LNORP20217 Norsk/nordisk dramatisk litteratur (Vår 2019)

Fakta om emnet

Studiepoeng:
15
Ansvarlig avdeling:
Avdeling for lærerutdanning
Studiested:
Nettbasert undervisning. I tillegg blir det halde frivillige samlingar ved studiestad Halden.
Emneansvarlig:
Camilla Häbler
Undervisningsspråk:
Norsk
Varighet:
½ år

Emnet er tilknyttet følgende studieprogram

Obligatorisk emne i Norsk påbyggingsstudium (30 studiepoeng).

Undervisningssemester

2. semester (vår).

Studentens læringsutbytte etter bestått emne

Kunnskap

Kandidaten

  • har brei kunnskap om litteraturdidaktiske, litteraturteoretiske og tilhøyrande metodiske problemstillingar relevant for norskfaget
  • har god kunnskap om norsk/nordisk dramatisk litteratur, både generelt og i eit bestemt forfattarskap

Ferdigheter

Kandidaten

  • kan anvende litteraturteori i lesing av drama
  • kan reflektere over korleis dei litterære fordjupingstemaa i emnet er relevante for norskundervisning på ulike klassetrinn
  • kan gå i dialog om eiga skriving og nyttiggjere seg rettleiing i samband med oppgåveskriving og munnlege presentasjonar

Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan formidle sentralt fagstoff i ein munnleg presentasjon
  • kan skrive ein lengre fagartikkel om eit bestemt tema innanfor norsk/nordisk dramatisk litteratur
  • kan utveksle litteraturfaglege synspunkt med medstudentar og lærarar

Innhold

Emnet er bygd opp rundt desse hovudpunkta:

  • Studium av litteraturvitskapleg teori og metode, spesielt dramateori og -analyse
  • Temastudium i litteratur: Norsk/nordisk drama

Våren 2019 er hovudtema for studiet Ibsens dramatikk.

Undervisnings- og læringsformer

Emnet er nettbasert og fleksibelt, med frivillige samlingar.

Studentane kan følge forelesningar i sanntid, samtale om faglitteratur og samarbeide om tolke- og analyseoppgåver via digitale verktøy.

Deltaking i undervisninga er ikkje obligatorisk, men det er ein stor fordel å følge denne regelmessig.

Tre gongar i semesteret blir det heldt samlingar på studiestad Halden, der fagstoffet blir bearbeidd og utdjupa. Resten av undervisninga vil vere nettbasert - blant anna med nettmøte, deling av skjermopptak og opptak av forelesingar, diskusjonsforum, og andre skriftlege og munnlege arbeidsformer som kan gjennomførast digitalt.

Studentane skal samtale om faglitteratur og samarbeide om tolke- og analyseoppgåver via digitale verktøy. Det blir også anbefalt at studentane brukar digitale verktøy for å diskutere faglege spørsmål utanom planlagt undervisning. Det blir gitt opplæring i dei verktøya som skal brukast. Tekniske spesifiseringar og krav blir klargjort og informert om før semesterstart.

Arbeidsomfang

I emnet må det reknast med minst 400 timar arbeidsinnsats, inkl. timeplanlagt undervisning, sjølvstudium, arbeidskrav, eksamensførebuing og eksamensgjennomføring.

Praksis

Det er ikkje knytt rettleidd praksis til emnet.

Arbeidskrav - vilkår for å avlegge eksamen

I løpet av semesteret blir det gitt oppgåver av fagleg og didaktisk karakter knytt til tema i emnet. Emnet har eitt obligatorisk arbeidskrav. Tema blir bestemt i samråd med faglærar.

  • Munnleg presentasjon av eit litterært tema knytt til emnet - retta mot medstudentar
    og/eller eit lærarkollegium i skolen. Presentasjonen kan gjennomførast digitalt, og skal i så fall gjerast tilgjengeleg for dei andre deltakarane på emnet.

Tilbakemelding på arbeidskrav kan dels vere frå faglærarar, dels frå andre studentar, dels kan dei bli vurdert av studenten sjølv (f.eks. refleksjonslogg). Meir detaljert beskriving av innhaldet i arbeidskravet vil bli gitt ved undervisningsstart.

Arbeidskravet må vere godkjent før studenten kan framstille seg til eksamen.

Eksamen

Individuell, skriftlig semesteroppgåve

Semesteroppgåva skal ha form som ei fagtekst på 5000 ord (+/- 10 %) over valfritt tema frå emnet. Litteraturliste og eventuelle vedlegg kjem i tillegg.

Tema blir bestemt i samråd med faglærar.
Det blir gitt inntil to individuelle rettleiingsmøte i samband med oppgåveskrivinga.
Rettleiing kan gjennomførast digitalt.

Oppgåvesvaret skal ha eit kritisk, analytisk og reflekterande innhald, vere i tråd med angitte sjangerkrav, og innehalde tydelege referansar til dei kjeldene som er brukt.

Målform: Bokmål

Karakterregel A-F.

Sensorordning

Intern og ekstern sensor.

Vilkår for ny/utsatt eksamen

Ved ikkje bestått eksamensresultat kan kandidaten bruke same problemstilling ein gong til, og be om ny rettleiing frå faglærar.

Ved ønske om forbetring av resultatet må kandidaten formulere ny problemstilling, og har ikkje krav på ny rettleiing. Ny eksamen blir først arrangert ved neste ordinære eksamensavvikling.

Evaluering av emnet

Studentane får anledning til å delta i evaluering av emnet (EVA3). Resultata blir handsama av studieleiar og av faglærarane som er knytt til emnet.

Litteratur

Litteraturlista er sist oppdatert 27. november 2018.
Det tas forbehold om endringar før semesterstart.

7 verk av Henrik Ibsen med hovudvekt på skodespela frå 1877 og seinare, valt blant desse:

(Utvalet blir gjort ved semesterstart.)
Et Dukkehjem
Gengangere
En Folkefiende
Rosmersholm
Fruen fra Havet
Hedda Gabler
Bygmester Solness
Lille Eyolf
John Gabriel Borkmann
Når vi døde våkner

Drama- og litteraturteori

Aarseth, Asbjørn (1999): Ibsens samtidsskuespill. En studie i glasskapets dramaturgi. Oslo: Universitetsforlaget. (utdrag ca. 316 sider)

Barthes, Roland. (1998): Lysten ved teksten. Oslo: Solum. (71 sider)

Christiansen, Svend. (1983): Ibsen og teatrets konventioner. København: Gyldendalske boghandel (utdrag ca. 177 sider).

Helleland, Frode & Lisbeth P. Wærp. (2011): Å lese drama. Innføring i teori og analyse. Oslo: Universitetforlaget. (208 sider)

Nordstoga, Sveinung og Kirsten Linnea Kruse (red.) (2014): Den moglege sjølvoverskridinga. Norskfaget som danningsfag. Oslo: Abstrakt forlag. Kap. 1, 3 og 5 (utdrag ca.103 sider)

Northam, John. (1950): Ibsen's dramatic method. A study of the prose drama. Oslo: Universitetsforlaget. (Dei kapitla i boka som omhandlar dei stykka studentane legg opp - ca. 120 sider)

Sjklovskij, Viktor B. (2003 [1916]): «Kunsten som grep» oversatt av Sigurd Fasting, i Atle Kittang m.fl (red.): Moderne litteraturteori. Oslo: Universitetsforlaget. (16 sider)

Vold, Leif Erik. (u.å.) Transtekstualitet hos Ibsen. (i manuskript frå seksjonen) (16 sider)

Vold, Leif Erik (2017): «Intet er så rummelig som norskfaget. Utforskende didaktikk og nøkkelbegreper i norskfaget» i Stig Bjørshol og Ronald Nolet (red.): Utforskning i alle fag. Oslo: Cappelen Damm Akademisk. (36 sider)

Individuelt pensum
I tillegg vel studenten eit individuelt pensum knytt til eksamen på ca. 150 sider - avgjort i samråd med faglærar.

Sist hentet fra Felles Studentsystem (FS) 17. juli 2024 02:49:56