LU302NOR07 Norsk 302: Språk (Høst 2013)

Fakta om emnet

Studiepoeng:
15
Ansvarlig avdeling:
Avdeling for lærerutdanning
Studiested:
Halden
Emneansvarlig:
Arnstein Hjelde
Undervisningsspråk:
Norsk
Varighet:
½ år

Emnet er tilknyttet følgende studieprogram

Obligatorisk emne i Norsk 3 (30 studiepoeng).

Forkunnskapskrav utover opptakskrav

Studieenheten Norsk 3 krever at studentene har forkunnskaper i Norsk 1 + 2 eller tilsvarende. Man kan ta Norsk 3 samtidig med Norsk 2, men man vil ikke få utskrift av karakterene fra Norsk 3 før man har bestått Norsk 2.

Undervisningssemester

1. semester (høst).

Studentens læringsutbytte etter bestått emne

Studenten

  • syner kunnskap om og forståing av språkteoretiske og språkdidaktiske problemstillingar
  • har dugleik i vitskapelege metodiske tilnæmingar til språklege tema

Innhold

Norsk 302 er eit språkleg emne som er bygd opp av tre delar:

  • studium av språkteori og metode
  • temastudium i språk
  • ei individuell, sjølvvald oppgåve i språk. Innhaldet i denne oppgåva skal normalt vere knytt til innhaldet i det språklege temastudiet.

Det faglege innhaldet i dette emnet vil kunne variere frå studieår til studieår.

Undervisnings- og læringsformer

Eigen aktivitet frå studentane si side står i fokus, og lærarane ved studiet fungerer som rettleiarar og rådgjevarar. Men studentane vil òg møte nytt fagstoff gjennom forelesningar og seminar.

Studentane skal i løpet av studiet skrive ei semesteroppgåve i form av ein fagartikkel på om lag 10 000 ord. Oppgåva skal leverast ved slutten av semesteret og fungerer som eksamenssvar. Studentane skal ha minst to obligatoriske rettleiingar av faglærar i samband med oppgåveskrivinga, og faglærar skal godkjenne temaet for oppgåva.

Arbeidsomfang

Forventet studieinnsats i emnet er 20 timer i uken inkludert undervisning.

Praksis

Det er ingen praksis knyttet direkte til emne.

Arbeidskrav - vilkår for å avlegge eksamen

Arbeidskravene må være godkjent før studenten kan framstille seg til eksamen.

  • Minst to rettleiingar hos faglærar i samband med oppgåveskrivinga
  • Godkjent tema for semesteroppgåve.

Eksamen

Eksamen består av to deleksamenar:

a) Semesteroppgåve (50 %).
Semesteroppgåva skal ha form som ein fagartikkel, og er ei heimeoppgåve det blir arbeidd med gjennom heile semesteret. 
Formelle krav: Semesteroppgåva skal ha eit omfang på om lag 10 000 ord med skriftstorleik 12 punkt (tilsvarande fonten Times New Roman eller liknande), linjeavstand 1½.
Målforma er nynorsk. Tema for fagartikkelen skal vere knytt til eitt av temaområda i Norsk 302.

b) Munnleg prøve (50 %).
Prøva er på totalt ca. 45 minutt, inkludert karakterfastsetjing og tilbakemelding.
Ved eksaminasjonen kan kandidaten bli prøvd i alle delar av pensum i tillegg til innhaldet i semesteroppgåva.

Deleksamenane vert vurderte av ein ekstern og ein intern sensor.  Ved vurderinga vil det i tillegg til det faglege innhaldet òg bli lagt vekt på kvaliteten på den språklege dugleiken. Deleksamenane er jambyrdige i vektinga og byggjer på eit felles kunnskapsgrunnlag. Karakterane frå dei to deleksamenane vert til slutt slegne saman til éin karakter.

Prestasjonar på dei to deleksamenane vert vurderte ut i frå ein karakterskala frå A til F.

Dersom studenten ikke består ein deleksamen, kan han/hun ta deleksamen på nytt.

Evaluering av emnet

Studentene får mulighet til å evaluere emnet hvert semester. Emneansvarlig har ansvaret for gjennomføring og oppfølging av studentevalueringene.

Litteratur

Litteraturlisten er sist oppdatert 16. august 2013.

Pensumlitteraturen består av ein obligatorisk del og ein del som studentane sjølv kan velje. Den valfrie delen skal vera på ca. 400 sider, av desse skal 200 sider vere knytt til oppgåva. Pensumlista skal godkjennast av faglærar.

Pensumlitteratur
I Språkkontakt og fleirspråklegheit:

Berggren, Harald og Kari Tenfjord (1999): Andrespråklæring, Kapittel 8, "Utviklingsmønstre i mellomspråk"

Engen, Thor Ola og Lars Anders Kulbrandstad (2004): Tospråklighet, minoritetsspråk og minoritetsundervisning. Oslo. Gyldendal. Kap. 1 – 8

Sandøy, Helge (2000): Lånte fjører eller bunad? Om importord i norsk, kap. 1-2

I tillegg skal studenten leggje opp ca. 200 sider med eit individuelt pensum knytt til dette fagfeltet.

II Språk i Norden og nordiske språk
Delsing, Lars-Olof och Katarina Lundin Åkesson (2005): Håller språket i hop Norden? En forskningsrapport om ungdomars förståelse av danska, svenska och norska. TemaNord 2005:573. Nordiska kulturfonden. Kan lastes ned her:
http://www.norden.org/pub/sk/showpub.asp?pubnr=2005:573

Lindgren, Anne-Riitta (2009): Kvensk i Norge. I Bull og Lindgren (red): De mange språk i Norge – Flerspråklighet på norsk. Novus

Norden i skolen: http://www.nordeniskolen.org/

Norsklæreren nr. 1. (2012): Tema-artiklane om det nordiske språkfellesskapet

Sletten, Iben Stampe (red.) (2004): Nordens språk med røtter og føtter. Nord 2004:9. Nordisk ministerråd. København. Kan lastes ned her:
http://www.norden.org/pub/sk/showpub.asp?pubnr=2004:009

III Omsetting
Aspen, Nina (2012): Jakten på danseren. Prosa nr. 2, s. 28-29 (Om å omsetta frå svensk til norsk) Tilgjengeleg frå http://issuu.com/prosatidsskrift/docs/prosa_2_-_2012/26?e=0

Johansen, Knut (2013): Kierkegaard på norsk. Prosa nr.3 , s. 26-27 Tilgjengeleg frå http://www.prosa.no/2013/kierkegaard-pa-norsk/

Quale, Per (2003): Kultur og kontekst. I Behrens, Bergljot og Bente Christensen (red.): Oversettelse i teori og praksis. Oslo: Novus forlag

IV Teori knytt til den individuelle språklege oppgåva

Her legg studenten opp eit individuelt pensum på ca. 200 sider

Sist hentet fra Felles Studentsystem (FS) 18. juli 2024 02:48:22