LNOR10117 Barnelitteratur, leseopplæring og munnlegheit (Høst 2019)

Fakta om emnet

Studiepoeng:
15
Ansvarlig avdeling:
Fakultet for lærerutdanninger og språk
Studiested:
Halden
Emneansvarlig:
Camilla Häbler
Undervisningsspråk:
Norsk
Varighet:
½ år

Emnet er tilknyttet følgende studieprogram

Obligatorisk emne i Norsk årsstudium og Norsk 1 (30 studiepoeng).

Undervisningssemester

1. semester (haust).

Studentens læringsutbytte etter bestått emne

Kunnskap

Kandidaten

  • har kunnskap om relevante teoriar om lesing og leseopplæring
  • har kunnskap om dei ulike funksjonane lesing kan ha for elevars utvikling og læring
  • har kunnskap om lesestrategiar
  • har kunnskap om kva som kjenneteiknar munnlege, skriftlege og samansette tekstar; fiksjonstekstar og sakprosatekstar i ulike sjangrar, og tekstar frå eldre og nyare medium
  • har kunnskap om relevante teoriar innan munnleg opplæring
  • har kunnskap om relevante litteraturteoretiske og litteraturdidaktiske omgrep og perspektiv
  • har kunnskap om barnelitteratur og nyare litteratur som vender seg mot vaksne lesarar

Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan vurdere og bruke relevante undervisningsmetodar i leseopplæring frå 5. til 10. trinn, både for elevar med norsk som førstespråk og andrespråk
  • kan leggje til rette for og stimulere elevar til variert munnleg bruk av språket
  • kan leggje til rette for at elevar får lese eit breitt utval litteratur, også sakprega tekstar i tradisjonelle og moderne medium, at dei utviklar leselyst og gode lesestrategiar og blir stimulerte til vidare lesing
  • kan analysere, tolke og vurdere tekster og presentere litterære og litteraturteoretiske innsikter på varierte måtar
  • kan bruke varierte arbeidsmåtar for auka litteraturforståing og glede hos elevane
  • kan samtale om litteratur og tilpasse form og innhald i samtalen med omsyn til kjønn, alder, kunnskap og kulturell bakgrunn hos mottakarane

Generell kompetanse

Kandidaten

  • er ein sikker munnleg språkbrukar og stø i skriftleg bokmål og nynorsk
  • kan arbeide med språk og tekst i fleirkulturelle klassemiljø
  • kan formidle norskfaglege innsikter og tilpasse form og innhald til ulike målgrupper
  • kan legge til rette for at arbeidet med språk og litteratur kan styrke identiteten til elevane og oppmode dei til aktiv deltaking i det offentlege liv

Innhold

NOR101 er konsentrert om desse fagområda:

  • Litteraturteori, tekstteori og sjangerlære
  • Lesing og leseopplæring
  • Munnleg opplæring

I dette emnet er det tekstkunnskap og lesing som står sentralt. Det vil bli arbeidd både teoretisk og skoleretta med alle områda, i samsvar med måla for læringsutbytte. Det fleirspråklege og fleirkulturelle perspektivet vil bli integrert i ulike tema. Det vil også bli lagt vekt på at studentane skal utvikle eigen kompetanse i skriftlege og munnlege sjangrar.

Undervisnings- og læringsformer

Tilnærminga til stoffet skjer i hovudsak gjennom forelesingar, arbeid i basisgrupper og individuelt arbeid, og lærestoffet skal bygge på anerkjent forskingsbasert kunnskap. I lærarutdanninga speler dessutan praksisperiodane ei viktig rolle, og samarbeid med praksisskolane opnar for verdifull fagleg og didaktisk refleksjon knytt til læringsutbytta i emnet.

Digitale arbeidsmåtar i emnet er blant anna: Innføring i bruk av læringsplattform, innføring i bruk av Word (eller tilsvarande tekstbehandlingsprogram) og stavekontroll, læringsressursar for grunnskolen på nett, digital tilbakemelding på arbeidskrav (munnleg og/eller skriftleg).

Arbeidsomfang

I emnet må det reknast med totalt 400 timar arbeidsinnsats, inkl. timeplanlagt undervisning, sjølvstudium, arbeidskrav, eksamensførebuing og eksamensgjennomføring.

Arbeidskrav - vilkår for å avlegge eksamen

I løpet av semesteret blir det gitt oppgåver av fagleg og didaktisk karakter knytt til tema i emnet:

  1. Individuell skriftleg oppgåve med litterær analyse
  2. Individuell skriftleg oppgåve om eiga lesing
  3. individuell skriftleg rapport om arbeidet med dei skjønnlitterære tekstane i emnet.

Båe målformer skal vere representerte.

Tilbakemelding på arbeidskrav kan dels vere frå faglærarar, dels frå andre studentar, eventuelt kan dei bli vurdert av studenten sjølv (f.eks. refleksjonslogg). Meir detaljert beskriving av innhaldet i arbeidskrava vil bli gitt ved undervisningsstart.

Alle arbeidskrav må vere godkjende før studenten kan framstille seg til eksamen.

Eksamen

Individuell heimeeksamen Varigheit: tre dagar.

Omfang: 3000 ord +/- 10%, Innhaldsliste og litteraturliste kjem i tillegg.

Målform: Bokmål

Karakterregel: A-F.

Sensorordning

Intern og ekstern sensor.

Evaluering av emnet

Studentane får anledning til å delta i evaluering av emnet (EVA3). Resultata blir handsama av studieleiar og av faglærarane som er knytt til emnet.

Litteratur

Litteraturlista er sist oppdatert 20.05.2019.

Teoripensum:

Lesing og leseopplæring:
Penne, Sylvi (2001). Å bli en som leser litteratur - en utviklingshistorie om lesing fra 6 til 16. I Norsk som identitetsfag - norsklæreren i det moderne. Oslo: Universitetsforlaget. (ca. 19 sider)

Roe, Astrid (2014). Lesedidaktikk- etter den første leseopplæringen. Oslo: Universitetsforlaget. (ca. 224 sider)

Litteratur og litteraturdidaktikk:
Birkeland, Tone & Ingebjørg Mjør (2018). Barnelitteratur - sjangrar og teksttypar. Oslo: Cappelen Damm. (ca. 200 sider)

Kaldestad, Per O. (2006). Diktboka - om arbeid med poetiske tekstar i skolen. Oslo: Cappelen. (Teoridelen, 130 sider)

Munnleg opplæring:
Bakken, Jonas (2014). Retorikk i skolen. Oslo: Universitetsforlaget. (ca. 120 sider)

Primærtekster:

Tre biletbøker: Bache-Wiig, Anna og Lisa Aisato (2010). Don Fridtjof. Oslo: Cappelen Damm.

Dahle, Gro og Svein Nyhus (2002). Snill. Oslo: Cappelen.

Fosse, Jon og Akin Düzakin (2005). Kant. Oslo: Samlaget.

Fem verk frå nyare nordisk barne- og ungdomslitteratur: Hagerup, Klaus (1990). Høyere enn himmelen. (tilgjengeleg som e-bok)

Harstad, Johan (2008). Darlah - 172 timer på månen. Oslo: Cappelen Damm.

Lindgren, Astrid (1973). Bröderna Lejonhjärta. Stockholm: Rabén & Sjögren. (på svensk)

Loe, Erlend (2003). Kurt koker hodet. Oslo: Cappelen.

Jonathan Swift: Gullivers reiser (tilgjengelig som e-bok)

Sakprosa for barn og ungdom Ersland, Bjørn Arild (2010). Fengslet - en bok om å sitte inne. Oslo: Omnipax.

Eitt dramaIbsen, Henrik (1867). Peer Gynt.(tilgjengelig som e-bok)

Fire nordiske romanar frå nyare tid: Arvola, Ingeborg (2004). Forsiktig glass. Oslo: Cappelen.

Niemi, Mikael (2000). Populärmusik från Vittula. Stockholm: Norstedts. (på svensk)

Vaage, Lars Amund (2002). Kunsten å gå. Oslo: Oktober.

Ørstavik, Hanne (1999). Like sant som jeg er virkelig. Oslo: Oktober.(tilgjengelig som e-bok)

Studentene skal lese tre kompendier:

  • Kompendium i folkedikting

  • Novellekompendium

  • Lyrikkompendium

Sist hentet fra Felles Studentsystem (FS) 30. juni 2024 02:50:18