LUNOR10411 Språk, litteratur og didaktikk (5-10) (Høst 2011)

Fakta om emnet

Studiepoeng:
15
Ansvarlig avdeling:
Avdeling for lærerutdanning
Emneansvarlig:
Leif Erik Vold
Undervisningsspråk:
Norsk
Varighet:
½ år

Emnet er tilknyttet følgende studieprogram

Obligatorisk emne i Norsk i grunnskolelærarutdanning 5-10 (60 studiepoeng).

Undervisningssemester

1. semester (haust).

Studentar som vel norsk som første valfag i GLU (5-10), tar Norsk 104 haustsemesteret i det andre studieåret.

Studentens læringsutbytte etter bestått emne

KUNNSKAPAR
Studenten
- har utvida innsikt i korleis gutar og jenter på ungdomssteget kan motiverast til lesing og vidareutvikle leseforståing og lesestrategiar, både elevar med norsk som førstespråk og norsk som andrespråk
- har kunnskapar om kva som kjenneteiknar språkleg kommunikasjon i ulike medium
- har utvida kunnskapar om munnlege og skriftlege sjangrar i moderne medium og innsikt i korleis elevar frå 5. til 10. trinn utviklar kunnskapar om desse og kan nytte dei i eige tekstarbeid
- har kunnskapar om ulike teoretiske perspektiv og retningar i arbeidet med å forstå litteratur
- har god litteraturhistorisk oversikt og kunnskapar om sentrale verk i norsk fiksjonslitteratur og sakprosa og kjennskap til teoriar om samansette tekstar
- har kunnskap om kva som skjer når ein tekst vert overført frå eit medium til eit anna (adaptasjon)


FERDIGHEITER
Studenten
- kan setje i gang, rettleie og vurdere munnleg og samansett tekstproduksjon hos elevar på ungdomssteget og grunngi karakterane ein set
- kan lese, analysere, tolke og vurdere samansette tekstar, sjå dei i eit historisk perspektiv og setje dei inn i ein større kulturell og offentleg samanheng
- kan rettleie elevar i bruk av litteraturfagleg kjeldemateriale
- kan samanlikne tekstar skrivne for ungdom og vaksne med omsyn på innhald, form og funksjon
- kan setje sentrale norske tekstar og eit utval samiske tekstar (i omsetjing) inn i ein historisk samanheng og sjå dei i lys av nordisk og annan internasjonal litteratur
- kan bruke læreplanen i faget til å formulere mål for norskopplæringa og relevante kriterium for vurdering

GENERELL KOMPETANSE
Studenten
- kan vurdere norskfaget og eigen praksis som norsklærar og grunngi vurderingane
- har innsikt i norskfaget ut frå forsking og i høve til fagets historie og kan reflektere kritisk og konstruktivt ut frå slike perspektiv på faget
- kan rettleie elevar i arbeidet med tekstar slik at dei kan utvikle seg sjølve, skaffe seg kunnskapar og førebu seg for aktiv deltaking i offentlege rom og samfunnet som eit heile
- kan sjå faget i eit større danningsperspektiv og undervisninga som ein del av opplæringa i eit aktivt deltakardemokrati

 

Innhold

Norsk 104 (5-10) er konsentrert om fire fagområde:

- Lesing og leseopplæring med vekt på ungdomstrinnet
- Litteratur og litteraturdidaktikk
- Samansette tekster
- Språk og tekst i ulike medium.


Det vil bli arbeidd både teoretisk og skoleretta med alle emna, i samsvar med måla for læringsutbyte. Det fleirspråklege og fleirkulturelle perspektivet vil det bli lagt særskilt vekt på i arbeidet med alle fagområda.

Det vil også bli lagt vekt på at studentane skal utvikle eigen kompetanse i både skriftlege og munnlege sjangrar.

 

Undervisnings- og læringsformer

Studentane skal møte varierte arbeidsformer. Tilnærminga til stoffet skjer i hovudsak gjennom forelesingar, arbeid i basisgrupper og individuelt arbeid. 

Informasjons- og kommunikasjonsteknologi skal også gå inn som ein sentral del av norskstudiet. IKT blir brukt som ein reiskap for læring, rettleiing, samarbeid og dokumentasjon. Norskfaget samarbeider dessutan med høgskolebiblioteket om emne som litteratursøk, referanseteknikk og akademisk skriving.

Praksis

Studentar følgjer praksisplanen for utdanninga. Erfaringar frå praksis vil bli brukt i arbeidet med norskfaget.

Arbeidskrav - vilkår for å avlegge eksamen

To obligatoriske veiledninger i tilknytning til arbeidet med semesteroppgava.

For å kunne framstille seg til eksamen, må arbeidskravet vere godkjend.

Eksamen

Emnet har to deleksamener:

Deleksamen 1: Ei semesteroppgave av fagartikkeltypen med eit kritisk, reflekterande og analytisk innhald. Temaet og problemstillinga for oppgåva er sjølvvalt, men det skal vere knytt til ei eller fleire av primærtekstene i studiet. Det er knytt to obligatoriske rettleiingar hos faglærar til denne oppgåva.

Deleksamen 2: Ein firetimers skoleeksamen der studenten blir prøvd i kunnskapsstoff frå pensumet. Tillatte hjelpemidler beskrives i semesterplanen.

Målforma på dei to deleksamenane er valfri, men ein må vere på nynorsk og ein på bokmål.

Ved vurdering tel dei deleksamenane likt, og begge må vere bestått for å få karakter i emnet.
Det blir nytta bokstavkarakterane A - F.

Ved ikke bestått på en av deleksamenene, kan kun den deleksamenen som ikke er bestått tas på nytt.

Vurderinga blir gjort av ein ekstern og ein intern sensor.

Evaluering av emnet

Fagansvarleg har ansvar for at det blir gjennomført evaluering av emnet. Dette vil skje gjennom ei sluttvurdering i form av eit spørjeskjema, som kan bli supplert med munnlege tilbakemeldingar frå studentane.

Litteratur

Litteraturlista er sist oppdatert 5. juli 2011.

Skjønnlitteratur:
Islendingesaga: Soga om Gisle Sursson

Ludvig Holberg: Erasmus Montanus

Bjørnson: Synnøve Solbakken

Henrik Ibsen: Vildanden

Skram: Lucie

Knut Hamsun: Sult

August Strindberg: Fröken Julie (NB: svensk utgave!!!)

Roman fra mellomkrigstida: Aksel Sandemose: En flyktning krysser sitt spor

Tarjei Vesaas: Isslottet

Dag Solstad: Genanse og verdighet

Per Olof Enquist: Kapten Nemos bibliotek (NB: svensk utgave!!!)

Karen Blixen: Vintereventyr (NB: dansk utgave!!!)

I tillegg kjem kompendium frå seksjonen med dikt og noveller. Desse vil vere tilgjengelege før semesteret startar.

Teori:
Eva Maagerø og Elise Seip Tønnessen: Å lese i alle fag, Universitetsforlaget

Anne-Kari Skardhamar: Kunsten å lese skjønnlitteratur, Universitetsforlaget 2007

Per Thomas Andersen: Norsk litteraturhistorie, Universitetsforlaget

Liestøl/Fagerjord/Hannemyr: Sammensatte tekster: arbeid med digital kompetanse i skolen; Cappelen Akademisk

Sist hentet fra Felles Studentsystem (FS) 18. juli 2024 02:47:29