LMBNOR40217 NOR402 Fleirspråklegheit (1-7) (Vår 2021)

Fakta om emnet

Studiepoeng:
15
Ansvarlig avdeling:
Fakultet for lærerutdanninger og språk
Studiested:
Halden
Emneansvarlig:
Karine Stjernholm
Undervisningsspråk:
Norsk
Varighet:
½ år

Emnet er tilknyttet følgende studieprogram

Emnet er obligatorisk for studentar som vel norsk som

  • masterfordjuping (150 studiepoeng) i Grunnskolelærarutdanning 1-7

  • undervisningsfag (90 studiepoeng) i kombinasjon med Profesjonsretta pedagogikk som masterfordjuping i Grunnskolelærarutdanning 1-7

Absolutte forkunnskaper

  • Bestått praksisperiodar i 3. studieår.

  • Bestått minimum 150 studiepoeng frå 1.-3. studieår, Alle obliagatoriske emne må vere bestått (90 studiepoeng).

  • Bestått 60 studiepoeng frå masterfordjupingsfaget.

  • Bestått FoU-oppgåva i 3. studieår.

Undervisningssemester

8. semester (vår).

Studentens læringsutbytte etter bestått emne

Kunnskap
Kandidaten har

  • inngåande kunnskap om fleirspråklegheit på individivå, og kunnskap om fleirspråklegheit på samfunnsnivå

  • avansert kunnskap om korleis barn og unge utviklar eit andrespråk

  • kunnskap om kva det vil seie å undervise i klassar med fleirspråklege elevar på barnetrinnet, og korleis ein kan nytte fleirspråklegheita som ein ressurs

  • kunnskap om språktypologi og relevante grammatiske språktrekk

  • kunnskap om arvespråk og minoritetsspråk generelt, og spesielt om samisk i Noreg

Ferdigheiter
Kandidaten kan

  • plassere norsk språktypologisk og analysere det kontrastivt til andre språk

  • tilpasse undervisning i lesing og skriving til elevar som har norsk som andrespråk

  • vurdere ulike kartleggingsverktøy og kartlegge og analysere språkutviklinga til elevar med norsk som andrespråk

  • bruke teoretisk innsikt til å reflektere over undervisningspraksis i klasserom prega av språkleg og kulturelt mangfald

Generell kompetanse
Kandidaten

  • kan delta i relevante faglege og didaktiske diskursar med fagled tyngd, og kan kommunisere om faglege spørsmål knytt til fleirspråklegheit

  • har kompetanse til å fungere som ressursperson når det gjeld andrespråksundervisning og tilrettelegging for minoritetsspråklege elevar i skolen

Innhold

Dette emnet skal gi avansert kunnskap om fleirspråklegheit og andrespråkstematikk på barnetrinnet. Vi skal drøfte kva det vil seie å vere fleirspråkleg og å vekse opp med eitt eller fleire førstespråk. Kunnskap om korleis barn og unge utviklar andrespråket sitt vil bli spesielt vektlagt.

Det blir også lagt opp til studium av språktypologi, for å betre kunne analysere variasjonar i språkinnlæring.

Emnet skal gi innsikt i fleirspråklegheit som ressurs og utfordring, og korleis ein i klasserommet betre kan legge til rette for undervisningsformer som reflekterer eit språkleg og kulturelt mangfald.

Emnet bygger vidare på NOR401. Lesing, skriving og munnlegheit, og vil sjå på fleirspråklegheit i forlenging av talemålsvariasjon og i samanheng med skriveopplæring i fleire målformer og vidareutviklar desse emna med tanke på fleirspråklegheit.

Undervisnings- og læringsformer

Det vil bli lagt opp til varierte undervisningsformer:

  • Forelesingar og seminar

  • Diskusjon i grupper og i plenum

  • Sjølvstudium og kollokviegrupper

Digitale arbeidsmåtar i emnet er blant anna:Testing av nettressursar i norsk som andrespråk (f.eks. NOW, L1-L2map eller videoleksjonar i norsk uttale utarbeidd ved NTNU), vidareopplæring i bruk av skrivehjelp på nett (t.d. språkrådet.no), vidareopplæring i bruk av talespråkskorpus til analysar av språkleg variasjon.

Arbeidsomfang

I emnet må det reknast med totalt 400 timar arbeidsinnsats, inkl. timeplanlagt undervisning, sjølvstudium, arbeidskrav, eksamensførebuing og eksamensgjennomføring.

Praksis

Det er fire veker praksis i 8. semester inkludert ei veke i barnehage med tema overgang barnehage-skole. Sjå nærmare informasjon i programplan for Grunnskolelærarutdanning 1-7 og Plan for praksis (1-7).

NOR402 har hovudansvar for praksis.

Det er knytt arbeidskrav til praksisperioden; sjå pkt. Arbeidskrav.

Arbeidskrav - vilkår for å avlegge eksamen

  1. Skriftlig innlevering, vurdering av elevtekst skriven av en elev med norsk som 2. språk. Målform: nynorsk.

  2. Individuelt abstract til eksamensforedraget, sjå vurdering. Målform: bokmål.

  3. Deltakelse på profesjonsdager

  4. Praksisrapport der studenten reflekterer over utvikling frå 1.-4. studieår sett i relasjon til læringsutbytte og anna innhald i plan for praksis (jf. Plan for praksis)

  5. Praksis må være bestått (jf. Plan for praksis)

Tema og opplegg for arbeidskrav 1 og 2 blir bestemt i samråd med læraren.Studenten vil få rettleiing og tilbakemelding frå faglærar og/eller medstudentar og på innlevert abstract.

Arbeidskrava må vere godkjende før studenten kan framstille seg til eksamen.

Eksamen

Individuell munnleg eksamen Eksamen har form av konferanseforedrag på ca. 25 minutt. Foredraget skal ta utgangspunkt i eit sjølvvalt tema innanfor dei faglege rammene for emnet. Både fagleg innhald og framføring blir vurdert. Konferanseforedraget er opent for medstudentar og andre tilhøyrarar, til dømes lærarar frå praksisfeltet

Karakterregel: A-F.

Sensorordning

Intern og ekstern sensor.

Vilkår for ny/utsatt eksamen

Ved ikkje greidd eksamen kan kandidaten gjennomføre ny eksamen etter same tema ein gong.

Ved ønske om forbetring av karakter må kandidaten velje eit nytt tema i samråd med faglærar.

Evaluering av emnet

Tilbakemelding frå studentane midtvegs/undervegs og sluttevaluering.

Litteratur

Litteraturlista er sist oppdatert 14.01.2021.

Bøker
Eriksen, Thomas Hylland (2008). Globalisering. Åtte nøkkelbegreper. Oslo: Universitetsforlaget. (188 sider)

Krulatz, A., A. Dahl & M.E. Flognfeldt (2018). Enacting Multilingualism. Cappelen Damm. Del 1 Kap. 1-9, 11 og 19 (127 sider)

Næss, Åshild (2019). Global grammatikk. Språktypologi for språklærere. Oslo: Gyldendal akademisk. (274 sider)

Artiklar og enkeltkapittel
Abrahamsson, N. (2009). Modersmålets inflytande: dess manifesttationer, begränsningar och orsaker. I N. Abrahamsson Andraspråksinlärning (s. 235-253). Lund: Studentlitteratur. (18 sider)

Arntzen, R., Karlsen, J. (2019). Språkressurser, språkvalg og språkskifte: En studie av tospråklige barn frå fem- til tolvårsalder. NOA norsk som andrespråk (1), 32 – 60. (28 sider)

Arntzen, R., Kvifte, Bjørn, Hjelde, Arnstein (2017). Andrespråkelevers møte med obligatoriske leseprøver frå småskole- til mellomtrinn. NOA. Norsk som andrespråk (1), p. 33-62. (29 sider)

Barac, R. & Bialystok, E. (2011). Cognitive development of bilingual children. Language Teaching, 44(1), 36-54. (18 sider)

Brøseth, Heidi, Kristin Melum Eide & Tor Åfarli (2019). Språket som system. Norsk språkstruktur. Bergen: Fagbokforlaget, kap. 1, 10–12. (104 sider)

Cummins, J. (2008). BICS and CALP: Empirical and theoretical status of the distinction. Encyclopedia of language and education (s. 487-499): Springer. (12 sider)

Emilsen, Linda Evenstad & Åshild Søfteland. (2018). Andrespråksanalyser av barns spontantale. NOA Norsk som andrespråk 1-2, 128-157. (29 sider).

Emilsen, Linda E. & Søfteland, Åshild. 2020. L2 acquisition in a rich dialectal environment: Some methodological considerations when SLA meets dialectology. In Amanda Edmonds, Pascale Leclercq & Aarnes Gudmestad (eds.), Interpreting language-learning data, 9–38. Berlin: Language Science Press. (29 sider)

Fondevik, B. (2015). Kartlegging og vurdering av skriveferdigheiter på ungdomssteget. I A. Golden & E. Selj (red.) Skriving på norsk som andrespråk. Cappelen Damm Akademisk (s. 35-52)

García, O. & Wei, L. (med Dewilde, J.). (2019). Transspråking - Språk, flerspråklighet og opplæring (I.S. Holmes, overs.). Oslo: Cappelen Damm Akademisk. Kapittel 1 og 2. (38 sider)

Helander, Nils Ø. (2009). Samisk språk og samiske språkforhold – med særlig vekt på nordsamisk. I Bull, Tove & Anna-Riitta Lindgren (red.). De mange språk i Norge. Flerspråklighet på norsk. Oslo: Novus. (s. 125-140) (16 sider)

Hjelde, Arnstein (2012). «Folkan mine, dæm bære snakka norsk.» Norsk i Wisconsin frå 1940-talet og fram til i dag. Norsk lingvistisk tidsskrift 30/2. (s. 183-203) (21 sider)

Håkansson m.fl. (2003). Measuring language development in bilingual children: Swedish-Arabic children with and without language impairment. Linguistics 41–2. (s. 255–288) (34 sider)

Kjelaas, I. & Ommeren, R.V. (2019). Legitimering av flerspråklighet. En kritisk diskursanalyse av fire læreplaner i språk. NOA - Norsk som andrespråk, 35(1), 5 - 31. (26 sider)

Lane, Pia (2010) ‘‘We did what we thought was best for our children’’: a nexus analysis of language shift in a Kven community. International Journal of the Sociology (15 sider)

Olsen, Torjer A., Hilde Sollid og Åse Mette Johansen (2017). Kunnskap om samiske forhold som integrert del av lærerutdanningene. Acta Didactica Norge (11), 2, Art. 5. (15 sider).

Sollid, H. (2019, 19. juni). Språklig mangfold som språkpolitikk i klasserommet. Målbryting, ss. 1-21. doi:http://dx.doi.org/https://doi.org/10.7557/17.4807 (20 sider)

Anbefalt litteratur:
Dewilde, Joke (2016). «En bred tilnærming til skriving får fram kreative og kritiske skrivere». Utdanningsnytt. Kan hentes på: https://www.utdanningsnytt.no/debatt/2016/august/flerspraklig-skriving-i-skolen/ (Ca. 9 sider)

Bathia, TK, Ritchie, WTC (2013). The handbook of bilingualism and multilingualism. Blackwell publishing

Golden, A & Selj, E (2015). Skriving på Norsk som andrespråk. Cappelen.

Gujord, A.K., Randen, G.T. (red.) (2018). Norsk som andrespråk – perspektiver på læring og utvikling. Cappelen.

Kulbrandstad, LA, Steien, GB (2020). Språkreiser. Festskrift til Anne Golden. Novus forlag.

Sist hentet fra Felles Studentsystem (FS) 18. juli 2024 02:52:43