LBNOR10412 Vaksenlitteratur og samansette tekstar (1-7) (Høst 2012)

Fakta om emnet

Studiepoeng:
15
Ansvarlig avdeling:
Avdeling for lærerutdanning
Studiested:
Remmen, Halden
Undervisningsspråk:
Norsk
Varighet:
½ år

Emnet er tilknyttet følgende studieprogram

Obligatorisk emne i valfaget i Norsk 2 for grunnskolelærarutdanning 1-7 (240 studiepoeng).

Forkunnskapskrav utover opptakskrav

Bestått emne Norsk 101 (15 stp) og Norsk 102 (15 stp) eller tilsvarande.

Undervisningssemester

?Emnet blir undervist i haustsemesteret 3. studieår.

Studentens læringsutbytte etter bestått emne

Kunnskapar:
Studenten

  • har utvida kunnskapar om munnlege og skriftlege sjangrar og innsikt i korleis elevar frå 1. til 7. trinn utviklar kunnskapar om desse og kan nytte dei i eige tekstarbeid
  • har litteraturhistorisk og litteraturteoretisk oversikt, kunnskapar om sentrale verk i nordisk med særlig vekt på norsk fiksjonslitteratur og sakprosa og kjennskap til teoriar om samansette tekstar
  • har kunnskap om kva som skjer når ein tekst vert overført frå eit medium til eit anna (adaptasjon)
  • ?

Ferdigheiter:
Studenten

  • kan rettleie i arbeidet med tekstar slik at elevane kan utvikle seg sjølve, skaffe seg kunnskapar og førebu seg for aktiv deltaking i offentlege rom og samfunnet som eit heile
  • kan samanlikne tekstar skrivne for barn med omsyn til innhald, form og funksjon
  • kan setje sentrale norske tekstar inn i ein historisk samanheng, tolke dei og sjå dei i lys av nordisk og annan internasjonal litteratur
  • kan lese, analysere, tolke og vurdere samansette tekstar og setje dei inn i ein større kulturell og offentleg samanheng
  • ?

Generell kompetanse:
Studenten

  • kan vurdere eigen praksis som norsklærar og grunngi vurderingane
  • har innsikt i norskfaget ut frå forsking og i høve til fagets historie og kan reflektere kritisk og konstruktivt ut frå eit historisk perspektiv på faget
  • har eit medvite forhold til korleis samtalen mellom lærar og elevar, og samtalen elevane imellom, kan fungere som reiskap for læring
  • utviklar identiteten sin som norsklærar

Innhold

Norsk 104 er konsentrert om desse fagområda:

  • Litteratur og litteraturdidaktikk for barnetrinnet
  • Generell litteraturforståing og utvalde verk frå vår nordiske litterære kanon
  • Samansette tekster
  • Tekst og sjanger i ulike medier

Det vil bli arbeidd både teoretisk og skoleretta med alle fagområda, i samsvar med måla for læringsutbyte. Det fleirspråklege og fleirkulturelle perspektivet vil det bli lagt særskilt vekt på i arbeidet med alle fagområda. Det vil også bli lagt vekt på at studentane skal utvikle eigen kompetanse i både skriftlege og munnlege sjangrar.

Undervisnings- og læringsformer

Studentane skal møte varierte arbeidsformer. Tilnærminga til stoffet skjer i hovudsak gjennom forelesingar, arbeid i basisgrupper og individuelt arbeid. I lærerutdanninga speler dessutan praksisperiodene ei viktig rolle, og samarbeid med praksisskolane opnar for verdifull fagleg og didaktisk refleksjon knytt til både kunnskapsmål, ferdigheitsmål og generell kompetanse i norskfaget. Informasjons- og kommunikasjonsteknologi skal også gå inn som ein sentral del av norskstudiet. IKT blir brukt som eit reiskap for læring, rettleiing, samarbeid og dokumentasjon. Norskfaget samarbeider dessutan med høgskolebiblioteket om emne som litteratursøk, referanseteknikk og akademisk skriving.

Praksis

Studentane har to veker praksis. Sjå praksisplanen for studiet. Erfaringar frå praksis vil bli brukt i arbeidet med norskfaget.

Arbeidskrav - vilkår for å avlegge eksamen

Studentane får i løpet av semesteret to arbeidskrav. Ett av desse er skriftleg og knytt til tema som det blir arbeidd med, og det andre er ei obligatorisk rettleiing i tilknytning til arbeidet med semesteroppgåva. For å få framstille seg til eksamen må studentane få godkjent arbeidskrava av faglærar innan fastsette frister.
Meir detaljert beskriving av arbeidskrava vil bli gitt ved undervisningsstart.

Eksamen

Emnet har to deleksamenar:

Deleksamen 1: Ei semesteroppgåve av fagartikkeltypen med eit kritisk, reflekterande og analytisk innhald. Det er knytt ei obligatorisk rettleiing hos faglærar til denne oppgåva.

Deleksamen 2: Ein skoleeksamen på fire timar, der studenten blir prøvd i kunnskapsstoff frå pensumet. Tillatte hjelpemiddel vil gå fram av semesterplanen. «Ved ikkje bestått» på ein av deleksamenane kan ein ta denne deleksamen på ny.

Målforma på dei to deleksamenane er valfri, men ein må vere på nynorsk og ein på bokmål. Ved vurdering tel dei to deleksamenane likt, og begge må vere bestått for å få karakter i emnet.
Det blir nytta bokstavkarakterane A - F.
Vurderinga blir gjort av ein ekstern og ein intern sensor.

 

Evaluering av emnet

Studentane får tilbod om evaluering av emnet i løpet av semeisteret (EVA3). Emneansvarleg har ansvar for gjennomføring og oppfølging av emneevalueringa.

Litteratur

Med forbehold om endringer før studiestart.

Skjønnlitteratur:

Islendingesaga: Soga om Gisle Sursson

Ludvig Holberg: Erasmus Montanus

Henrik Ibsen: Peer Gynt

Knut Hamsun: Sult

Tarjei Vesaas: Isslottet

Dag Solstad: Genanse og verdighet

Mikael Niemi: Populärmusik från Vittula

I tillegg kjem kompendium frå seksjonen med dikt og noveller. Desse vil vere tilgjengelege før semesteret startar.

Barne- og ungdomslitteratur:

Torbjørn Egner: Klatremus og de andre dyrene i Hakkebakkeskogen

Astrid Lindgren: Pippi

Oscar K.: Cervantes Don Quijote eller Shakespeares Hamlet

Johan Harstad: Darlah - 172 timer på månen 

Teori:

Anne- Kari Skardhamar: Kunsten å lese skjønnlitteratur, Universitetsforlaget 2007

Per Thomas Andersen: Norsk litteraturhistorie, Universitetsforlaget (utdrag)

Liestøl/Fagerjord/Hannemyr: Sammensatte tekster: arbeid med digital kompetanse i skolen. Kap. 2, 3 og 6, 8 Cappelen Akademisk Forlag 2009

Elise Seip Tønnessen (red.): Sammensatte tekster. Barns tekstpraksis. Kap 1, 5, 7, 10, 11, Universitetsforlaget 2010

Smidt, Jon: «Norskfagets dimensjoner». I: Norskdidaktikk. Ei grunnbok,Universitetsforlaget 2009

Sist hentet fra Felles Studentsystem (FS) 18. juli 2024 02:47:38