepoeng:
15
Ansvarlig avdeling:
Fakultet for lærerutdanninger og språk
Studiested:
Halden
Undervisningsspråk:
Norsk
Varighet:
½ år

Emnet er tilknyttet følgende studieprogram

Emnet er obligatorisk for studentar som vel norsk som

  • masterfordjuping (150 studiepoeng) i Grunnskolelærarutdanning 5-10

  • undervisningsfag (90 studiepoeng) i kombinasjon med Profesjonsretta pedagogikk som masterfordjuping i Grunnskolelærarutdanning 5-10

Absolutte forkunnskaper

  • Bestått praksisperiodar i 3. studieår

  • Bestått minimum 150 studiepoeng frå 1.-3. studieår

  • Bestått 60 studiepoeng frå masterfordjupningsfaget

  • Bestått FoU-oppgåva i 3. studieår

Undervisningssemester

8. semester (vår)

Studentens læringsutbytte etter bestått emne

Kunnskap

Kandidaten

  • har inngåande kunnskap om fleirspråklegheit på individnivå, og kunnskap om fleirspråklegheit på samfunnsnivå

  • har avansert kunnskap om korleis barn og unge utviklar eit andrespråk

  • har kunnskap om kva det vil seie å undervise klassar med fleirspråklege elevar, og korleis ein kan nytte fleirspråklegheita som ein ressurs

  • har kunnskap om språktypologi og relevante grammatiske språktrekk

  • har kunnskap om arvespråk og minoritetsspråk generelt, og spesielt om samisk i Noreg

Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan plassere norsk språktypologisk og analysere det kontrastivt til andre språk

  • kan tilpasse undervisning i lesing og skriving til elevar som har norsk som andrespråk

  • kan kartlegge og analysere språkutviklinga til elevar med norsk som andrespråk

  • kan bruke teoretisk innsikt til å reflektere over undervisningspraksis i klasserom prega av språkleg og kulturelt mangfald

Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan delta i relevante faglege og didaktiske diskursar med fagleg tyngd, og kan kommunisere om faglege spørsmål knytt til fleirspråklegheit

  • har kompetanse til å fungere som ressursperson når det gjeld andrespråksundervisning og tilrettelegging for minoritetsspråklege elevar i skolen

Innhold

Dette emnet skal gi avansert kunnskap om fleirspråklegheit og andrespråkstematikk. Vi skal drøfte kva det vil seie å vere fleirspråkleg og å vekse opp med eitt eller fleire førstespråk. Kunnskap om korleis barn og unge utviklar andrespråket sitt vil bli spesielt vektlagt.

Det blir også lagt opp til studium av språktypologi, for betre å kunne analysere variasjonar i språkinnlæring.

Emnet skal gi innsikt i fleirspråklegheit som ressurs og utfordring, og korleis ein i klasserommet betre kan legge til rette for undervisningsformer som reflekterer eit språkleg og kulturelt mangfald.

Emnet bygger vidare på NOR401 Lesing, skriving og munnlegheit, og vidareutviklar desse emna med tanke på fleirspråklegheit.

Undervisnings- og læringsformer

Det vil bli lagt opp til varierte undervisningsformer:

  • Forelesingar og seminar

  • Diskusjon i grupper og i plenum

  • Sjølvstudium og kollokviegrupper

Digitale arbeidsmåtar i emnet er blant anna:Testing av nettressursar i norsk som andrespråk (f.eks. NOW, L1-L2map og videoleksjonar i norsk uttale utarbeidd ved NTNU), vidareopplæring i bruk av skrivehjelp på nett (t.d. språkrådet.no), vidareopplæring i bruk av talespråkskorpus til analysar av språkleg variasjon.

Arbeidsomfang

I emnet må det reknast med totalt 400 timar arbeidsinnsats, inkl. timeplanlagt undervisning, sjølvstudium, arbeidskrav, eksamensførebuing og eksamensgjennomføring.

Praksis

Det er fire veker praksis i 8. semester inkludert éi veke i vidaregåande skole der temaet er overgangen ungdomsskole-vidaregåande skole. Sjå nærmare informasjon i programplan for Grunnskolelærarutdanning 5-10 og Plan for praksis (5-10).

NOR402 har ansvar for praksisperioden.

Det er knytt arbeidskrav til praksisperioden; sjå pkt. Arbeidskrav.

Arbeidskrav - vilkår for å avlegge eksamen

  1. Vurdering av elevtekst skriven av elev med norsk som andrespråk. Målform: nynorsk

  2. Individuelt abstract til eksamensforedraget, sjå Vurdering. Målform: bokmål.

  3. Deltaking på profesjonsdagar

  4. Praksisrapport der studenten reflekterer over utvikling frå 1.-4. studieår sett i relasjon til læringsutbytte og anna innhald i Plan for praksis (5-10). (jf. Plan for praksis)

  5. Praksis må vere bestått (jf. Plan for praksis)

Tema og opplegg for arbeidskrav nr. 1 og 2 blir bestemt i samråd med læraren.

Studenten vil få rettleiing og tilbakemelding frå faglærar og/eller medstudentar på innlevert abstract.

Arbeidskrava må vere godkjende før studenten kan framstille seg til eksamen.

Eksamen

Individuell munnleg eksamen

Eksamen har form av konferanseforedrag på ca. 25 minutt. Foredraget skal ta utgangspunkt i eit sjølvvalt tema innanfor dei faglege rammene for emnet. Både fagleg innhald og framføring blir vurdert. Konferanseforedraget er opent for medstudentar og andre tilhøyrarar, for eksempel lærarar frå praksisfeltet.

Karakterregel: A-F.

Intern og ekstern sensor.

Ved ikkje greidd eksamen kan kandidaten gjennomføre ny eksamen etter same tema ein gong. Ved ønske om forbetring av karakter må kandidaten velje eit nytt tema i samråd med faglærar.

Evaluering av emnet

Tilbakemelding frå studentane midtvegs/undervegs og sluttevaluering.

Litteratur

Litteraturlista er sist oppdatert 14.01.2021.

Bøker
Eriksen, Thomas Hylland (2008). Globalisering. Åtte nøkkelbegreper. Oslo: Universitetsforlaget. (188 sider)

Krulatz, A., A. Dahl & M.E. Flognfeldt (2018). Enacting Multilingualism. Cappelen Damm. Del 1 Kap. 1-9, 11 og 19 (127 sider)

Næss, Åshild (2019). Global grammatikk. Språktypologi for språklærere. Oslo: Gyldendal akademisk. (274 sider)

Artiklar og enkeltkapittel
Abrahamsson, N. (2009). Modersmålets inflytande: dess manifesttationer, begränsningar och orsaker. I N. Abrahamsson Andraspråksinlärning (s. 235-253). Lund: Studentlitteratur. (18 sider)

Arntzen, R., Karlsen, J. (2019). Språkressurser, språkvalg og språkskifte: En studie av tospråklige barn frå fem- til tolvårsalder. NOA norsk som andrespråk (1), 32 – 60. (28 sider)

Arntzen, R., Kvifte, Bjørn, Hjelde, Arnstein (2017). Andrespråkelevers møte med obligatoriske leseprøver frå småskole- til mellomtrinn. NOA. Norsk som andrespråk (1), p. 33-62. (29 sider)

Barac, R. & Bialystok, E. (2011). Cognitive development of bilingual children. Language Teaching, 44(1), 36-54. (18 sider)

Brøseth, Heidi, Kristin Melum Eide & Tor Åfarli (2019). Språket som system. Norsk språkstruktur. Bergen: Fagbokforlaget, kap. 1, 10–12. (104 sider)

Cummins, J. (2008). BICS and CALP: Empirical and theoretical status of the distinction. Encyclopedia of language and education (s. 487-499): Springer. (12 sider)

Emilsen, Linda Evenstad & Åshild Søfteland. (2018). Andrespråksanalyser av barns spontantale. NOA Norsk som andrespråk 1-2, 128-157. (29 sider).

Emilsen, Linda E. & Søfteland, Åshild. 2020. L2 acquisition in a rich dialectal environment: Some methodological considerations when SLA meets dialectology. In Amanda Edmonds, Pascale Leclercq & Aarnes Gudmestad (eds.), Interpreting language-learning data, 9–38. Berlin: Language Science Press. (29 sider)

Fondevik, B. (2015). Kartlegging og vurdering av skriveferdigheiter på ungdomssteget. I A. Golden & E. Selj (red.) Skriving på norsk som andrespråk. Cappelen Damm Akademisk (s. 35-52)

García, O. & Wei, L. (med Dewilde, J.). (2019). Transspråking - Språk, flerspråklighet og opplæring (I.S. Holmes, overs.). Oslo: Cappelen Damm Akademisk. Kapittel 1 og 2. (38 sider)

Helander, Nils Ø. (2009). Samisk språk og samiske språkforhold – med særlig vekt på nordsamisk. I Bull, Tove & Anna-Riitta Lindgren (red.). De mange språk i Norge. Flerspråklighet på norsk. Oslo: Novus. (s. 125-140) (16 sider)

Hjelde, Arnstein (2012). «Folkan mine, dæm bære snakka norsk.» Norsk i Wisconsin frå 1940-talet og fram til i dag. Norsk lingvistisk tidsskrift 30/2. (s. 183-203) (21 sider)

Håkansson m.fl. (2003). Measuring language development in bilingual children: Swedish-Arabic children with and without language impairment. Linguistics 41–2. (s. 255–288) (34 sider)

Kjelaas, I. & Ommeren, R.V. (2019). Legitimering av flerspråklighet. En kritisk diskursanalyse av fire læreplaner i språk. NOA - Norsk som andrespråk, 35(1), 5 - 31. (26 sider)

Lane, Pia (2010) ‘‘We did what we thought was best for our children’’: a nexus analysis of language shift in a Kven community. International Journal of the Sociology (15 sider)

Olsen, Torjer A., Hilde Sollid og Åse Mette Johansen (2017). Kunnskap om samiske forhold som integrert del av lærerutdanningene. Acta Didactica Norge (11), 2, Art. 5. (15 sider).

Sollid, H. (2019, 19. juni). Språklig mangfold som språkpolitikk i klasserommet. Målbryting, ss. 1-21. doi:http://dx.doi.org/https://doi.org/10.7557/17.4807 (20 sider)

Anbefalt litteratur:
Dewilde, Joke (2016). «En bred tilnærming til skriving får fram kreative og kritiske skrivere». Utdanningsnytt. Kan hentes på: https://www.utdanningsnytt.no/debatt/2016/august/flerspraklig-skriving-i-skolen/ (Ca. 9 sider)

Bathia, TK, Ritchie, WTC (2013). The handbook of bilingualism and multilingualism. Blackwell publishing

Golden, A & Selj, E (2015). Skriving på Norsk som andrespråk. Cappelen.

Gujord, A.K., Randen, G.T. (red.) (2018). Norsk som andrespråk – perspektiver på læring og utvikling. Cappelen.

Kulbrandstad, LA, Steien, GB (2020). Språkreiser. Festskrift til Anne Golden. Novus forlag.

Sist hentet fra Felles Studentsystem (FS) 18. juli 2024 02:52:48