LUMNOR40417 Fleirspråklegheit (Vår 2019)

Fakta om emnet

Studiepoeng:
15
Ansvarlig avdeling:
Fakultet for lærerutdanninger og språk
Studiested:
Halden
Emneansvarlig:
Karine Stjernholm
Undervisningsspråk:
Se pkt. Undervisnings-, lærings- og vurderingsformer
Varighet:
½ år

Emnet er tilknyttet følgende studieprogram

Obligatorisk emne i Masterstudium i norsk i skolen (120 studiepoeng) (heiltid og deltid).

Masterstudentar som har greidd tre studieår i 4-årig grunnskolelærarutdanning (GLU), etter rammeplan av 2010, kan søke om å få emnet innpassa som fjerde studieår og del av vitnemålsgrunnlaget for GLU etter nærare retningslinjer.

Undervisningssemester

Heiltid: 2. semester (vår).
Deltid: 4. semester (vår).

Studentens læringsutbytte etter bestått emne

Kunnskapar

Kandidaten

  • har inngåande kunnskap om fleirspråklegheit på individivå, og kunnskap om fleirspråklegheit på samfunnsnivå
  • har avansert kunnskap om korleis barn og unge utviklar eit andrespråk
  • har kunnskap om kva det vil seie å undervise klassar med fleirspråklege elevar, og korleis ein kan nytte fleirspråklegheita som ein ressurs
  • har kunnskap om språktypologi og relevante grammatiske språktrekk
  • har kunnskap om arvespråk og minoritetsspråk generelt, og spesielt om samisk i Noreg

Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan plassere norsk språktypologisk og analysere det kontrastivt til andre språk
  • kan kartlegge og analysere språkutviklinga til elevar med norsk som andrespråk
  • kan planlegge og gjennomføre eit foredrag som viser sjølvstende innanfor det fleirspråklege fagområdet

Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan delta i relevante faglege og didaktiske diskursar med fagleg tyngd, og kan kommunisere om faglege spørsmål knytt til fleirspråklegheit
  • kan bruke teoretisk innsikt til å reflektere over undervisningspraksis i klasserom prega av språkleg og kulturelt mangfald
  • har kompetanse til å fungere som ressursperson når det gjeld andrespråksundervisning og tilrettelegging for minoritetsspråklege elevar i skolen

Innhold

Dette emnet skal gi avansert kunnskap om fleirspråklegheit og andrespråkstematikk. Vi skal drøfte kva det vil seie å vere fleirspråkleg og å vekse opp med eitt eller fleire førstespråk, og kunnskap om korleis barn og unge utviklar andrespråket sitt vil bli spesielt vektlagt.

Det blir også lagt opp til studium av språktypologi i verdas språk, kontrastivt til nordisk, for å betre kunne analysere variasjonar i språkinnlæring.

Emnet skal gi innsikt i dei ressursar og utfordringar ulike kulturelle og språklege elevgrupper representerer, og korleis ein i klasserommet betre kan legge til rette for undervisningsformer som reflekterer det språklege og kulturelle mangfaldet som pregar samfunnet..

Emnet heng tematisk saman med NOR401 Lesing, skriving og munnlegheit og NOR403 Språk og samfunn, og vil sjå på fleirspråklegheit i forlenging av talemålsvariasjon og i samanheng med skriveopplæring i fleire målformer.

Undervisnings- og læringsformer

Undervisningsspråket er norsk og svensk.

Det vil bli lagt opp til varierte undervisningsformer:

- Forelesingar og seminar
- Diskusjon i grupper og i plenum
- Feltarbeid og praktisk analyse
- Sjølvstudium og kollokviegrupper

Studentar som vel oppgåver der dei kan komme i kontakt med særleg sårbare grupper (barn/unge), må levere politiattest før dei går i gang med oppgåva. Sjå generell del av studieplanen.

Arbeidsomfang

Emnet har eit forventa arbeidsomfang på om lag 400 timar.

Praksis

Det er ikkje praksis i studiet.

Masterstudentar som vil ha emnet innpassa som del av siste år i 4-årig grunnskolelærarutdanning (GLU) skal ha praksis i samsvar med rammeplanen for GLU.

Arbeidskrav - vilkår for å avlegge eksamen

  1. Individuell rapport frå praktisk oppgåve innanfor temaet kontrastiv grammatikk, ca. 2-3 sider. Delar av arbeidskravet kan gjennomførast som feltarbeid. Målform: nynorsk.
  2. Individuelt abstract til eksamensforedraget, sjå vurdering. Målform: bokmål.

Tema og opplegg for begge arbeidskrav blir bestemt i samråd med læraren.

Studenten vil få rettleiing og tilbakemelding frå faglærar og/eller medstudentar på feltarbeid og oppgåveløysing, og på innlevert abstract.

Arbeidskrava må vere godkjende før studenten kan framstille seg til eksamen.

Eksamen

Individuell, munnleg eksamen

Munnleg eksamen i form av konferanseforedrag på 25 minutt. Foredraget skal ta utgangspunkt i eit sjølvvalt emne innanfor dei faglege rammene for emnet. Både fagleg innhald og framføring blir vurdert. Konferanseforedraget er opent for medstudentar og andre tilhøyrarar.

Karakterregel: A–F.

Sensorordning

Intern og ekstern sensor.

Vilkår for ny/utsatt eksamen

Ved ikkje greidd eksamen kan kandidaten levere det same abstractet på nytt (arbeidskrav 2).

Ved ønske om forbetring av karakteren må kandidaten velje eit nytt tema og levere eit nytt abstract i samråd med faglærar før han/ho kan gå opp til eksamen på nytt.

Evaluering av emnet

Tilbakemelding frå studentane midtvegs/undervegs og sluttevaluering.

Litteratur

Litteraturlista er sist oppdatert 08.01.2019.

Bøker
Eriksen, Thomas Hylland (2008). Globalisering. Åtte nøkkelbegreper. Oslo: Universitetsforlaget. (188 sider)

Krulatz, A., Dahl, A. & Flognfeldt, M.E. (2018). Enacting Multilingualism. Cappelen Damm. Kap. 1-9. (116 sider)

Næss, Åshild (2011). Global grammatikk. Språktypologi for språklærere. Oslo: Gyldendal akademisk. (274 sider)

Artiklar og enkeltkapittel
Arntzen, Ragnar & Arnstein Hjelde (2012). Det var en gang en tospråklig gutt som skulle begynne på skolen. Språkvurdering og språkstimulering før skolestart når norsk er andrespråk. Norsk pedagogisk tidsskrift 96/01. (s. 54-69) (16 sider)

Arntzen, R. & Karlsen, Jannicke (under utgivelse). Språkbruksmønstre og språkbruksendringer hos femåringer og tolvåringer.

Arntzen, R., Kvifte, Bjørn, Hjelde, Arnstein (2017). Andrespråkelevers møte med obligatoriske leseprøver frå småskole- til mellomtrinn. NOA. Norsk som andrespråk (1), p. 33-62. (29 sider)

De Houwer, Annik, Marc H. Bornstein & Diane Putnick (2012). A bilingual–monolingual comparison of young children’s vocabulary size: Evidence from comprehension and production. Applied Psycholinguistics. (23 sider)

Dewilde, Joke (2016). «En bred tilnærming til skriving får fram kreative og kritiske skrivere». Utdanningsnytt. Kan hentes på: https://www.utdanningsnytt.no/debatt/2016/august/flerspraklig-skriving-i-skolen/ (Ca. 9 sider)

Eide, Kristin Melum; Busterud, Guro. (2015) Kompetanse og performanse: kunnskap og produksjon. Eide (red.) Norsk andrespråkssyntaks. 19–54. (35 sider)

Eide, Kristin Melum. (2015) Tilegnelse av verbale kategorier. Eide (red.) Norsk andrespråkssyntaks. 135 — 189. (54 sider)

Emilsen, L. & Søfteland, Å. (2018). Andrespråksanalyser av barns spontantale. NOA Norsk som andrespråk 1-2, 128-157. (29 sider)

Engen, T.O. & Kulbrandstad, L.A. (2004). Tospråklighet, minoritetsspråk og minoritetsundervisning. Oslo: Gyldendal Akademisk. (kap. 4) (s. 82-110) (29 sider)

Genesee, Fred H. (2009). Early childhood bilingualism: Perils and possibilities. Journal of Applied Research on Learning 2 (special issue). (17 sider)

Glahn, E., Håkansson, G., Hammarberg, B., Holmen, A., Hvenekilde, A., & Lund, K. (2001). Processability in Scandinavian second language acquisition. Studies in second language acquisition 23(3), 389-416. (27 sider)

Helander, Nils Ø. (2009). Samisk språk og samiske språkforhold – med særlig vekt på nordsamisk. I Bull, Tove & Anna-Riitta Lindgren (red.). De mange språk i Norge. Flerspråklighet på norsk. Oslo: Novus. (s. 125-140) (16 sider)

Hjelde, Arnstein (2012). «Folkan mine, dæm bære snakka norsk.» Norsk i Wisconsin frå 1940-talet og fram til i dag. Norsk lingvistisk tidsskrift 30/2. (s. 183-203) (21 sider)

Håkansson m.fl. (2003). Measuring language development in bilingual children: Swedish-Arabic children with and without language impairment. Linguistics 41–2. (s. 255–288) (34 sider)

Johansen, Inger (2008). «Det er ikkje berre å koma her og snakke samisk, liksom.» Barrieren mange unge sørsamar opplevere mot å snakke sørsamisk. Målbryting 9. (s. 111-125) (15 sider)

Kulbrandstad, Lars-Anders (2007). Dialekt og aksentpreget norsk – en språkholdningsstudie. I Akselberg, Gunnstein & Johan Myking (red.). Å sjå samfunnet gjennom språket. Heidersskrift til Helge Sandøy på 60-årsdagen. Oslo: Novus. (s. 115-125) (11 sider)

Kulbrandstad, Lars-Anders (2008). Metaspråk og språklig oppmerksomhet i møte med andrespråkspreget norsk. Nordand 2. (s. 83-100) (17 sider) of Language 202. (s. 63-78) (15 sider)

Lane, Pia (2010) ‘‘We did what we thought was best for our children’’: a nexus analysis of language shift in a Kven community. International Journal of the Sociology (15 sider)

Li, Wei (2008). Research perspectives on bilingualism and bilingual education. I King, Kendall A. & Nancy H. Hornberger (red.). Research methods in language and education. Volume 10. Springer. (s. 137-150) (14 sider)

Martincic, Jessica (2009). Tospråklig opplæring i grunnskolen. I Hvistendahl, Rita (red.). Flerspråklighet i skolen. Oslo: Universitetsforlaget. (s. 95-106) (12 sider)

Montrul, Silvina (2012). Is the heritage language like a second language? Eurosla yearbook vol. 12. (s. 1-29) (29 sider)

Mosfjeld, Inger Martine (2017). Startalder og andrespråkstilegnelse av finitthet. NOA Norsk som andrespråk 2, 65-87. (22 sider)

Søderlund, G, Vangsnes, Ø. & Blekesaune, M. (2015). The effect of bidialectal literacy on school achievement. International Journal of Bilingual Education and Bilingualism 18. (s.1-16) (16 sider)

Totalt ca. 1086 sider

Sist hentet fra Felles Studentsystem (FS) 30. juni 2024 02:50:38