LU301NOR07 Norsk 301: Litteratur (Høst 2010)

Fakta om emnet

Studiepoeng:
15
Ansvarlig avdeling:
Avdeling for lærerutdanning
Studiested:
Halden
Undervisningsspråk:
Norsk
Varighet:
½ år

Emnet er tilknyttet følgende studieprogram

Obligatorisk emne i Norsk 3 (30 studiepoeng).

Forkunnskapskrav utover opptakskrav

Studieeininga Norsk 3 krev at studentane har forkunnskapar i Norsk 1 + 2 eller tilsvarande. Ein kan ta Norsk 3 samstundes med Norsk 2, men ein vil ikkje få utskrift av karakterane frå Norsk 3 før ein har bestått Norsk 2.

Undervisningssemester

1. semester (haust).

Innhold

Norsk 301 er eitt litterært emne som er bygd opp av tre delar:

  • studium av litteraturvitskapeleg teori og metode
  • temastudium i litteratur
  • individuell, sjølvvald oppgåve i litteratur. Innhaldet i denne oppgåva skal normalt vere knytt til innhaldet i det litterære temastudiet.

Det faglege innhaldet i dette emnet vil variere frå studieår til studieår, men er for tida Henrik Ibsens forfattarskap.

Undervisnings- og læringsformer

Eigen aktivitet frå studentane si side står i fokus, og lærarane ved studiet fungerer som rettleiarar og rådgjevarar. Men studentane vil også møte nytt fagstoff gjennom forelesingar og seminar.

Studentane skal i løpet av studiet skrive ei semesteroppgåve i form av ein fagartikkel på om lag 10 000 ord. Oppgåva skal leverast ved slutten av semesteret og fungerer som eksamenssvar. Studentane skal ha minst to obligatoriske rettleiingar av faglærar i samband med oppgåveskrivinga, og faglærar skal godkjenne temaet for oppgåva.

Praksis

For allmennlærarstudentar gjeld eigen praksisplan. Andre studentar skal ikkje ha praksis.

Arbeidskrav - vilkår for å avlegge eksamen

  • Minst to rettleiingar hos faglærar i samband med oppgåveskrivinga
  • Godkjent tema for semesteroppgåve

Eksamen

Eksamen består av to deleksamenar:


a) Semesteroppgåve (50 %).

Semesteroppgåva skal ha form som ein fagartikkel, og er ei heimeoppgåve det blir arbeidd med gjennom heile semesteret. 

Formelle krav: Semesteroppgåva skal ha eit omfang på om lag 10 000 ord med skriftstorleik 12 punkt (tilsvarande fonten Times New Roman eller liknande), linjeavstand 1½. Målforma er bokmål. Emnet for fagartikkelen skal vere knytt til eitt av emneområda i Norsk 301.

 


b) Munnleg prøve (50 %).

 

Prøva er på totalt ca. 45 minutt, inkludert karakterfastsetjing og tilbakemelding.


Ved eksaminasjonen kan kandidaten bli prøvd i alle delar av pensum i tillegg til innhaldet i semesteroppgåva.


Prøvene vert vurderte av ein ekstern og ein intern sensor.  Ved vurderinga vil det i tillegg til det faglege innhaldet òg bli lagt vekt på kvaliteten på den språklege dugleiken. 

Dei to prøvene er jambyrdige i vektinga og byggjer på eit felles kunnskapsgrunnlag. Dei to delkarakterane i emnet vert til slutt slegne saman til éin karakter. Prestasjonar på dei to emna på Norsk 301 vert vurderte ut i frå ein karakterskala frå A til F, der A er beste karakter, E er dårlegast beståtte karakter og F er Ikkje bestått.

Litteratur

A) Tekstar:

10 verk av Henrik Ibsen med hovudvekt på skodespela frå 1877 og seinare.

B) Dramateori:

Helleland, Wærp: Å lese drama, Universitetforlaget 2005
Hemmer, Bjørn: Ibsen- kunstnerens vei, Vigmostad 2003
George Bernhard Shaw: The Quintessence of Ibsensim; kpt I-III (s. 1- 22); Dover Publications, New York, 1994 eller seinare. 

C) Generell litteraturteori

Einar Eggen: Metafor og metonymi (i kopi frå norskseksjonen)
Roland Barthes: Lysten ved teksten, Solum 1998
Victor Sjklovskij: "Kunsten som grep", I: Kittang, Atle: Moderne litteraturteori, Universitetsforlaget 1991 eller seinare

 

Sist hentet fra Felles Studentsystem (FS) 18. juli 2024 02:47:03