LNOR10311 Språkhistorie, språkdidaktikk og språkleg mangfald (Vår 2012)

Fakta om emnet

Studiepoeng:
15
Ansvarlig avdeling:
Avdeling for lærerutdanning
Studiested:
Halden
Undervisningsspråk:
Norsk
Varighet:
½ år

Emnet er tilknyttet følgende studieprogram

Obligatorisk emne i

  • Norsk, årsstudium
  • Norsk 2 (30 studiepoeng)

Undervisningssemester

2. semester (vår).

Studentens læringsutbytte etter bestått emne

KUNNSKAPAR
Studenten
- har kunnskap om fleirspråklegheit, fleirspråkleg praksis og om det å lære norsk som eit andrespråk
- har utvida innsikt i korleis elevar med norsk som andrespråk kan vidareutvikle skriveferdigheitene sine
- har inngåande kunnskap om norsk språkhistorie etter 1800
- har kunnskapar om kva for funksjonar lesing og skriving har hatt og har i kulturen vår
- har god innsikt i språklege endringsprosessar i fortid og samtid
- har god innsikt i talemålsvariasjonen i moderne norsk på historisk og dialektologisk grunnlag
- har kjennskap til språk som ungdom brukar
- har kunnskap om svensk, dansk og samisk og kjennskap til andre nordiske språk og nasjonale minoritetsspråk

FERDIGHEITER
Studenten
- kan vurdere og bruke relevante undervisningsmetodar i lese- og skriveopplæring på 5. - 10. trinn for elevar med norsk som andrespråk
- kan leggje til rette og gjennomføre undervisning i den målforma som er sidemål for elevane
- kan setje i gang, rettleie og vurdere skriftleg og samansett tekstproduksjon hos elevar på ungdomssteget og grunngi karakterane ein set
- kan bruke kunnskap om talemål og skriftspråksnormering i skriveopplæringa
- kan legge til rette for variert grannespråksundervisning

GENERELL KOMPETANSE
Studenten
- kan vurdere norskfaget og eigen praksis som norsklærar og grunngi vurderingane
- har innsikt i norskfaget ut frå forsking og i høve til fagets historie og kan reflektere kritisk og konstruktivt ut frå slike perspektiv på faget
- kan rettleie elevar i arbeidet med tekstar slik at dei kan utvikle seg sjølve, skaffe seg kunnskapar og førebu seg for aktiv deltaking i offentlege rom og samfunnet som eit heile
- kan arbeide med språk og tekst i fleirkulturelle klassemiljø og utvikle språk- og kulturforståing
- kan sjå faget i eit større danningsperspektiv og undervisninga som ein del av opplæringa i eit aktivt deltakardemokrati

 

Innhold

Norsk 103  er konsentrert om desse fagområda:

- Fleirspråklegheit og norsk som andrespråk
- Sidemålsdidaktikk
- Språkhistorie etter 1800
- Lesing og skriving i historisk perspektiv, faghistorie
- Språkendring og talemålsvariasjon
- Språk i Norden

Det vil bli arbeidd både teoretisk og skoleretta med alle emna, i samsvar med måla for læringsutbyte. Det fleirspråklege og fleirkulturelle perspektivet vil det bli lagt særskilt vekt på i arbeidet med skriveopplæring.

Det vil også bli lagt vekt på at studentane skal utvikle eigen kompetanse i både skriftlege og munnlege sjangrar.

Undervisnings- og læringsformer

Studentane skal møte varierte arbeidsformer. Tilnærminga til stoffet skjer i hovudsak gjennom forelesingar, arbeid i basisgrupper og individuelt arbeid. Informasjons- og kommunikasjonsteknologi skal gå inn som ein sentral del av norskstudiet. IKT blir brukt som ein reiskap for læring, rettleiing, samarbeid og dokumentasjon. Norskfaget samarbeider dessutan med høgskolebiblioteket om emne som litteratursøk, referanseteknikk og akademisk skriving.

 

Praksis

Årsstudentar/eksterne studentar har ikkje obligatorisk praksis. For årsstudentar/eksterne studentar vil det bli lagt opp til alternativ til praksis i praksisperiodane.

Arbeidskrav - vilkår for å avlegge eksamen

Mappeoppgåver
Studentane får i løpet av semesteret oppgåver av fagleg og didaktisk karakter knytt til emna som det blir arbeidd med. Eit av arbeida skal vera ein lengre fagartikkel. Arbeida skal lagrast digitalt i ei arbeidsmappe. Tilbakemelding på desse arbeida vil dels vere frå faglærarar og dels frå andre studentar, og nokre av arbeida skal dessutan vurderast av studenten sjølv, f.eks. i form av refleksjonslogg. Begge målformer skal vere representert i mappa, kvar med om lag 50% av tekstmengda.

Meir detaljert beskriving av innhaldet i mappa vil bli gitt ved undervisningsstart.

Studentane må få godkjent mappeoppgåvene av faglærar før studentane kan framstille seg til eksamen.

 

Eksamen

Munnleg, individuell eksamen
Den munnlege eksaminasjonen er normalt todelt. Først presenterer studenten ei sjølvvald tekst frå den godkjente innleveringsmappa. Presentasjonen skal vere mest mogleg reflekterande rundt eigen arbeidsprosess, og ikkje bare vere eit referat av innhaldet i fagteksta. Presentasjonen skal normalt ta 3-5 minutt. Deretter følgjer ein eksaminasjonsdel på omlag 30 minutt, der sensorane og studentane har ei fagleg samtale med utgangspunkt i eitt eller fleire av tema i mappearbeida eller pensumlitteraturen.

I vurderinga vil både det faglege innhaldet og dei munnlege ferdigheitene bli vurdert.

Det blir nytta bokstavkarakter A-F, der A er beste og E dårlegaste beståtte karakter. Karakteren F betyr ikkje bestått.

Vurderinga blir gjort av ein intern og ein ekstern sensor.

Evaluering av emnet

Fagansvarleg har ansvar for at det blir gjennomført evaluering av emnet. Dette vil skje gjennom ei sluttvurdering i form av eit spørjeskjema, som kan bli supplert med munnlege tilbakemeldingar frå studentane.

Litteratur

Litteraturlista vil vere klar ved semesterstart.

Sist hentet fra Felles Studentsystem (FS) 17. juli 2024 02:46:31