LU302NOR07 Norsk 302: Språk (Vår 2011)

Fakta om emnet

Studiepoeng:
15
Ansvarlig avdeling:
Avdeling for lærerutdanning
Studiested:
Halden
Undervisningsspråk:
Norsk
Varighet:
½ år

Emnet er tilknyttet følgende studieprogram

Obligatorisk emne i Norsk 3 (30 studiepoeng).

Undervisningssemester

2. semester (vår)

Innhold

Norsk 302 er eit språkleg emne som er bygd opp av tre delar:

  • studium av språkteori og metode
  • temastudium i språk
  • ei individuell, sjølvvald oppgåve i språk. Innhaldet i denne oppgåva skal normalt vere knytt til innhaldet i det språklege temastudiet.

Det faglege innhaldet i denne modulen vil kunne variere frå studieår til studieår.

Undervisnings- og læringsformer

Eigen aktivitet frå studentane si side står i fokus, og lærarane ved studiet fungerer som rettleiarar og rådgjevarar. Men studentane vil òg møte nytt fagstoff gjennom forelesningar og seminar.

Studentane skal i løpet av studiet skrive ei semesteroppgåve i form av ein fagartikkel på om lag 10 000 ord. Oppgåva skal leverast ved slutten av semesteret og fungerer som eksamenssvar. Studentane skal ha minst to obligatoriske rettleiingar av faglærar i samband med oppgåveskrivinga, og faglærar skal godkjenne temaet for oppgåva.

Praksis

For allmennlærarstudentar gjeld eigen praksisplan. Andre studentar skal ikkje ha praksis.

Arbeidskrav - vilkår for å avlegge eksamen

  • Minst to rettleiingar hos faglærar i samband med oppgåveskrivinga.
  • Godkjent tema for semesteroppgåve.

Eksamen

Eksamen består av to deleksamenar:

a) Semesteroppgåve (50 %).

Semesteroppgåva skal ha form som ein fagartikkel, og er ei heimeoppgåve det blir arbeidd med gjennom heile semesteret. 

Formelle krav: Semesteroppgåva skal ha eit omfang på om lag 10 000 ord med skriftstorleik 12 punkt (tilsvarande fonten Times New Roman eller liknande), linjeavstand 1½.

Målforma er nynorsk. Emnet for fagartikkelen skal vere knytt til eitt av emneområda i Norsk 302.

b) Munnleg prøve (50 %).

Prøva er på totalt ca. 45 minutt, inkludert karakterfastsetjing og tilbakemelding.

Ved eksaminasjonen kan kandidaten bli prøvd i alle delar av pensum i tillegg til innhaldet i semesteroppgåva.

Prøvene vert vurderte av ein ekstern og ein intern sensor.  Ved vurderinga vil det i tillegg til det faglege innhaldet òg bli lagt vekt på kvaliteten på den språklege dugleiken. Dei to prøvene er jambyrdige i vektinga og byggjer på eit felles kunnskapsgrunnlag. Dei to delkarakterane i emnet vert til slutt slegne saman til éin karakter.

Prestasjonar på dei to emna på Norsk 302 vert vurderte ut i frå ein karakterskala frå A til F, der A er beste karakter, E er dårlegast beståtte karakter og F er Ikkje bestått.

 

Litteratur

Pensumet varierer frå år til år, og pensumlista vil liggje føre ved studiestart.
Sist hentet fra Felles Studentsystem (FS) 18. juli 2024 02:47:34