LU301NOR07 Norsk 301: Litteratur (Høst 2011)

Fakta om emnet

Studiepoeng:
15
Ansvarlig avdeling:
Avdeling for lærerutdanning
Studiested:
Halden
Undervisningsspråk:
Norsk
Varighet:
½ år

Emnet er tilknyttet følgende studieprogram

Obligatorisk emne i Norsk 3 (30 studiepoeng).

Forkunnskapskrav utover opptakskrav

Studieeininga Norsk 3 krev at studentane har forkunnskapar i Norsk 1 + 2 eller tilsvarande. Ein kan ta Norsk 3 samstundes med Norsk 2, men ein vil ikkje få utskrift av karakterane frå Norsk 3 før ein har bestått Norsk 2.

Undervisningssemester

1. semester (haust).

Studentens læringsutbytte etter bestått emne

Studentane

  • kan skrive ein lengre fagartikkel om eit bestemt litterært emne der dei gjør bruk av litteraturteori
  • kan bruke litteraturteori i lesing av litterære tekstar
  • kan delta i faglege samtalar om litterære teoriar og tekstar
  • kan gå i dialog om eiga skriving og kunne nyttiggjøre seg rettleiing i samband med oppgåveskriving

Innhold

Norsk 301 er eitt litterært emne som er bygd opp av tre delar:

  • studium av litteraturvitskapeleg teori og metode
  • temastudium i litteratur
  • individuell, sjølvvald oppgåve i litteratur. Innhaldet i denne oppgåva skal normalt vere knytt til innhaldet i det litterære temastudiet.

Det faglege innhaldet i dette emnet vil variere frå studieår til studieår, men er for tida Henrik Ibsens forfattarskap.

Undervisnings- og læringsformer

Eigen aktivitet frå studentane si side står i fokus, og lærarane ved studiet fungerer som rettleiarar og rådgjevarar. Men studentane vil også møte nytt fagstoff gjennom forelesingar og seminar.

Studentane skal i løpet av studiet skrive ei semesteroppgåve i form av ein fagartikkel på om lag 10 000 ord. Oppgåva skal leverast ved slutten av semesteret og fungerer som eksamenssvar. Studentane skal ha minst to obligatoriske rettleiingar av faglærar i samband med oppgåveskrivinga, og faglærar skal godkjenne temaet for oppgåva.

Praksis

For allmennlærarstudentar gjeld eigen praksisplan. Andre studentar skal ikkje ha praksis.

Arbeidskrav - vilkår for å avlegge eksamen

  • Minst to rettleiingar hos faglærar i samband med oppgåveskrivinga
  • Godkjent tema for semesteroppgåve

Arbeidskrav må være godkjent før studentane kan framstilla seg til eksamen.

Eksamen

Eksamen består av to deleksamenar:

a) Semesteroppgåve (50 %).
Semesteroppgåva skal ha form som ein fagartikkel, og er ei heimeoppgåve det blir arbeidd med gjennom heile semesteret. 

Formelle krav: Semesteroppgåva skal ha eit omfang på om lag 10 000 ord med skriftstorleik 12 punkt (tilsvarande fonten Times New Roman eller liknande), linjeavstand 1½. Målforma er bokmål. Emnet for fagartikkelen skal vere knytt til eitt av emneområda i Norsk 301.


b) Munnleg prøve (50 %).

Prøva er på totalt ca. 45 minutt, inkludert karakterfastsetjing og tilbakemelding.


Ved eksaminasjonen kan kandidaten bli prøvd i alle delar av pensum i tillegg til innhaldet i semesteroppgåva.


Prøvene vert vurderte av ein ekstern og ein intern sensor.  Ved vurderinga vil det i tillegg til det faglege innhaldet òg bli lagt vekt på kvaliteten på den språklege dugleiken. 

Dei to deleksamenane er jambyrdige i vektinga og byggjer på eit felles kunnskapsgrunnlag. Karakterane i dei to deleksamenane i emnet vert til slutt slegne saman til éin karakter. Prestasjonane vert vurderte ut i frå ein karakterskala frå A til F.

Evaluering av emnet

Studentevaluering av emne (EVA3).

Litteratur

Litteraturlisten er sist oppdatert 4. juli 2011.

A) Tekster:

10 verk av Henrik Ibsen med hovedvekt på skuespilla fra 1877 og seinere:

Et Dukkehjem

Gengangere

En Folkefiende

Rosmersholm

Fruen fra Havet

Hedda Gabler

Bygmester Solness

Lille Eyolf

John Gabriel Borkmann

Når vi døde våkner

B) Dramateori:

  • Helleland, Wærp: Å lese drama, Universitetforlaget 2005
  • Hemmer, Bjørn: Ibsen- kunstnerens vei, Vigmostad 2003
  • Svend Christensen: Ibsen og teaterets konventioner (særlig kapitlene “Højre – venstre”, “Blomsterne” og “Belysningerne”); Gyldendalske boghandel Kbh., 1983. (Disse sidene blir lagt ut elektronisk)

C) Generell litteraturteori

  • XXX: Én litterturteoretisk artikkel som tar for seg spørsmålet om fortellerstemmer eller ironibegrepet. Sannsynligvis en tekst av Bahktin. Nøyaktig hvilken blir klar i løpet av sommeren (i kopi fra norskseksjonen)
  • Roland Barthes: Lysten ved teksten, Solum 1998
  • Victor Sjklovskij: "Kunsten som grep", I: Kittang, Atle: Moderne litteraturteori, Universitetsforlaget 1991 eller seinare
  • Leif Erik Vold: Transtekstualitet hos Ibsen (i manuskript fra seksjonen)
Sist hentet fra Felles Studentsystem (FS) 18. juli 2024 02:47:27